Den heilt nye studentbaren står vanlegvis tom.
Men éin kveld i veka prøver styret i studentbaren å samle studentane på Notodden.
Det er berre eitt problem: Det er få av dei.
Rekordmange nettstudentar
I den vesle studentbyen i Telemark var godt under halvparten av elevmassen nett- eller samlingsbaserte studentar for fem år sida.
I år gjeld det meir enn to av tre studentar.
På Notodden har eit mindre yrande studentliv ført til at dei måtte finne ein ny samlingsstad. Den førre studentbaren blei rett og slett for stor.
– Det kunne definitivt vore meir liv her, synest student Johanne Therese Johansen Eiterå.
Dei vekene studentar frå samlingsbaserte studiar dukkar opp, synest Johanne at ho verkeleg ser potensial i studentlivet på campus.
Så reiser studentane kvar sin veg igjen.
– Det er trist. Det er dødt når dei ikkje er her, beskriv Johanne.
Dette er ikkje unikt for Notodden.
Ved Høgskulen på Vestlandet er til dømes nesten éin av tre studentar borte frå campus.
I Alta studerer cirka tre prosent av alle studentane på campus, ifølge Samordna opptak.
For ti år sida tok mindre enn 57.000 studentar ei fleksibel utdanning.
I år gjeld det nærmare 83.000 studentar. Det er rekordmange.
Tilbodet på campus blir dårlegare
Dei fleste stolane står tomme i kantina på Universitetet på Notodden sjølv om klokka akkurat har bikka 12.
– Du treng ikkje vere bekymra for ikkje å finne plass i kantina, humrar Victoria Kuoppala som også er student her.
At fleksible studieprogram stadig blir meir populære gjer at også folk med jobb, små barn eller huslån kan studere utan å måtte flytte på seg.
På den andre sida gjer denne trenden at livet og tilbodet på campus blir dårlegare.
– Vi treng studentar som bruker tenestene våre for å kunne halde dei oppe, forklarer Rita Hirsum Lystad.
Ho er styreleiar i Samskipnadsrådet – altså samarbeidsorganet for studentsamskipnadene.
– Vi ser at det er færre studentar til stades på fleire campus nå enn før pandemien. Vi opplever at det har samanheng med at utdanningsinstitusjonane har etablert fleire samlingsbaserte og digitale studiar.
Rita Hirsum Lystad
Styreleiar i Samskipnadsrådet
Nokre stader medfører færre studentar mindre inntekt for samskipnadene, noko som igjen førar til at kantina eller bokhandelen må redusere opningstidene, og i nokre tilfelle redusere tal på studentbustader.
Viktig å høyre til
Johanne, Victoria og Mette Nupen set seg rundt eit barbord inne på den nye studentbaren.
Dei er alle frivillige i studentsamfunnet, men skulle gjerne vore fleire. Det hadde vore bra for både miljøet og den enkelte.
– Å drive med frivillig arbeid er godt for den psykiske helsa, seier Tone Kristin Rogne.
Ho er leiar innan helse i Studentsamskipnaden i Søraust-Noreg og jobbar for at studentar skal ha det bra.
Tala ser nemleg dystre ut: Ein av tre studentar har psykiske plager. Trenden aukar kvart år.
For å unngå dette meiner Rogne at det å skape relasjonar og føle at ein høyrer til, er heilt avgjerande.
– Å bli møtt av eit hyggeleg ansikt i kantina har kanskje større tyding enn vi har trudd før. Det mister vi ved at studentane ikkje er fysisk til stades, seier Rogne.
Anbefaler livet på campus
Johanne, Victoria og Mette er alle i 20-årene, noko som er typisk for ein campus-student.
Den nett- og samlingsbaserte studenten er i snitt eldre enn campusstudenten, noko som kan tyde på at den jamne førstegongsstudenten framleis helst vel å studere på campus.
Der er også oppfordringa frå studentane på Notodden:
Det er gøy å bu ein annan stad, knytte nye vennskapsband og fysisk undervisning er betre, argumenterer dei.
Hei!
Takk for at du las saka mi!
Har du tankar om saka du har lese eller innspel til nye saker? Send meg gjerne ein e-post!
Publisert 30.10.2024, kl. 12.07