Møtet skjer på Clarence House i London, der kong Charles bur.
Førre gong dei så kvarandre var i februar i fjor. Den gong flaug prins Harry til London etter nyheita om at kongen skulle gå gjennom kreftbehandling.
Prins Harry sit i denne bilen som onsdag ettermiddag er på veg mot Clarence House i London.
Foto: Carlos Jasso / Reuters / NTBI dag bur prins Harry i USA saman med kona hertuginne Meghan. Dei har to barn saman.
Prinsen kom til Storbritannia måndag og skal vere i landet i fire dagar, ifølgje Sky News.
Det første han gjorde då han kom, var å leggje ned blomar på grava til bestemora si, dronning Elizabeth – på dagen tre år etter at ho døydde.
Ønsker forsoning
Prins Harry har nesten ikkje vore på talefot med den britiske kongefamilien dei siste åra.
I 2023 gav han ut sjølvbiografien «Spare», der han skildra det kompliserte familieforholdet.
– Nokre medlemmer av kongefamilien vil aldri tilgi meg for at eg skreiv boka, men eg ønsker ei forsoning, sa prinsen til BBC i mai.
Prins Harry kommenterte også forholdet til sin far konkret i intervjuet med BBC:
– Han vil ikkje snakke med meg på grunn av desse tryggingsgreiene, sa han og viste til ein konflikt om kva for tryggingsordning han og familien har krav på når dei er i Storbritannia.
Vaktene utanfor Clarence House er klare for å ta imot prins Harry.
Foto: Carlos Jasso / Reuters / NTBHan sa også at han er usikker på kor mykje lenger faren hans har att å leve.
– Det er ingen vits i å fortsetje å krangle, livet er dyrebart, sa prinsen til BBC.
Publisert 10.09.2025, kl. 19.00 Oppdatert 10.09.2025, kl. 19.47