Søksmålet er levert av fem av deltakarane i konkurranse-realityen, som meiner dei blei dårleg behandla under innspelinga, og at dei blant anna blei utsette for seksuell trakassering, skriv Variety.
Ifølge søksmålet skal deltakarane ikkje fått minstelønn eller betalt for overtid. I tillegg skal dei ha blitt usette for farlege situasjonar og ikkje fått gode nok pausar til å ete og kvile.
Søksmålet blei levert i Los Angeles måndag.
– Sjølv om deltakarane visste at dei stod overfor ein potensielt lang og utfordrande konkurranse då dei signerte kontrakten, har dei måtte gjennomgå langt meir enn dei hadde rekna med, skriv advokatane i papira.
Fleire av deltakarane skal også ha blitt sendt til sjukehus i løpet av innspelinga, skriv Deadline.
Over 1000 deltakarar
Jimmy Donaldson, best kjent som Mr. Beast, er med sine godt over 300 millionar følgarar, ein av verdas største Youtubarar.
Han er kjent for å arrangere konkurransar med store pengepremiar, og for å lage arrangement der pengane går til gode formål.
Han har også laga ein eigen sjokolade, og har ein eigen hamburgarkjede.
I mars i år blei det kjent at han hadde slege seg saman med Amazon for å lage «Beast Games» for strøymetenesta Prime Video.
I konkurransen skal over 1000 deltakarar gjennom fleire utslagskonkurransar i kampen om 5 millionar dollar i kontantar, som skal vere den høgaste enkelte pengepremien i TV-historia.
Programmet skal etter planen lanserast seinare i haust eller på nyåret neste år.
Beklagar det som skjedde
Fleire av opplysningane i søksmålet er i utgangspunktet kjent frå før. I august publisert New York Times ei sak der dei hadde snakka med fleire av deltakarane.
Trass i at dei hadde skrive under på ei kontrakt om at det kunne bli ekstreme situasjonar, meiner ein av deltakarane avisa har snakka med at innspelinga var noko anna enn det dei hadde meldt seg på.
– Vi melde oss på eit show. Vi melde oss ikkje på for ikkje å få mat eller drikke, eller for ikkje å bli behandla som menneske.
Ein representant for Mr. Beast beklaga overfor Deadline det som hadde skjedd, og at dei skulle sørge for at det ikkje skjedde igjen.
– Innspelinga blei ikkje som vi hadde trudd, blant anna på grunn av dataproblem, ekstremvêr og andre logistikk- og kommunikasjonsproblem.
Etter at søksmålet blei kjent, har Deadline prøvd å få kommentarar frå både frå Donaldson og Amazon, men ingen av dei har så langt svart, skriv nettstaden.
Publisert 18.09.2024, kl. 13.07