I hagen ovanfor huset på Ellingsøya står ei oransjmåla oksevogn, carreta. Typisk i Costa Rica, uvanleg på Sunnmøre.
– Det er landet eg er fødd i og det betyr mykje for meg, seier Sandra Vanessa Borhaug (41).
Ho kom til Noreg i 1986 saman med to søsken, og blei adoptert til ein familie på Sunnmøre. Sjølv var Sandra berre halvanna år og minnest ingenting av dette.
No har ho skrive norsk adopsjonshistorie: Som den første i landet har ho blitt adoptert tilbake til den biologiske mora i utlandet gjennom ein vaksenadopsjon.
No står den biologiske mora til Sandra oppført som mora hennar i Folkeregisteret. Ho er dermed ikkje juridisk tilknytt adoptivfamilien.
Foto: Remi Sagen / NRKVanskeleg oppvekst
Minna om oppveksten på Sunnmøre sitt hardt i. Ho seier ho følte frykt, djup einsemd og ei samanhengande kjensle av å vere utanfor.
Sandra opplevde barndommen som vanskeleg, men vil ikkje gå i detaljar. I ettertid har ho fått rettferdsvederlag frå staten, fordi barnevernet ikkje greip inn tilstrekkeleg.
Adoptivfaren som Sandra har brote kontakten med, avviser skuldingane om ein vanskeleg barndom. Han har likevel samtykka til den juridiske vaksenadopsjonen som no har funne stad. Adoptivmora er død.
Det var nettavisa Utrop som først fortalde historia.
Oksevogna, carreta, er eit av dei viktigaste kultursymbola i Costa Rica.
Foto: Remi Sagen / NRKSkiltet utanfor inngangsdøra på hagestova.
Foto: Remi Sagen / NRKPå stovebordet er det dekorert med tradisjonell pynt frå Costa Rica.
Foto: Remi Sagen / NRK
Vaksinasjonskort blei nøkkelen
Heime i stova er det fleire bilete av Sandra si biologiske mor; Cristina Inez Zuñiga.
Jakta på sanninga starta då Sandra var 18 år. Ho ville finne den biologiske familien, men det einaste adopsjonspapira viste var at ho kom frå Costa Rica. Vedlagt var der eit vaksinasjonskort, som skulle vere meir verdt enn ho trudde.
Tre år etter pakka ho sekken og starta leitinga etter foreldra i eit framand land. Takka vere vaksinasjonskortet kunne styresmaktene i Costa Rica finne både namn og adresse.
Ho fekk hjelp av ein lokal drosjesjåfør, og berre få timar etter trefte ho den vesle kvinna med stort hår i hestehale. Mora.
– Ho klemte meg og gråt og var veldig glad. Eg var overvelda, seier Sandra.
Sidan den dagen har ho utvikla ein relasjon til mora. Ho har lært seg spansk, og dei fire barna til Sandra kallar Cristina for «abuela», mormor. Den biologiske faren hennar er død.
Sandra har hatt kontakt med mora si sidan ho møtte henne som 21-åring.
Foto: privatKan søke om statsborgarskap
Dei to kvinnene har dagleg kontakt på telefon eller meldingar.
– Hola, como estas, seier Sandra. Ho har ringt til mamma, men på grunn av ustabil nettdekning i Costa Rica brukar dei ikkje kameraet i dag.
Mora har fortald til Sandra at ho aldri samtykka til adopsjon, men at barna var borte då ho kom heim frå jobb.
Sandra har lært seg spansk og kan føre ein daglegdags samtale med mora.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKPå telefon denne dagen seier Cristina at ho er glad for vedtaket i Noreg om at ho får adoptere tilbake Sandra. Ho ynskjer ikkje å bli intervjua.
Sandra er utdanna jurist og har brukt mykje tid på regelverket for å finne ein måte å juridisk tilhøyre mora igjen på, gjennom vaksenadopsjon.
– For meg var det naturleg. No står det i folkeregisteret at ho er mora mi. Eg kan også bli kostarikansk statsborgar, visst eg ynskjer det i framtida, seier 41-åringen.
Dei to kvinnene snakkar eller sender meldingar til kvarandre dagleg.
Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRKAdopterer stebarn og fosterbarn
Bufdir får svært få søknader om tilbakeadopsjon av biologiske barn.
– I dei tilfella det skjer er det biologiske barn fødd i Noreg, seier Bente Therese Bekkhus. Ho er avdelingsdirektør i Bufdir.
I 2025 blei totalt 203 vaksne adoptert i Noreg. Med eitt unntak gjeld dette stebarnsadopsjon av vaksne eller adopsjon av tidlegare fosterbarn.
Granskar adopsjonar
Saka til Sandra kjem samstundes som at regjeringa granskar utanlandsadopsjonar.
Det har blitt avdekt at mødrer har blitt fråtekne barna sine mot si vilje og at barn har blitt selt.
Noreg har stansa nesten alle utanlandsadopsjonar midlertidig.
Kutta samarbeid på 90-talet
Sidsel Elie Aas, som er dagleg leiar Adopsjonsforum, vil ikkje spekulere i om adopsjonssaka til Sandra og søskena skjedde ulovleg. Ho trur at den pågåande granskinga kan gi betre svar.
Adopsjonsforum slutta å samarbeide med Costa Rica i 1992.
Granskingsutvalet skal kome med sin rapport i juni og etter det skal politikarane å bestemme om det skal vere lov å adoptere frå utlandet i framtida.
– Det er absolutt mogleg at det blir full stopp, seier Aas.
Ho meiner det er stor forskjell på adopsjonane tilbake i tid og korleis dei blir kontrollerte i dag.
Sidsel Elie Aas er dagleg leiar for Adopsjonsforum. Organisasjonen er den einaste som framleis formidlar adopsjonar, men berre frå Colombia.
Foto: Patrick da Silva Sæther / NRKBør få hjelp i eige land
Sandra er klar i si tale: Ho meiner at i staden for utanlandsadopsjonar bør barn og familiar få hjelp i sine eigne heimland.
– Det handlar både om å få vere i den kulturen du er født inn i, og bevare språket du har. Det er veldig krevjande å bli flytta slik, seier Sandra Vanessa Borhaug.
– Men kva visst landet ikkje har ei fungerande barnevernteneste eller hjelpeapparat?
– Det kostar ca 250 000 kr sist eg undersøkte berre i administrasjonskostnadar ved å flytte eit barn i adopsjonsprosess. Dette er pengar ein kan nytte til å støtte familiane framføre å ta vekk barna deira, meiner Borhaug.
Ferie i heimlandet
No ser Sandra framover og gler seg til neste ferietur til heimlandet. Då vil ho vise barna den katolske kyrkja oldefaren hennar var med å bygge.
Firebarnsmora aner ikkje korleis livet hennar kunne ha vore dersom ho ikkje vart flytta til Noreg som barn.
– Det hadde absolutt vore mogleg å skape seg eit godt liv, trur 41-åringen.
På stovebordet er det også innslag frå heimlandet Costa Rica. Den hekla blomen er det mamma Cristina som har laga.
Foto: Remi Sagen / NRKPublisert 04.05.2026, kl. 14.03















English (US)