Mens mange andre næringar greier å bremse utsleppsveksten, et veksten i reiselivsnæringa opp alle forsøk på utsleppsreduksjon, skriv innleggsforfattarane (Foto: Marianne Løvland / NTB)
KRONIKK: Turistane strøymer til Norge, og utsleppa reiselivet skulle kutte, berre aukar. Norge må ta grep, men tør me rokke ved veksten?
Forskersonen er forskning.nos side for debatt og forskernes egne tekster. Meninger i tekstene gir uttrykk for skribentenes holdninger. Hvis du ønsker å delta i debatten, kan du lese hvordan her.
Ein herleg varm sommar går mot slutten og reiselivet jublar for gode tal. I juni vart det registrert 4,8 millionar overnattingar, det høgste talet Statistisk sentralbyrå nokon gong har registrert.
Det er strålande at folk vil sjå Norge. Reiselysta viser seg dessverre òg i raskt veksande utsleppstal, der det er transporten til og frå reisemålet som dreg opp utsleppstala. Også våre eigne reiser dreg opp talet.
Unngå, flytte, forbetre
Mens mange andre næringar greier å bremse utsleppsveksten, et veksten i reiselivsnæringa opp alle forsøk på utsleppsreduksjon. Dei største utsleppa kjem frå transport, men kva kan eigentleg gjerast med den utsleppstunge transporten i reiselivet?
Frå transportforsking veit me at dei viktigaste grepa ligg i forkortinga UFF: unngå, flytte og forbetre. Å unngå å reise eller å reise kortare, gir sjølvsagt størst effekt. Å flytte dei reisande over på meir miljøvenlege transportformer er òg effektivt. Me snakkar om tog framfor fly, og buss framfor personbil. Strategiar som handlar om å forbetre, går ut på å kutte utslepp gjennom utvikling av ny teknologi.
I dag finst det ingen langsiktige, nasjonale strategiar for kor mykje vekst ein ynskjer, til dømes frå kommersiell luftfart og cruise.
Me veit difor ein del om kva tiltak som nyttar for å få ned transportutslepp. Men kva gjer reiselivsnæringa sjølv?
Leiarane stoler på teknologien
I det forskingsrådsfinansierte prosjektet TourRisk intervjua me leiarar frå nokre av landets største reiselivsbedrifter innan luftfart, ferjer, cruiseskip og hotellkjeder. Desse fire står for 84 prosent av utsleppa frå reiselivsnæringa i Noreg, og difor spurde me nokre av leiarane kva tiltak dei var opptekne av for å få ned utslepp frå si verksemd.
Studien avdekka at leiarane i stor grad sette si lit til teknologiutvikling. Løysingane var å finne mellom anna i miljøvenlege drivstoff, optimalisering av energibruk og elektrifisering. Cruisenæringa kan til dømes gå over til mindre skip, som dei Havila og Hurtigruta brukar, som gjer det enklare å bruke landstraum og reise lengre avstandar med batteri.
At mindre skip har færre passasjerar, er òg positivt for tryggleik og trengsel. Me skal ikkje langt tilbake for å hugse kor katastrofalt Viking Sky nesten-ulykka kunne enda på grunn av manglande evakueringskapasitet. Frå neste år vil cruisehamna i Cannes forby skip med over 1000 passasjerar for å redusere lokal forureining og trengsel.
Ikkje populær løysing
Trass i god driv i den teknologiske utviklinga, er det likevel ingen gode løysingar i sikte for å få ned utsleppa der det monnar mest; for dei større cruiseskipa og for langdistansefly. For å bremse utsleppa frå reiselivstransporten, er reiselivet altså nøydd til å satse på unngå- og flyttestrategiar. Det betyr noko lite populært:
Talet på reisande eller kilometer reising må ned, og fleire bør over på transportmiddel med lågare utslepp. At næringa ikkje er innstilt på slike grep, er forståeleg. Difor må dei største tiltaka kome frå ein annan kant.
Grep ein kan sjå for seg, er å bremse marknadsføringa mot oversjøiske marknader, fremje lokal turisme og endre reisevanar ved å oppmuntre til færre, men lengre opphald på reisemål, noko som vil redusere hyppigheita av reiser.
Satsinga på nærmarknader inneber likevel eit stort paradoks; mange destinasjonar er økonomisk avhengige av langreiste turistar i den tradisjonelle lågsesongen, til dømes kinesiske turistar som flyr til Tromsø for å oppleve nordlys og vinter i vår del av Arktis.
Kollektivt paradoks
Tiltak som får fleire til å bruke miljøvenlege transportalternativ, som buss og tog, må styrkast. Då står pris og tidsbruk sentralt. Å forbetre togtilbodet i Norge har vist seg å vere enormt kostnadskrevjande. Det er og eit paradoks at moglegheita for å reise mellom Noreg og Europa med tog, faktisk har forverra seg dei siste åra.
Togtransporten er blitt mindre punktleg, og det finst få moglegheiter for å bestille billege, saumlause reiser. Samarbeid på tvers av landegrensene må til for å skape konkurransedyktige kollektivtilbod.
Teknologiutvikling er naudsynt, men vil ikkje stoppe utsleppsveksten frå langdistansefly og cruise. I dag finst det ingen langsiktige, nasjonale strategiar for kor mykje vekst ein ynskjer, til dømes frå kommersiell luftfart og cruise.
Myndigheitene, det vil seie dei ulike departementa som har ansvar for reiseliv, må våge å blande seg inn i den pågåande veksten i næringa. Alternativet er å skrinlegge alle ambisjonar om utsleppskutt.
(Kronikken ble først publisert i Nationen)
Vi vil gjerne høre fra deg!
TA KONTAKT HER
Har du en tilbakemelding på denne kronikken. Eller spørsmål, ros eller kritikk til Forskersonen/forskning.no? Eller tips om en viktig debatt?