Putin gratulerer Trump med sigeren: – Han er modig som ein mann

2 weeks ago 6


Vladimir Putin gratulerte Donald Trump med valsigeren torsdag kveld. Han seier han er klar til å prate med han om korleis dei skal få ein slutt på krigen i Ukraina.

– Det er ikkje feil å ringe han.

Putin seier han er imponert over korleis han sikra sigeren over Kamala Harris, spesielt etter attentatet tidlegare i år.

– Han er modig som ein mann, seier Putin.

Hevda han skulle få slutt på krigen

Matthew Miller, talsperson for Det kvite hus, sa tidlegare torsdag at dei skal gjere «alt i si makt» for å sende all hjelp til Ukraina før Biden går av som president.

Trump har vore kritisk til korleis Biden støtta Ukraina i krigen mot Russland.

Under eit valkampmøte i 2023 sa Donald Trump at han kjem til å få slutt på krigen i løpet av eitt døgn, dersom han blir president. Det same gjentok han i september.

Republican presidential nominee and former U.S. President Donald Trump and Ukraine's President Volodymyr Zelenskiy meet in New York

Foto: Shannon Stapleton / Reuters

Det var under Bidens presidentperiode at Russland invaderte Ukraina. Hundretusenar er drepne til no. Ukraina taper på slagmarka.

Samstundes nekta Donald Trump, USAs neste president, å svare på om han ønsker at Ukraina skulle vinne krigen under presidentdebatten i september.

Zelenskyj kjenner ikkje til Trumps plan

Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj sa tidlegare torsdag at han ikkje har noko innsikt i detaljane i Trump sine planar om «få slutt på krigen raskt».

Han seier han ikkje har diskutert dette nærare med Trump. I valkampinnspurten var Zelenskyj på besøk hos både Trump og Harris i USA.

– Eg trur på at Trump vil få slutt på krigen, men det betyr ikkje at det kjem til å skje, seier han frå talarstolen i Budapest under European Political Community Summit.

For at Russland skal gå inn i fredssamtalar, har Putin kravd at Ukraina skal gi frå seg territorium. Ifølgje AFP, skal Zelenskyj ha anklaga fleire europeiske leiarar for å sterkt presse dei til å inngå slike kompromiss.

– Vi treng tilstrekkeleg med våpen, ikkje støte i samtalar. Klemmar med Putin hjelp ikkje. Nonon av dykk har klemt han i 20 år og ting blir berre verre, sa Zelenskyj.

Publisert 07.11.2024, kl. 20.16 Oppdatert 07.11.2024, kl. 20.49

Read Entire Article