Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_3b85a3e36d4589905fef379dfcaed67d, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Rapport sår tvil om ferjefri E39 på Vestlandet - NorwayToday

Rapport sår tvil om ferjefri E39 på Vestlandet

2 hours ago 2


For lite framgang. Sterk vekst i kostnadar. Meir fokus på store naturinngrep. Vanskeleg å få gjennomslag for dei største prosjekta.

Dette er nokre av punkta i ein rapport Oslo Economics har laga om ferjefri E39 på oppdrag frå Vestlandsrådet.

Fylkeskommunane Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal er med i rådet, som held møte i Bergen 15. april.

På planen står vidare drøfting om korleis Vestlandet kan stå samla for å få fortgang i dei store planane om ein ferjefri E39.

Dronebilete av ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg i Vestland. På E39.

Lite er viktigare for transporten på Vestlandet i dag enn ferjene.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

Men rapporten heller litt kaldt fjordvatn i årene på politikarane:

For somme prosjekt kan det vera nyttigare å investera i meir moderne ferjer og hyppigare avgangar. Dette kan også gje samfunnsøkonomiske gevinstar, skriv Oslo Economics.

– Framtidsretta

I 2013 lova dåverande statsminister og noverande finansminister store pengar til både E39 på Vestlandet og jernbaneutbygging på Austlandet.

– Me må få til begge delar. Me er heilt avhengige av både fleire ferjefrie samband på E39, og å bygga ut jernbane, uttalte Jens Stoltenberg.

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) i Vestland er kritisk når Oslo Economics no tilrår hyppige avgangar med moderne ferjer der bru eller tunnel ikkje er samfunnsøkonomisk lønnsamt.

– Då går ein på ei løysing som ikkje er nok framtidsretta, meiner han.

– Slepper ikkje tanken

Fylkesordførar Anders Riise (H) i Møre og Romsdal er einig.

– Inntil me får råd til å bygga dei større prosjekta, så ser også eg føre meg at hyppigare ferjeavgangar er det som løyser utfordringa. Men det betyr ikkje at me skal gi slepp på tanken om å realisera ferjefri E39.

Riise tolkar rapporten positivt.

– Rapporten viser at trafikkgrunnlaget er der, slik at det er fullt forsvarleg å bygga ferjefri E39.

Han seier at både Voldatunnelen og strekninga Astad-Bjerkeset nesten er klare til bygging, og bør prioriterast først.

Første salve frå Kvitsøy Rogfast.

Bygginga av Rogfast-tunnelen under Boknafjorden i Rogaland held på.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

– Hordfast neste

Når Rogfast opnar i 2033, meiner fylkesordførar Ole Ueland (H) i Rogaland at Hordfast og resten av strekninga mellom Bergen og Stavanger bør vera neste steg.

– Rapporten stadfestar at ferjefri E39 vil vera både samfunnsøkonomisk lønsamt og nyttig for utviklinga av Vestlandet og Noreg.

Men også Ueland seier at fleire strekningar må rekna med ferjetrafikk lenge.

– Det er klart at me må innsjå at ambisjonen ligg eit godt stykke fram i tid.

Rår fylka til å bli samde om prioriterte prosjekt

Den ferske rapporten peikar på at det er avgrensa nytteverdi i å planleggja store prosjekt som det er lite realistisk å få pengar til med det første. Og at utbyggingskostnadane har blitt svært mykje høgare sidan 2013.

Då meiner Oslo Economics at fylkeskommunane på Vestlandet i fellesskap må prioritera hardt.

– Det blir ikkje billigare og lettare å bygga veg med tida. Rapporten viser at det ikkje løner seg å venta. Så me skulle jo helst vore i gang for lenge sidan, seier Ueland.

«Støvsugaren» i aust

Spørsmålet er om tre fylke klarar å samla seg om kva som skal prioriterast, når Vestlandsrådet møtest i Bergen. Men Askeland meiner regionen uansett må stå saman mot togutbyggingane på Austlandet.

– Me snakkar med for låg stemme og tar til takke med lite. Då går stadig meir frå Nasjonal transportplan til jernbaneutbygging til dei folketette områda på Austlandet. Det forsterkar den «støvsugaren» som alltid står på og trekker fleire og fleire av innbyggarane i Noreg til dei mest sentrale strøka av Austlandet.

Publisert 14.04.2026, kl. 22.23 Oppdatert 14.04.2026, kl. 22.26

Read Entire Article