Blir samanlikna med Haaland: – Kanskje det er noko i vatnet?

2 hours ago 2


– Sesongen har starta veldig bra. Ein kan ikkje klage.

Elisabeth Terland er audmjuk når ho får spørsmål om korleis livet i Manchester United er.

Ho spelar sin andre sesong for klubben. Ho blei toppskårar i fjor – og er på god veg til å kunne få til det same i år.

– Når ein presterer på det laget her, så skjønar ein at ein presterer på det øvste nivået i verda, legg ho til.

Terland møter NRK på Carrington, United sitt nyoppussa treningsanlegg.

På onsdag tar ho og United i mot Vålerenga til ligaspelet i Meisterligaen.

– Det er jo ei turnering ein har lyst til å gjere det bra i. Eg har drøymt om å spele Meisterligaen heile mitt liv.

en mann som holder en flaske

OMVISING: Elisabeth Terland viser Manchester United sitt nye treningsanlegg.

Foto: Jane Rasmussen / NRK

«Kanskje det er noko i vatnet?»

24-åringen briljerte då Manchester United møtte Brann i siste kvalifiseringskamp til Meisterligaen. United vann 3–0 og Terland stod for alle måla.

– Ho er veldig, veldig fokusert. Nesten på eit intenst nivå, seier United-trenar Marc Skinner.

Han blir stadig imponert over den norske kvinna, og har tidlegare samanlikna ho med ein annan nordmann: Erling Braut Haaland.

– Inne i feltet finst det ingen som er betre til å avslutte.

Skin meiner Terland og Haaland har mange av dei same kvalitetane på fotballbanen.

– Det er noko med tankegangen til spelarane. Kanskje det er noko i vatnet? Eller noko frå området? legg han til.

Trenaren har akkurat fått opplyst at Terland og Haaland er frå Bryne begge to, og at det berre er eitt år mellom dei.

en mann og en kvinne på et jorde med en folkemengde som ser på

UNITED-TRENAR: Marc Skinner og Elisabeth Terland.

Foto: Craig Brough / Reuters / NTB
  • Kampen mellom Manchester United og Vålerenga kan du følgje klokka 20.50 på NRK TV og NRK Sport på radio.

Same spelemåte

Også NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp ser samanlikninga.

– Det er fleire ting ein kan peike konkret på som gjer dei like. Eg trur spesielt på det mentale.

en mann som står foran en innsjø

FOTBALLEKSPERT: Carl-Erik Torp.

Foto: Geir Olsen / NTB

Han listar opp:

– Det dyriske instinktet til Haaland: nase for mål, avslutningsferdigheitene, at han kjem i skåringsposisjonar, og les kor ballen dett ned. Desse tinga har Terland, spesielt det siste året, lært mykje av Haaland og blitt ganske lik, seier Torp.

Han held fram:

– Dei er avslappa, kule folk utanfor banen, som også er utruleg fokuserte på arbeidsoppgåvene som står framfor dei.

Torp meiner også å sjå fellestrekk i avslutningsferdigheitene deira.

Vil bli verdas beste spiss

– Eg synest jo det er dritkult, og det er jo berre å dra mykje motivasjon av det. Og det inspirerer meg eigentleg veldig mykje, så eg tar jo berre det som eit kjempekompliment, seier Terland om å bli samanlikna med City-spissen.

Ho fortset:

Begge to er fysiske spissar som er gode til å skåre mål. Det han driv med, er heilt ekstremt. Ein strevar mot å kunne prestere slik heile vegen, sjølv òg. Vi spelar jo litt på same spelemåte.

En gruppe kvinner i røde uniformer

HAT-TRICK: Terland, som er nummer ti på United, skåra tre mål i kampen mot Brann – eitt med venstrefot, eitt med hovudet og eitt med høgrefot.

Foto: Craig Brough / Reuters / NTB

United-spissen, som har blitt kåra til månadens beste spelar i klubben, trur ho kan nå langt.

– Eg føler jo at eg har i meg å bli den beste spissen i verda, slik som det er i verda no, seier ho.

– Eg er ikkje kjempeung, men eg er framleis ung nok til å kunne ta ein del store steg i løpet av dei neste åra, seier 24-åringen.

Publisert 08.10.2025, kl. 18.17

Read Entire Article