Denne artikkelen er produsert og finansiert av Universitetet i Oslo - les mer.
I såkalte regulatoriske sandkasser møtest entreprenørar og offentlege tilsyn. (Foto: Colourbox)
Ja, seier entreprenørane. Dei opplever samarbeidet som berikande.
Innovasjonar handlar alltid om noko nytt. Korleis kan entreprenørane, dei som utviklar nye løysingar, forholda seg til gjeldande lover og reglar?
I 2016 tok det engelske finanstilsynet i bruk såkalla regulatoriske sandkasser. Det er eit kontrollert testmiljø. Her kunne entreprenørar utvikla ideane sine innanfor gjeldande regelverk.
– Norske tilsyn såg raskt at dette var interessant. Spesielt Datatilsynet og Finanstilsynet, seier forskar Kristin Undheim ved Institutt for informatikk på Universitetet i Oslo.
Ho forklarer at samfunnet har to ulike interesser som fort kan koma i konflikt: På den eine sida skal nye løysingar og produkt vera til nytte. På den andre sida må dei nye løysingane samtidig ivareta personvern og følgja gjeldande lover.
Frykt for at kreativiteten vert strupt
Undheim forskar på digitalt entreprenørskap. Frå innsida har ho fulgt prosessane i dei regulatoriske sandkassene til Datatilsynet, som ho rosar for å vera transparente.
– Det er ikkje så mange bedrifter som får anledning til å leika i tilsyna sine sandkasser, fortel ho.
Den utvalde bedrifta som får ta del i ei slik sandkasse, bør også kunne vera rettleiande for fleire andre bedrifter.
Tilsyna har pleidd å lysa ut sandkasser i søknadsrundar, men Finanstilsynet har gått over til laupande oppstart. Bedriftene og tilsyna går deretter inn i ein seks til åtte månadars prosess med regelmessige workshops.
Ho har undersøkt kvifor entreprenøren vil gå i så tett dialog med tilsyna.
– Kva får dei ut av det? Frå utsida har nokre frykta at byråkratane skal strupa kreativiteten, seier Undheim.
Sandkasser er ikkje klart definert
– I forskinga mi finn eg at entreprenørane har opplevd samarbeidet som svært positivt.
Ho fortel at dei får utvikla meir kreative og robuste løysingar. I kontakten med regulatorane får entreprenørane utfordra ideen sin i ein tidleg fase.
Dei kan få raske avklaringar på ideen der og då sjølv om tilsynet er nøye på at sandkassa ikkje gjev noko førehandsgodkjenningar,
Ho understrekar at regulatoriske sandkasser framleis er eit ungt verktøy.
– Verken kva sandkasser er eller kva funksjon dei skal ha, er klart definert endå, seier Undheim.
I Europa er det løpande diskusjonar om korleis sandkassene bør innrettast. Dei bedriftene som får bli med i sandkassa, bør for eksempel ikkje få for stor innflytelse på tolkinga av lovverket.
Nye problemstillingar heile tida
Ho fortel at enkelte land har gjeve enkeltbedrifter unntak frå nokre reglar for å sjå kva utslag det gjev. Kan det gje konkurranseforsprang?
Forskaren fortel at transparans og openheit uansett er viktige verdiar for at sandkassene skal møta desse bekymringane.
EU har ei ny forordning om kunstig intelligens. Ho seier at medlemsstatane er forplikta til å oppretta regulatoriske sandkasser med eit kontrollert miljø. Dette skal fremja innovasjon innan KI, før systema hamnar på marknaden.
Det vil vera ei litt anna innretning enn den regulatoriske sandkassa som Datatilsynet har i dag, som skal stimulera til innovasjon og digitalisering som tar hensyn til personvern.
– Så det vert sannsynlegvis ein litt annan type sandkasse enn dei dialogbaserte sandkassene vi har i dag. Men nye problemstillingar dukkar opp heile tida, seier ho.
Opnar for nye diskusjonar
Ho trur at vi framover kanskje vil sjå fleire sandkasser på tvers av tilsyna for bedriftene må nødvendigvis forholda seg til heilheita.
Korleis skal sandkassene evaluerast? Korleis skal resultata frå sandkassa spreiast til alle i bransjen? Kan dette verktøyet virkeleg bidra til å fremme ansvarleg innovasjon?
– Sandkassene gir diskusjonar som ein ikkje finn stad andre stader. Diskusjonane femner moral, ansvarlegheit og til sjuande og sist til og med kva samfunn vi ynskjer oss, seier Kristin Undheim.
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER