Skal ha blitt dratt ut av bilen og stukken med kniv – tre menn tiltalt

19 hours ago 8


Hendinga fann stad natt til søndag 11. august i fjor. Klokka var rundt halv tre.

Ein mann skal ha blitt dratt ut av ein bil ved Nedre Elvehavn i Trondheim. Kort tid etter blei han knivstukken tre gongar.

Det skal også ha blitt ropt «snitch» under hendinga.

To av stikka gjekk fleire centimeter inn i magen og ryggen på mannen og forårsaka indre blødingar. Han måtte seinare operere ut milten.

Ifølge tiltalen var det rask medisinsk behandling som gjorde at mannen ikkje døde av skadane.

dronesøk solsiden

Politiet gjorde funn av ein kniv etter at dei søkte med ein undervassdrone.

Foto: Morten Børre Karlsen / NRK

Meiner knivstikkinga var hemn

Statsadvokatane i Trøndelag tok 9. april ut tiltale mot tre menn i 20-åra.

Ein av dei er tiltalt for drapsforsøk og truslar. Påtalemakta meiner det var han som stakk den fornærma mannen med kniv.

Den same mannen er også tiltalt for å grovt ha motarbeidd rettsvesenet ved å gjengjelde ein handling.

Ifølge tiltalen forklarte den fornærma mannen seg til politiet om ei narkosak ein av dei tiltalte mennene er tiltalt for.

Politiet har tidlegare fortalt at det skal ha blitt ropt «snitch» like før knivstikkinga.

Forsvar Morten Furuholmen fortel at klienten hans, som er tiltalt for drapsforsøk og hemnangrep, nektar straffskyld i saka.

søk med hund voldshendelse Trondheim

Politiet søkte også med hund dagen etter hendinga fann stad.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Tiltalt for grovt narkotikalovbrot

Dei to andre mennene er tiltalt for grov kroppskrenking. Påtalemakta meiner dei to mennene slo, sparka og tok kvelartak på den fornærma mannen eller medverka til dette.

Ein av disse er i tillegg tiltalt for å ha motarbeidd rettsvesenet og for grovt narkotikalovbrot.

Han skal ifølge påtalemakta ha selt eller organisert sal av til saman tre kilo hasj og 350 gram kokain til forskjellige personar.

Han skal også ha avtalt å få nær 19 kilo hasj og ein kilo med stoffet 3-CMC frakta frå Oslo til Trondheim.

Oscar Dietrichson er forsvarar for mannen som er tiltalt for narkotikalovbrotet. Han har ikkje ønskt å kommentere saka før rettssaka begynner.

Jasmin Gheshlaghi er forsvarar for den tredje mannen som er tiltalt for grov kroppskrenking.

Ho seier ho ut ifrå bevisbiletet i saka er forundra over at påtalemakta har valt å ta ut tiltale mot klienten hennar.

– Han erkjenner ikkje straffskuld etter tiltalen, seier Gheshlaghi.

Ikkje del av organisert kriminalitet

Politiadvokat John R. Sødahl Furunes seier politiet har etterforska saka grundig.

– Ein kan kanskje seie at drapsforsøket er det mest alvorlege forholdet, men det er også eit ganske stort narkotikakompleks som er ein del av tiltalen.

Furunes seier narkotika i så store kvanta alltid vil vere knytt til organiserte kriminelle miljø.

– Men det er ikkje sånn at nokon av dei som er tiltalt tilhøyrar nokon av dei kjende kriminelle grupperingane som har eigne namn.

– Det er jo tilknyting i den forstand at det dreier seg om store mengder narkotika som har kome til Trøndelag.

Saka skal opp i Trøndelag tingrett, men dato for hovudforhandlinga har enno ikkje blitt fastsett.

Publisert 02.05.2025, kl. 13.03

Read Entire Article