Sjå korallrevet i Oslofjorden minutt for minutt

19 hours ago 6


Denne artikkelen er produsert og finansiert av Havforskningsinstituttet - les mer.

Forskarar tek ein helsesjekk på Tislerrevet i Ytre Oslofjord. Her kan du sjå video av korallrevet.

– Nokre av desse områda har aldri vorte undersøkte før, seier toktleiar Frithjof Moy.

Denne veka dukkar Moy og kollegaene under overflata i Ytre Oslofjorden. Nærare bestemt i Ytre Hvaler nasjonalpark.

Der skal dei kartlegge korallane som lever i fjorden og undersøke spora av menneskeleg aktivitet på botnen. 

Minutt for minutt

Ein av stadane dei tek føre seg, er Tislerrevet. Det er eit av Noregs største kystnære korallrev. 

Revet er truleg 1.200 meter langt og 200 meter breitt. Det er sett saman av fleire koralltoppar. 

Kaldtvasskorallrevet vart oppdaga i 2002. Først 20 år seinare kartla forskarar frå Havforskningsinstituttet (HI) revet for første gong.

No besøker dei det igjen – og strøymer kartlegginga direkte.

Koraller

Forskarane brukar ROVen «Freyja» til å kartlegge Tisler-revet i Ytre Hvaler nasjonalpark. (Foto: HI)

Koralldoktor på heimebesøk

Som korallrev flest består Tislerrevet av både levande og daude korallar. Nye korallar veks vidare på ryggen av gamle korallskjelett. 

Slik vert korallrev bygde opp gjennom tusenvis av år. 

– Dette er første gong det vert utført ein helsesjekk på korallrevet, seier havforskar Tina Kutti. Ho er ansvarleg for legetimen til Tisler-korallane. 

Ein helsesjekk for korallar har fleire steg. Først skal havforskarane vurdere tilstanden til korallrevet visuelt. 

Tislerrevet

Tislerrevet er eit stort, unikt og kystnært korallrev ved Tisler i Ytre Hvaler nasjonalpark. 

Truleg er det 1.200 meter langt og 200 meter breitt. 

Vart oppdaga i 2002 av den svenske forskaren Thomas Lundälv ved Tjärnö marinbiologiske stasjon.

Medan undervassfarkosten (ROV) med kamera filmar løyper på havbotnen, sit Kutti og kollegaane om bord på forskingsfartøyet «G.O. Sars» og studerer sendinga: Ser korallane friske ut? 

– Tislerrevet er eit Lophelia-rev. Det er bygd av steinkorallen som heiter augekorall. Frå synet åleine er det betre å studere blautkorallane som ofte veks mellom steinkorallane. Det er enklare å sjå nekrose og berre skjelettet hos desse, forklarar havforskaren.

Men ho nøyer seg ikkje med ei overflatevurdering. 

Tek pulsen på levande korallar

Nasjonalparken har gjeve Kutti løyve til å samle inn små fragment av levande korallar. Desse skal ROV-ane forsiktig plukke frå korallrevet og ta med seg opp att på dekk.

Her vert dei sette i inkubasjonskammer. Det er ei lita korallkuvøse.

– Vi skal «ta pulsen» på korallane. Vi skal måle kor mykje oksygen dei tek opp og kor mykje avfallsprodukt dei produserer, forklarar Kutti. 

Seinare, tilbake på fastlandet, skal korallane også verte undersøkt i laboratoriet. 

Til saman skal desse analysane gje eit samlebilete på helsa til korallrevet.

Menneskelege spor? 

Det andre hovudføremålet med toktet er å undersøke det menneskelege fotavtrykket på botnen.

Då Tislerrevet først vart oppdaga i 2002, vart det også oppdaga at det bar skadar. To år seinare vart det innført trålforbod for å verne korallane. 

Dette vernet vart styrkt då Ytre Hvaler nasjonalpark vart oppretta i 2009, med ei eiga trålfri sone rundt Søsterøyene, der det òg er funne korallar.

– Då vi kartla området i 2022, såg vi ikkje trålspor eller andre store menneskelege fotavtrykk i det beskytta området av Tislerrevet, seier Frithjof Moy. 

– No kartlegg vi òg det store verneområdet rundt Søsterøyene.

Fra om bord i båt

For å kartlegge korallane i Ytre Oslofjord brukar forskarane mellom anna ein sjølvgåande undervassfarkost (AUV). Denne køyrer løyper langs korallrevet og samlar data med ekkolodd, sonar og kamera. (Foto: Frithjof Moy / Havforskingsinstituttet)

Men kva med områda utanfor dei trålfrie sonene? 

Fiskeridata syner kor hardt dei ulike delane av Ytre Oslofjord utan forbod vert tråla frå år til år. Dette er viktige område for rekefisket i fjorden.

– Vi kartlegg både innanfor og utanfor desse trålfrie sonene. Eit av spørsmåla er om vi kan sjå effektar av trålforbodet, seier havforskaren. 

Moderne armada

For å få eit så nøyaktig bilete som råd tek forskarane i bruk ein høgteknologisk armada på toktet. 

– Vi kartlegg med dei mest moderne metodane – både på overflata og under, seier Moy og forklarar: 

– Vi har ein sjølvgåande undervassfarkost som målar opp botnen med foto og akustiske instrument. I tillegg testar vi ein sjølvkøyrande overflatefarkost. Han måler opp havbotnen på jakt etter korallar. Sist, men ikkje minst, sender ein ROV opp video frå djupet.

Om Frisk Oslofjord

Toktet byggjer vidare på prosjektet Frisk Oslofjord. 

Første del av prosjektet (2018–2024) hadde som delmål: 

1) Å utvikle marine økologiske grunnkart i Færder og Ytre Hvaler nasjonalparkar.

2) Prøve ut nye teknologiar for kartlegging og overvaking.

3) Formidle kunnskap om det marine miljøet til forvaltning og befolkninga, spesielt barn og unge. 

No vert kartlegginga vidareført med fokus på korallførekomstar og djupvass-samfunn i Ytre Oslofjord, finansiert av Miljødirektoratet.

forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER

Read Entire Article