Republikanarane sikrar seg fleirtal i Representantanes hus

12 hours ago 1


Republikanarane har fått fleirtal i begge kammera i Kongressen; både Senatet og Representantanes hus.

Førre veke sikra dei seg fleirtal i Senatet med 53 seter av 100 seter.

Torsdag melder AP at Republikanarane også får fleirtal i Representantanes hus med 218 av 435 seter.

Påtroppande president Donald Trump vil derfor ha store moglegheiter til å gjennomføre sin politikk når han flytter inn i Det kvite hus 20. januar, medan Demokratane vil ha få moglegheiter til å stanse det.

Dette kjem på toppen av at Trump har vunne valet og «the popular vote».

Leiaren er nummer tre på rangstigen

Det er visepresidenten som blir leiar for Senatet. Frå januar av blir det altså Trumps visepresidentkandidat J.D. Vance.

Leiar i Representantanes hus blir derimot valt av medlemmene i Representantanes hus.

Begge partia nominerer ein kandidat, og kandidaten som får flest stemmer, blir leiar. Dette skjer i starten av januar.

Leiaren av Representantanes hus blir på amerikansk kalla ein «speaker», og er nummer tre på rangstigen i landet, etter presidenten og visepresidenten.

Det er ei særs mektig rolle. «Speakeren» bestemmer kva lover og budsjett som kjem gjennom nålauge for behandling i Kongressen. Og kan – viss «speakeren» ønsker – gjere livet ganske surt for presidenten.

mike johnson i en stol

Republikanaren Mike Johnson har vore «speaker» i Representantanes hus sidan 2023.

Foto: Rogelio V. Solis

Dei to kammera kan i teorien ha ulikt politisk fleirtal og bli styrte av ulike parti.

For partiet som tapar presidentvalet, er det ofte ei viss trøyst viss dei klarar å få makt i det eine eller begge kammera i Kongressen, for å kunne stikke kjeppar i hjula for presidenten.

Ein sittande president som har Kongressen mot seg, har oftast store vanskar med å få gjennom politikk.

Ikkje hogd i stein

Men sjølv om Republikanarane har fått flest stemmer i begge kammera, kan dette endre på i løpet av Trumps presidentperiode.

Det er nemleg val til Representantenes hus og ein tredjedel av Senatet annakvart år. Og det er ganske vanleg at fleirtalet skiftar midtvegs i ein presidentperiode.

Førre gong Trump var president, tok Demokratane etter kvart kontroll over Representantenes hus. Det blei derfor vanskelegare for Trump å gå gjennom politikken sin dei to siste åra.

Under Joe Bidens presidentperiode fekk Republikanarane eit knapt fleirtal i Representantenes hus, og Biden måtte derfor forhandle med den republikanske leiinga for å få gjennom sine saker, inkludert budsjett, lover og reformer.

Publisert 14.11.2024, kl. 06.39 Oppdatert 14.11.2024, kl. 06.41

Read Entire Article