I meldingane som magasinet no deler skjermdumpar av, står det mellom anna nøyaktig tidspunkt for når amerikanske fly tok av i retning Jemen.
The Atlantic sin redaktør Jeffrey Goldberg blei lagt til i gruppechatten med eit uhell. Han fekk detaljerte skildringar av det komande angrepet to timar før det inntraff.
– Om denne informasjonen hadde hamna i feil hender, kunne amerikanske pilotar og anna amerikansk personell blitt utsett for enno større fare, skriv redaktøren.
Den uavhengige organisasjonen Yemen Data Project skriv i dag at minst 25 sivile jemenittar blei drepne i angrepet, fire av dei barn.
– Viktig for offentlegheita
The Atlantic-redaktør Jeffrey Goldberg ville først ikkje publisere heile meldingsloggen då han fortalte korleis han med eit uhell var blitt lagt til i ein gruppechat der planane for eit amerikansk angrep mot Jemen blei diskuterte.
Ein del av informasjonen som kom fram i meldingane, var for sensitive og graderte, meinte Goldberg, som nøydde seg med å dele brottstykke av meldingsloggen.
Mike Waltz og Pete Hegseth.
Foto: LUDOVIC MARIN / AFP / NTBMen då artikkelen i The Atlantic blei publisert, gjekk det kort tid før Trump-administrasjonen avfeide alvoret. Fleire hevda nemleg at det ikkje var blitt delt gradert informasjon i gruppa.
Difor har magasinet bestemt seg for å dele meir av angrepsplanane i loggen likevel. I artikkelen legg Goldberg ved ei rekke
Avviste at informasjonen var hemmeleg
Ein reporter som spurde forsvarsminister Pete Hegseth om kvifor han hadde delt graderte angrepsplanar på ein meldingsapp, svarte han:
– Ingen teksta om krigsplanar. Det er alt eg har å seie om det.
Tulsi Gabbard og John Ratcliffe.
Foto: ANDREW HARNIK / AFP / NTBEtterretningssjef Tulsi Gabbar og CIA-sjef John Ratcliffe svarte også at ingen hemmelegstempla opplysningar blei delte i chatgruppa.
Også Donald Trump svarte at det ikkje var snakk om gradert informasjon.
Publisert 26.03.2025, kl. 14.08 Oppdatert 26.03.2025, kl. 14.24