Sakna nordmann har meldt seg

2 weeks ago 9


I slutten av september blei fleire personsøkarar detonert i Libanon. Ein nordmann blei knytt til salet av personsøkarar som blei brukte av Hizbollah.

Mannen blei meldt sakna og etterlyst internasjonalt av Kripos.

No skal mannen ikkje vere sakna lenger.

– Til informasjon har personen som var meldt sakna teke kontakt med meldar. Melder ønsker ikkje lenger å ha han sakna av politiet, opplyser Oslo politidistrikt.

Dei ønsker ikkje å seie noko om kven som melde nordmannen sakna. Dei har avslutta saka og etterlysinga, seier pressesjef Unni Grøndal til NRK.

Publisert 05.11.2024, kl. 11.06 Oppdatert 05.11.2024, kl. 11.08

Read Entire Article