Prinsesse Kate er ferdig med cellegift

1 month ago 11


– No som sommaren går mot slutten, kan eg ikkje overdrive kor letta eg er over å ha endeleg fullført cellegiftbehandlinga, fortel Prinsesse Kate (42) i ein video på X.

Ho fortalde først om diagnosen i mars.

Dette var ein månad etter at ho starta ei førebyggande cellegiftbehandling på legane si anbefaling, fortalde ho då i eit innlegg på Instagram.

No skriv den britiske kronprinsessa at ho gradvis kjem til å vende tilbake til offentlege oppdrag i løpet av dei neste månadane.

– Livet slik du kjenner det kan endre seg på ein augneblink, seier ho vidare, og skildrar det siste halvåret som «vanvitig vanskeleg».

Ein talsperson for den britiske kongefamilien seier til BBC at det ikkje er mogleg på dette tidspunktet å slå fast om prinsessa er kreftfri.

Publisert 09.09.2024, kl. 17.42 Oppdatert 09.09.2024, kl. 17.54

Read Entire Article