Det er tid for å lage julekalender til familie og kjente, og da kjem gjerne følgande spørsmål:
Kva skal eg finne på i år?
Kor mykje pengar skal eg bruke?
Verdien ligg i omtanken
Forfattar Anne Lene Johnsen elskar førjulstida og julekalender-tradisjonen.
Ho har akkurat gitt ut «Den store julekalenderboka» kor ho slår eit slag for kreative og rimelege julekalendrar.
– Eg heiar på at vi droppar dei dyre variantane, og satsar på noko som kjem frå hjartet. Noko du har brukt tid på å lage.
– Verdien i ein julekalender er jo ikkje prisen på pakkane. Det er omtanken som tel.
Kva slags kalender ønskjer du deg? 🎅
– Har tatt altfor mykje av
Johansen gir bort mange julekalendrar sjølv og meiner dei heimelaga er ei omsorgsfull og kjærleg gåve, til både barn og vaksne.
– Boka mi er ei motvekt til dei dyre kalendrane der barna får ein mobiltelefon 7. desember.
– Eg synest det har tatt altfor mykje av, og det er eg sikker på at mange foreldre er einige med meg i.
Her er Johnsen sju tips til alternative og rimelege julekalendrar:
Komplimentkalender
– Dette er min favoritt. Her kan du spørje 24 personar du kjenner om å seie noko fint om deg.
Kvar dag får du ein lapp, eller digital melding, med eit kompliment.
– Alle vil ha ein slik kalender, meiner Johansen.
Lære-bort-kalender
For deg som er kunnskapsrik. Viss du er flink til noko kan du gi bort kunnskapen din.
– Det kan for eksempel vere tips til korleis du kan bli flinkare til å synge, skrive eller kva som helst.
Kjerringråd-kalender
Kan vere ein genial idé for dei som flyttar på hybel, eller for alle som er på utkikk etter smarte måtar å gjere ting på.
– Dette er ein kalender eg hadde elska å få sjølv, seier Johnsen.
Handarbeidskalender
Her kan du gi bort ting du har laga, eller oppskrifter. Dette kan du gjere saman med barna, tipsar forfattaren.
Hjernetrimkalender
– Dette er ein av signaturkalendrane mine. Kvar dag ligg det ei gåte, rebus eller quizoppgåve, for å få i gang dei små grå.
Svara kan enten leggast i kalenderluka eller mottakaren kan få beskjed om å ringe deg for å få svaret.
Kaffi/te/sjokoladekalender med treningstips
– Eg har sjølv fått ein tekalender i år. Sjokoladekalender er klassisk. Tipset mitt er å lage ein sjokoladekalender med eigen sjokolade og eige krydder.
Og viss du har ein draum om å gå ei sprekare juletid i vente, går det an å kombinere med denne kalenderen:
– Ein artig vri er å gi ein lapp med ti situps.
Fleire kalenderidear
Du kan fylle kalenderen med fotografi, spelelister, vitsar eller kanskje dikt.
Rekk du ikkje å lage noko?
Viss tida ikkje strekk til har julekalender-entusiast Johansen eit godt råd;
– Da er forslaget mitt at du lagar ein familieaktivitetskalender med ting du uansett skal ha gjort før jul.
Kvar dag, ei ny oppgåve, som for eksempel å bake, vaske eller pynte.
– Barn liker å gjere ting saman med dei vaksne, avsluttar Anne Lene Johnsen.
Kva er ditt beste julekalenderforslag? Del det gjerne med oss!
Publisert 15.11.2024, kl. 11.47