Sjå ønskelista: 30 vegprosjekt som skal bli prioritert dei neste åra

3 hours ago 4


Kva for nokre vegprosjekt og vegutbyggingar skal prioriterast dei neste åra?

I dag la Statens vegvesen fram ei «ønskeliste» over 30 store prosjekt.

Men dette er planar som også må få støtte politisk, og det betyr mellom anna at mange av dei ikkje har pengar til finansiering enno.

Dette er dei høgast prioriterte prosjekta:

  • E16 Hylland-Slæen: 6,3 kilometer lang tunnel mellom Aurland og Voss som erstattar to eldre tunnelar i Stalheimskleivi. Vegen blir korta ned med to kilometer.
  • Ny rv. 94 Saragammen-Rypefjord: Det blir planlagt tunnel og ny veg i dagen for å gjere innfarten til Hammerfest, sjukehuset og Melkøya meir trafikksikker og framkommeleg.
  • E39 Smiene-Harestad: Vil binde saman E39 Rogfast og Eiganestunnelen mot Stavanger sentrum. Vegen blir planlagd med fire felt med midtrekkverk og tre planskilde kryss som vil gi betre trafikkflyt i Stavanger.

Kart som illustrerer hvor ny tunnel mellom Hylland og Slæn skal ligge.

Foto: Illustrasjon

Samfunnsnytte

Oversikta inkluderer geografisk plassering samt estimerte kostnader for kvart prosjekt.

Målet er å forbetre norsk infrastruktur og styrke miljøvennlege løysingar for transportsektoren.

Vegvesenet portefølje består av vegprosjekt under planlegging. Porteføljen blir slik at dei mest «modne» og samfunnsnyttige prosjekta blir rangert høgt.

– Øvst på lista er prosjekt som er ferdig planlagde med kvalitetssikra kostnader, seier vegdirektør Ingrid Dahl Hovland.

Til saman 30 prosjekt er med i Vegvesenets portefølje av store utbyggingsprosjekt.

Riksvei 94, rasområder, Leirvika.

Den rasfarlege riksveg 94 i Finnmark er prioritert på andre plass i Statens vegvesen si liste. Biletet er frå Leirvika.

Foto: Allan Klo / NRK

Prioriterte prosjekt blir realisert

Kostnadsoverslaget på heile porteføljen er om lag 100 milliardar kroner. Samanlikna med prioriteringa i 2023, er seks av dei sju øvst prosjekta starta opp, eller har bindande tilsegn om finansiering.

Tunnel og rassikring er høgast prioritert.

Dei 11 øvste prosjekta er dei prosjekta som er prioriterte i første seksårsperiode av nasjonal transportplan for 2025 – 2037. Prosjekta frå 11 til 30 er rangerte etter netto nytte.

Ambisjonen er at prosjekta blir realiserte i løpet av 12-årsperioden, men det er avhengig av rammene i dei årlege budsjetta. Prosjekt som blei flytta til utviklingsporteføljen i NTP er ikkje med på lista.

Publisert 19.05.2025, kl. 09.11 Oppdatert 19.05.2025, kl. 09.19

Read Entire Article