Republikanarane nærmar seg fleirtal i Kongressen

2 weeks ago 10


Harde kampar om plassane i Kongressen nærmar seg slutten.

Republikanarane har allereie fått fleirtalet i Senatet.

Det demokratiske partiet har klart å forsvare fleire av sine plassar i Representantenes hus, ifølge AP, men også der ser Republikanarane ut til å få fleirtalet.

Eit parti må få 219 representantar inn for å få fleirtal. Laurdag ettermiddag har 212 republikanarar fått plass, mot 200 demokratar.

Kva betyr det at same parti kontrollerer Det kvite hus og heile Kongressen?

Kor mykje makt har den amerikanske presidenten, og kva kan han faktisk få til?

– Den mektigaste presidenten i amerikansk historie

Då nyvalde Donald Trump talte på sigersfesten sin i Mar-a-Lago på onsdag, la han vekt på at dei amerikanske veljarane hadde gitt han eit «historisk mektig mandat».

Ikkje berre har Trump, som første republikanske presidentkandidat på 20 år, vunne folkestemma. No ligg partiet hans godt an til å få fleirtal i heile Kongressen.

Skjer det, betyr det i praksis at komande president Trump ikkje treng forhalde seg til opposisjonen når han skal styre landet i åra som kjem.

Og det er ikkje alt. Førre gong han sat som president, blei han bremsa av fleire frå sitt eige parti, som var ueinige med han.

Det ligg nok i bakhovudet hans når han no set saman si nye regjering.

– Trump blei frustrert då rådgivarane hans sa at han ikkje hadde makt til å gjere eit eller anna han hadde lyst til å gjere. Denne gongen kjem han til å velje medarbeidarar som seier «ja» i staden for «nei», seier professor i statsvitskap Hilmar Mjelde.

– Trump blir den mektigaste presidenten i amerikansk historie.

Difor er valet i Kongressen viktig

Amerikanarane stemde altså ikkje berre over landets neste president denne veka, men også over kven som skal fylle landets lovgivande forsamling, Kongressen.

Kongressen består av to kammer: Senatet og Representantanes hus. Dei to kammera kan ha ulikt politisk fleirtal, og dimed bli styrte av ulike parti.

For ein president er det alltid enklare å få gjennom politikken sin om fleirtalet i begge to kjem frå same parti som han sjølv. Det er det som ligg an til å skje no.

Senatet, der Republikanarane har fått fleirtalet, godkjenner mellom anna presidenten sine nominasjonar til dommarstillingar og held riksrett mot presidentar som er stilte for det.

Visepresidenten i USA er den formelle leiaren av Senatet, sjølv om det i praksis er ein som blir kalla «president pro tempore» som styrer.

Daværende visepresident Mike Pence og leder av Representantenes hus Nancy Pelosi under godkjenningen av valget 6. januar 2021.

Dåverande visepresident Mike Pence og leiar av Representantanes hus Nancy Pelosi under godkjenninga av presidentvalet 6. januar 2021.

Foto: Saul Loeb / AP

Det betyr ikkje at visepresidentens rolle i senatet berre er symbolsk. Det er han eller ho som offisielt kunngjer resultata frå val. Lenge har dette blitt sett på som ei rein rutineoppgåve.

Men i 2020, då Trump la press på sin visepresident Mike Pence for at han skulle nekte å godkjenne Joe Bidens siger i presidentvalet, blei denne oppgåva brått viktigare enn som så.

Framleis nokre sikringar

Presidentembetet i USA har fått større kapasitet over tid, fortel Mjelde, fordi presidentane stadig greier å utvide områda dei har makt over.

Dette gjeld særleg Trump, som har brukt heile sitt liv på å kjempe mot avgrensingar på kva han kan gjere.

– Som president såg han på avgrensingar på si maktbruk som illegitime. Livsmottoet hans er at ein alltid må kjempe imot, seier Mjelde.

Hilmar Mjelde, professor i statsvitenskap ved HVL.

Hilmar Mjelde er professor i statsvitskap og forskar mellom anna på amerikansk politikk.

I tillegg til at Kongressen mest sannsynleg vil bli styrt av lydige partifellar, peikar Mjelde peikar på tre ting som gjer Trump spesielt mektig:

  • Høgsterett utvida nyleg presidenten sin juridiske immunitet
  • Store delar av veljarane stoler ikkje på media
  • Trump kjem aldri til å stille til val igjen – sidan han allereie har sete i fire år, kan han berre sete i fire til. Han treng difor ikkje bekymre seg for veljarane sin dom.

Men nokre sikringar finst framleis.

Annakvart år er det val til Representantanes hus og ein tredel av senatorane. Difor kan fleirtalet skifte midtvegs i ein presidentperiode.

Det er ganske vanleg, og skjedde sist ved mellomvala i 2018 og 2022. Det gjorde at Trump i 2018 og Biden i 2020 måtte forhandle med leiinga i motstandarpartiet sitt for å få gjennom politikken sin.

Donald Trump står foran flere amerikanske flagg mens han peker mot fotografen.

Trump jobbar med å peike ut sin komande administrasjon.

Foto: Brian Snyder / Reuters

I tillegg vil USAs føderale system framleis avgrense Trump.

– Delstatar som er styrte av Demokratane vil vere uavhengige maktsenter som vil stritte imot Trump. Delstatane styrer nemleg mykje av sin eigen politikk, seier Mjelde.

Nye høgsterettsdommarar

Kven som styrer i rettsvesenet vil få mykje å seie for ein president med fire straffesaker og to riksrettar på tapetet.

Mange av dei viktigaste politiske sakene i USA blir avgjort ikkje av politikarane, men av den amerikanske høgsteretten.

Der sit ni dommarar på livstid, alle utpeika av ein president.

At Trump fekk inn tre konservative dommarar i sin første periode som president, var avgjerande for at den nasjonale retten til abort blei annullert i 2020.

Demonstrantar held opp eit skilt der det står "Hald abort lovleg". Han eine har USA-flagget surra rundt ansiktet og raud caps på seg, ved sida av står to jenter. I bakgrunnen ser vi Det kvite huset.

Demonstrantar to år etter at Roe v. Wade, dommen som sikra kvinners nasjonale rett til abort, blei annullert

Foto: Evelyn Hockstein / Reuters

Når han flyttar inn igjen i Det kvite hus i januar 2025, er det stor sjanse for at han får inn tre nye dommarar – kanskje til og med fire.

I så fall vil dei konservative igjen ha eit fleirtal på seks mot tre, eller kanskje sju mot to, i høgsteretten.

– Det har veldig mykje å seie. Det var dei som i juli gav presidentane nesten komplett juridisk immunitet, seier Mjelde.

Men også lågare domstolar kan bli viktige. Nyleg forkasta ein Trump-utnemnd dommar i Florida straffesaka mot Trump om stolne hemmelegstempla dokument, ei alvorleg sak under spionasjelova.

Publisert 09.11.2024, kl. 20.46

Read Entire Article