– Mange frivillige har mobilisert og politiet er kontakta etter det som skjedde, fortel dagleg leiar i Bygdepride Anbjørn Steinholm Frislid.
Han er svært skuffa, sjølv om han ikkje er overraska.
Frivillige fiksar flagga i Volda.
Foto: Hild NordalHar skjedd kvart år
Det skal vere ein stor dag for Bygdepride laurdag. Den tradisjonelle paraden startar klokka 15, og difor hastar det med å få fiksa alle flagga.
Politiet er kontakta, og saka vil bli anmeldt.
– Eg blei litt sjokkert. Men vi opplevde jo søndag også at fleire av flagga våre forsvann, seier han.
Den saka blei også meld til politiet. Han seier også at dei har opplevd liknande kvart år sidan dei starta Bygdepride i 2018.
– Vi har jo blitt ganske vant med at det har skjedd. Vi har flagg som har forsvunne kvart einaste år, men eg har aldri sett det så organisert og voldsomt som det som har skjedd i natt, seier Frislid.
Flaggline kutta på flaggstong i Ørsta.
Foto: Tare Reklev ØvrebøVanskeleg
Mange av flagga som er blitt tatt ned natt til laurdag er det gjort ein stor innsats for å få ned, meiner Bygdepride-sjefen.
Han synest hendinga er skuffande.
– Eg synest det er trist. Og eg ser ikkje heilt korleis dette flagget kan provosere så mykje at ein må rive det ned og gjere seg skuldig i kriminalitet, skadeverk, for å få det vekk, seier han.
Han slår fast at det blir Pride-parade og ein stor folkefest i strålande solskin i Volda uansett.
– Vi ønsker berre opne og mangfaldige bygder der alle føler seg heime. Flagget er då eit viktig symbol for oss, seier han.
Publisert 10.05.2025, kl. 12.13 Oppdatert 10.05.2025, kl. 12.38