Skal trekke million-publikum i Rio
Den colombianske superstjerna Shakira er booka til å halde konsert på stranda Copacabana i Brasil 2. mai.
Det melder den brasilianske avisa Folha.
Ho følgjer dermed opp konsertane til Madonna i 2024 og Lady Gaga i 2025.
Det var rundt 2,1 millionar publikum på stranda under konserten til Lady Gaga.
Det er venta minst éin million når Shakira entrar scena.
Feirar 30 år med folkefest
Postgirobygget skal denne sommaren feire 30 år på scenen med stadionkonsert på Bislett stadion i 22. august.
Det folkekjære bandet er for mange nordmenn sommarminne og allsong.
Slik blir det også når dei inviterer til store konsertar i Oslo, Trondheim og Bergen.
– Det blir ikkje berre ein konsert, men ei feiring av låtane, minna og augneblikka, seier Arne Hurlen i Postgirobygget i ei pressemelding.
Tobias Sten får Dialektprisen 2025
Countryartisten Tobias Sten får Dialektprisen 2025 frå Norsk målungdom.
22-åringen har dei siste åra blitt svært populær med fengande låtar på stordamål, står det i grunngjevinga.
– Det er kult at Noregs mest populære artist ikkje berre er ein ung fyr som brukar dialekta si i låtskrivinga, men også vel å aktivt stå opp for ho i media, seier leiar i Norsk Målungdom Sebastian Vinsent Natvik.
Sten seier det er ærefullt å få prisen og at dialekta har blitt ein stor del av varemerket hans.
– Eg er jo ein fyr som er utruleg stolt av dialekta mi. Ho er uniforma mi.














English (US)