Paven har no vore innlagt i 10 dagar på Gemelli-sjukehuset i Roma med dobbeltsidig lungebetennelse.
No syner blodprøver at han også er i ferd med å få nyresvikt. Situasjonen er kritisk, opplyser talspersonar for Vatikanet søndag.
Dei opplyser også at han framleis er vaken og det dei kallar «godt orientert».
88-åringen sa i ein uttale fredag at han tillitsfullt held fram behandlinga og sjukehusopphaldet.
– Kvile er også ein del av behandlinga, heiter det i den skriftlege uttalen.
Folk har samlet seg i St. Peters Basilica i Vatikanet for å be for pavens helse.
Bønn for pave Frans utenfor sykehuset Agostino Gemelli, Roma.
Nonner ber for pave Frans utenfor sykehuset.
Katolikker ber for at pave Frans skal bli frisk, i Buenos Aires, Argentinga.
Erkebiskopen av New York, Timothy Dolan, leder en gudstjeneste mens tilhengere ber for pavens helse.
Får brev og teikningar
Pave Frans blei først innlagt med det som i utgangspunktet blei kalla bronkitt. Dette utvikla seg raskt til lungebetennelse.
Over heile den katolske verda har folk samla seg til bøn for den aldrande paven. Ikkje minst i Roma, der folk har valfarta til Vatikanstaten i helga.
Folk har også samla seg utanfor sjukehuset der paven er pasient.
– Eg har blitt spesielt glad for breva og teikningane eg har fått frå barn, seier paven i ein annan skriftleg uttale.
Også her i Noreg ber katolikkar for pave Frans.
Katolske turistar i Vatikanet søndag. Over heile verda samlar folk seg til forbøn.
Foto: ReutersOverhovud for mange
Pave Frans, som blei fødd som Jorge Mario Bergoglio i Argentina, har vore pave sidan 2013.
Han er dermed det religiøse overhodet for over 1,3 milliardar menneske som er døypte i den romersk-katolske trua.
Her i Noreg er det om lag 169.000 registrerte katolikkar fordelt på mange ulike nasjonalitetar.
I tillegg reknar Oslo katolske bispedømme med at det er nærare 45.000 som ikkje er registrerte.
Utanfor sjukehuset har mange sett opp blomar lys i forbøn for pave Frans.
Foto: Anders Børringbo / NRKPublisert 23.02.2025, kl. 20.57