Ransaka heimen til Arne Bye – i denne jakka fann dei fleire kamera

2 weeks ago 15


Då politiet ransaka heimen til den Arne Bye fann dei fleire kamera, minnebrikker og harddiskar.

– Det er svart teip over den delen av kameraet som lyser, forklarar aktor, Eli Reberg Nessimo i retten.

I ei jakke som tilhøyrer Bye fann politiet fire overvakingskamera.

Under etterforskinga beslagla politiet over 6000 timar med videomateriale frå legekontoret og undersøkingsrommet.

I det første avhøyret hos politiet fortalde Bye at han brukte kamera for å filme og dokumentere delar av legebesøka, men at opptaka blei sletta.

Et kamera som politiet har tatt beslag i fra den tidlegere kommuneoverlegen i Frosta.

På fleire av kameraa var det svart teip over den delen av kamera som lyser når det er slått på og filmar.

Foto: politiet

Han laga også ei teikning over kvar fem kamera var plassert på legekontoret.

Det kom fram under første dag av rettssaka mot tidlegare kommuneoverlegen i Frosta. Bye er tiltalt for valdtekt av 87 kvinner og for å ha misbrukt stillinga si som lege for å oppnå seksuell omgang med 94 kvinner.

Saka går for retten frå 5. november til 18. februar.

Minst 5500 timar med video

I tillegg til fleire kamera fann politiet også fleire harddiskar og minnekort i bustaden til tiltalte.

– Varigheita på videofilene var på til saman minst 5500 timar, seier aktor.

Fleire av videofilene viser at den tidlegare kommuneoverlegen plasserer og justerer på kameraa inne på legekontoret og undersøkingsrommet.

I tillegg fann politiet over 387.000 biletfiler, tilsynelatande frå delar av videomateriellet.

Erkjenner tre av 87 valdtekter

Arne Bye erkjenner tre av 87 valdtekter. I tillegg erkjenner han 35 tilfelle av å ha misbrukt si stilling som lege for å ha skaffa seg seksuell omgang.

Tidlegare erkjente tiltalte 40 tilfelle av å ha misbrukt stillinga si for å ha skaffa seg seksuell omgang.

I retten leste aktor opp tiltalen og Bye måtte ta stilling til skuldspørsmålet mot kvar av dei 94 kvinnene.

I dei tre tilfella han erkjenner straffskuld for valdtekt skal Bye ha ført fleire typar gjenstandar inn i kvinnene sin endetarmsopning utan at dette var medisinsk adekvat.

Det skal mellom anna ha vore brukt ein deodorantliknande gjenstand, plastflaske og ein eggeforma gjenstand.

Kvinne var plasserte på ein flat undersøkingsbenk på ein måte som gjorde at dei ikkje hadde god oversikt over tiltalte sine bevegelsar.

– Alle valdtektene handlar om å vere ute av stand til å motsette seg noko.

Det seier aktor i saka, statsadvokat Eli Reberg Nessimo.

Publisert 05.11.2024, kl. 14.21 Oppdatert 05.11.2024, kl. 14.27

Read Entire Article