– Det har vore så mange usemjer mellom meg og nokon i familien min, seier han, og legg til at han no har «tilgjeve» dei.
Det seier den britiske prinsen i eit intervju med BBC som blei gjort i California gjort fredag etter han tapte ei rettssak om å få særskilt vern under besøk til heimlandet Storbritannia.
Prins Harry skuldar på den britiske kongefamilien for å ikkje få vilja si i retten. Han har i fleire år kjempa for å bli verna av politiet under besøk til heimlandet.
Grunna denne avgjerda seier han at han er skeptisk til å reise til Storbritannia no.
– For tida kjenner eg meg veldig svikta av Storbritannia, seier han.
I dag bur han i USA saman med kona hertuginne Meghan saman med dei to borna deira.
I dag bur prins Harry saman med kona hertuginne Meghan saman med dei to borna deira i USA.
Foto: ODD ANDERSEN / AFP / NTBHarry seier han for tida ikkje høyrer noko frå far sin kong Charles.
– Han vil ikkje snakke med meg på grunn av desse tryggingsgreiene, seier Harry til BBC.
Publisert 02.05.2025, kl. 18.25 Oppdatert 02.05.2025, kl. 18.30