– Oi, dæven. Det er ikkje ein bart eg vil ha. Den var ikkje fin. Men kva er det som har skjedd der då?, spør handballspelar Simen Lyse, då vi syner bilete av den hovne leppa til landslagskompisen.
Mannen bak leppa, Kent Robin Tønnesen, er først litt nølande, då NRK tek opp spørsmålet med han.
– Semifinalen 2011? No er eg litt blank.
Men han skjønar raskt kva episode vi har i tankane.
– Ja, det huskar eg veldig godt. Det var ei morosam historie det, seier han med eit smil.
Episoden han snakkar om skjedde tilbake i 2011, og er noko han framleis får tyn for. Den då 19 år gamle Tønnesen og klubben hans Haslum var klar for semifinale mot Drammen.
Men veka før tok han eit val han sidan har angre på.
– Eg hadde vel nokon få hårstrå i ansiktet, som eg skulle ta sambuaren sin augebrynsfarge på. Lét den vere på nokon minutt, og var vel eigentleg ganske nøgd med den barten der i nokon vekers tid, før eg vakna opp ei natt og vart ordentleg dårleg.
- Håpet om kvartfinale lever framleis for Noreg. Fredag speler dei mot Chile. Kampen startar 20.30. Du kan høyre kampen på radiokanalen NRK Sport, med sendestart 19.45.
Mista semifinalen
Natta enda med oppkast. Dagen etterpå bar det rett til sjukehus. Han hadde nemleg fått ein ekstrem allergisk reaksjon.
– Det hadde blitt ganske så hovent der då, fortel han og tek seg til overleppa.
Den 195 centimeter høge høgre bakspelaren til Noreg kan le av historia i dag og den får fram smilet, etter eit VM på heimebane som har vore ein stor nedtur.
33-åringen og det norske landslaget tapte både mot Portugal og Brasil i den innleiande runden. Noreg gjekk dermed inn i hovudrunden med null poeng.
Semifinalen mot Drammen tilbake i 2011 vart også ein skuffelse for Tønnesen, som i dag spelar for Paris Saint-Germain.
Grunna den allergiske reaksjonen mista han heile kampen.
– Nei, det var pinleg, pinleg hending, minnast han.
– Kor mykje tyn har du fått for dette?
– Nok, vil eg sei.
Og Tønnesen er ikkje berre glad for at NRK drar den gamle historia opp av hatten.
– Det er mange år sidan skjønar du. Så no tenkte eg; at no er det borte. Men det er greitt det, ler den norske bakspelaren.
– Du har rett og slett fått høyre om den tabben ei stund etterpå?
– Eg har fått høyre den. Eg høyrer framleis på den. Så den blir ikkje gløymt, konstaterer Tønnesen.
Trønderane har det i blodet?
Trønderen Simen Lyse, som den gong berre var elleve år, har sjølv blitt ein snakkis under VM med sin frekke hockeysveis og ekte trønder-bart.
Etter å ha fått tyn både av lagkompisar og utanfor bana blir han lattermild, då vi fortel han Tønnesen si historie.
– Eg har ikkje peiling på at han har hatt bart. Kan ikkje sjå for meg at han har hatt bart, før han legg til;
– Kanskje karma for å få seg ein bart, når ein ikkje har det.
24-åringen, som debuterte for Noreg under EM i fjor, bedyrar at han aldri har latt seg freiste til å pynte på eigen bart. Men han utelukkar ikkje at trønderane kanskje har ein medfødt fordel for bartevekst i blodet.
– Eg har ikkje så god skjeggvekst, men ok bart. Eg har jo veldig mørkt hår, så det hjelp jo det. Eg kjem til å la barten vere som den er no iallfall.
Heller ikkje Tønnesen lar seg freiste til å prøve og sminke barten igjen – med det første, rett nok.
– Det blir vel når det byrjar å bli litt meir grått då.
Publisert 24.01.2025, kl. 11.42