Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
Nesten ni av ti pasientar som har fleire sjukdommar, hadde feil i listene over legemidla dei skal ta. Feila kan i verste fall vera alvorlege.
Den klart vanlegaste feilen var at pasienten brukte medisinar som ikkje stod på legemiddellista frå sjukehuset. (Illustrasjonsfoto: Shutterstock / NTB)
Talet på pasientar som brukar fleire legemiddel, aukar i takt med at levealderen aukar. For desse pasientane er legemiddellister ei nyttig oversikt for både behandlarar og pasienten sjølv.
Men nytten minkar dersom listene ikkje stemmer overeins med det pasienten faktisk brukar.
– Folk som brukar mange legemiddel, gjer det ofte fordi dei har fleire ulike sjukdommar. Desse pasientane har auka risiko for sjukehusinnleggingar enn andre. Dei har også kontakt med fleire delar av helsevesenet.
Det fortel forskar Malin O. Syversen ved Farmasøytisk institutt på Universitetet i Oslo.
– Det er kjend frå før at det oppstår feil i legemiddellistene ved overføring mellom institusjonar eller frå institusjon til heim. Vi ynskte å finna ut kor mange pasientar dette gjaldt for etter at dei var utskrivne frå sjukehus.
Relevant på kort sikt
Forskarane reiste derfor rundt i heile Oslo for å snakka med 150 heimebuande pasientar. Dei brukte alle fire legemiddel eller meir, ei til to veker etter utskrivinga.
Slik kunne forskarane med sjølvsyn sjå korleis pasientane tok medisinane sine. Sjølv om dei var førebudde på at det ville vera avvik, var talet på avvik oppsiktsvekkjande høgt.
– Heile 88 prosent, nesten ni av ti, hadde minst eit avvik frå legemiddellista frå sjukehuset. Mange hadde fleire. Det meste vi fann, var ti avvik på ei og same liste, seier Syversen.

– Dei fleste av avvika var heldigvis ganske små og uskuldige, seier Malin Olsen Syversen. (Foto: Adam R. Babinski / UiO)
– Dei fleste av avvika var heldigvis ganske små og uskuldige. Men fem prosent av feila hadde potensial til på kort sikt å ha ein effekt på pasienten – i desse tilfella ein negativ effekt.
Dosering, styrke og tidspunkt
På lang sikt var risikoen betydeleg større. Så mange som 28 prosent av avvika kunne potensielt få ein negativ effekt.
– Den klart vanlegaste feilen var at pasienten brukte medisinar som ikkje stod på legemiddellista frå sjukehuset. Det omvende var òg vanleg: at medisinar stod på legemiddellista utan at pasienten brukte dei, forklarar Syversen.
– Resten av feila var knytt til dosering, styrke og når legemiddelet skulle takast.
Endra medisinering etter utskriving
Å finna feila er ein ting, men skal ein få ned talet på dei, må ein òg vita kva dei kjem av.
Syversen har sett på det òg.
– Den klart vanlegaste årsaka vi registrerte, var såkalla manglande eller utilstrekkeleg legemiddelsamstemming under sjukehusopphaldet. Det betyr at ein ikkje har sikra at det som står oppført på legemiddellista, inklusive endringar, stemmer over eins med kva pasienten faktisk brukte før sjukehusopphaldet, seier Syversen.
Ho fortel at dette utgjorde nesten to tredelar av alle feila.
Andre vanlege årsaker ho fann, var at pasienten bevisst valde å endra medisinregimet eller at informasjonen frå sjukehuset mangla eller var mangelfull.
– At pasienten sin fastlege i samråd med pasienten endra medisineringa etter utskriving, var òg blant årsakene.
Meir sårbare for komplikasjonar
Syversen ser betre rutinar for legemiddelsikkerheit i sjukehusa som det beste botemiddelet mot problemet.
– Når det er ei sjeldanheit at ein pasient kjem ut frå sjukehuset med ei riktig legemiddelliste, seier det seg sjølv at det ikkje er bra nok, slår ho fast.
– Pasientar som brukar så mange legemiddel, gjer det fordi dei har tilsvarande mange tilstandar som krev behandling. Dei er dermed meir sårbare for biverknadar eller andre komplikasjonar som fylgje av feil legemiddelbruk.
Referanse:
Malin Olsen Syversen mfl.: Discrepancies in medication lists after hospital discharge in patients with multiple long-term conditions. Research in Social and Administrative Pharmacy, 2025. Doi.org/10.1016/j.sapharm.2025.03.062
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER