Ukrainske kjelder hevdar at Russland har angripe eit skulebygg i den ukrainsk-kontrollerte delen av Kursk fylke. Bygningen skal ha vore full av eldre folk. Det har førebels ikkje kome utsegner om dette frå russisk hald.
– Russiske styrkar gjekk til åtak på ein kostskule i byen Sudzja. 95 personar er fanga under ruinane.
Det seier ein talsperson for Ukraina sin militærkommando i Kursk på Telegram.
(NTB)