Gratis ferjer, freda sjukehustilbod og billegare fly og barnehage.
Alle eksempel på at Senterpartiet har levert på fleire av valløftene sine.
Likevel er målingane dårlege, med kraftig tilbakegang frå valet for fire år sidan (−11,7 prosentpoeng på siste måling i desember).
Veljarane deira har dei hovudsakleg mista til Arbeidarpartiet og Framstegspartiet, den same tendensen som i resten av landet. I desember hamna Senterpartiet under sperregrensa med sine 3,8 prosent oppslutning nasjonalt.
Men Senterpartiet gjer tydelegvis ikkje opp. No vil dei innføre gratis hurtigbåtar.
– Det er jo det neste steget, seier Sigbjørn Gjelsvik, som er leiar for transportkomiteen på Stortinget og medlem av programkomiteen til Senterpartiet.
– No treng vi å få gratis hurtigbåtar, etter same prinsipp som ferjene, til øysamfunn og mange andre plassar langs kysten. Det fortener både folk og næringsliv.
Nokre hundre millionar
Som eit av landets største ferjefylke, har stappfulle ferjer og mannskapsmangel vore gjengangarar om sommaren. At ferjene blei gratis har heller ikkje redusert talet på reisande.
– Når både ferjene og hurtigbåtar blir gratis, vil det gjere det vanskelegare for fylka å tilpasse etterspurnaden?
– Det vi seier i programmet er at staten må kompensere for det at det er auka behov for kapasitet. Og vi ønsker jo at fleire skal reise, at det skal vere behov for å sette inn fleire ferjer og hurtigbåtar. Då må fylka bli kompensert for det slik at ein får eit godt tilbod.
Ifølge han vil ikkje prislappen bli så dyr.
– Kanskje nokre hundre millionar kroner. Og det har vi definitivt råd til i Noreg. Samferdsel er viktig i eit langstrekt land som Noreg, vi må sikre gode kommunikasjonar, seier han.
Underskot på 16,7 millionar
Regjeringa si gåvepakke om gratis ferjer til dei reisande i Noreg har kosta for fylkeskommunane.
Nordland fylkeskommune har hatt eit underskot på 16,8 millionar kroner på grunn av underfinansiering av gratis ferjer, altså at staten ikkje har dekka alle utgiftene.
Det legg ytterlegare stein til byrda i ein allereie pressa fylkesøkonomi.
Fylkesrådsleiar Svein Øien Eggesvik (Sp) i Nordland kan ikkje garantere at fylka får nok pengar denne gongen. Men det er målet.
– Vi håpar på det. Vi har jo tatt ned prisen på hurtigbåt i Nordland i to rundar, først med 25 prosent 1. juli 2023, og 25 prosent første januar 2024. Vi ønsker jo å få dette dekka inn frå staten, så ønsker vi at det blir kompensert fullt ut. Det er veldig viktig for oss.
– Kva gjer de for å få det til?
– Vi sender melding til staten om at vi ønsker å få dekka ut det som vi har i manko på ferjer. For Nordland er ikkje det ein veldig stor sum, men det er 16–17 millionar som vi har i underdekning.
Positive til forslaget
Ein som godt kan tenke seg gratis hurtigbåt, er Steinar Taraldsen.
– Eg synest det høyrest fornuftig ut. Så lenge ferjene er gratis, så bør jo hurtigbåtane også vere gratis. Det er jo mange som bur på øyer kor dei har behov for hurtigbåt, så det er jo litt urettferdig viss berre ferjene er gratis.
Samstundes meiner han at turistar bør betale for billetten.
– Vi ser at gratisferjene blir fylt opp av turistar, så lokalbefolkninga har eigentleg ikkje noko tilbod når ferjene blitt fylt opp av bubilar.
Dette kjenner fylkesråd for samferdsel i Nordland, Marianne Dobak Kvensjø (H), seg igjen i.
– Dårleg erfaring
– Eg trur alle som får noko som enten blir billigare eller heilt gratis å ta, er fornøgde med det. Men så er det sånn at alt har jo ein pris. Det betyr at dette skal finansierast av folk sine skattepengar, seier ho.
Innføringa av gratis ferjer og redusert pris på kortbanenettet har ført til auka etterspørsel, utan at det har ført til hyppigare avgangar eller blitt fullfinansiert, seier ho.
– Så alle ting ein no må innføre, må ein også ha tenkt gjennom på korleis ein skal møte etterspørselen framover.
Difor har ho delte meiningar om ei eventuell innføring av gratis hurtigbåt.
– Vi har jo ein del dårlege erfaringar med gratis ferjer. Både måten det blei innført på og ikkje minst at vi ikkje får fullfinansiert dei kostnadane vi har, seier ho og legg til:
– No har Senterpartiet sete i regjering i snart fire år og vi har framleis ikkje fått dette fullfinansiert. Vi ser er at våre innbyggarar og næringsliv står att på kaia når ferja går og det er ei bekymring vi vil sjå om vi innfører gratis hurtigbåtar.
Tarjei Svalbjørg i Nordland Venstre, og førstekandidat til Stortinget, er ikkje imponert over forslaget.
– Smått utruleg
Han meiner at kysten treng fleire avgangar og båtar som faktisk går, og ikkje gratisbillettar.
– Det er smått utruleg at Senterpartiet startar året med eit løfte om gratis hurtigbåt, etter ein haust med dramatiske kutt i talet hurtigbåtavgangar i Nordland.
– Når eg pratar med folk på hurtigbåten heim til Steigen, så er det nærast unison einigheit om at det er betre å betale ein rimeleg pris for billetten, enn å ha ein gratis båt som knapt går.
Difor meiner han at regjeringa heller skal konsentrere seg om å føre ein politikk som får ned renta og stansar kritiske kutt i skule, helse og samferdsel.
Publisert 11.01.2025, kl. 16.24