Petter Northug ler av oppstyret: – Dei trur eg satsar mot VM

2 weeks ago 12


Eg sit nesten og flirer, for eg vaknar opp dagleg med meldingar om VM, om det som skal skje der, og kva planane mine til VM er.

Petter Northug smiler om kapp med sola, der han sit på ein trestol 2200 meter over havet i Eira-passet.

Han har akkurat vore 400 høgdemeter lågare og gått to timar roleg på ski på ein knapt to kilometer lang kunstsnøsløyfe i Livigno.

No sit han og snakkar med NRK om planane for vinteren.

Om ein tar utgangspunkt i det som har vore skrive i media det siste halve året – som i all hovudsak har vore basert på den gamle skikongens eigne utsegner – skulle ein trudd det var eit VM-comeback desse planane handla om.

Petter Northug i Livigno

RUNDE PÅ RUNDE: Petter Northug sankar kilometer og bygger blodvolum på i høgda i Italia.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

– Umogleg

I staden fortel 38-åringen ei heilt anna historie.

Eg ser for meg at eg står på sidelinja i Trondheim. Eg visualiserer at eg skal på pallen i Vasaloppet. Det er draumen, seier han.

Er du litt overraska over at snakkinga om VM-deltaking breier om seg, eller er du eigentleg ikkje det når du har sådd frøet?

Eg er litt overraska over kor mykje «hype» og kor mange spørsmål det er, erkjenner han.

Og held fram:

Éin ting er det eg har sagt i Noreg, men internasjonalt blir det oppfatta som at eg satsar mot VM. Så det er litt blanda. Og eg har fleire skiløparar, blant anna i Russland, som eg har kontakt med på WhatsApp. Dei trur at eg satsar mot VM gjennom det dei har lese i norske medium, som sikkert er omsette til deira medium. Så det blir mykje opprydding, då.

Kva seier du til dei, då?

Nei, eg seier det som det er. At det blir umogleg å kvalifisere seg, så å seie håplaust. Men det verkar ikkje som det går inn, seier han, framleis smilande.

Petter Northug og Bjørn Magne Bryn

SOL OVER LIVET: Etter nokre år med turbulens, er Petter Northug tilbake i tilværet han liker aller best, som toppidrettsutøvar.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

– Mange soldatar som skal falle

For det er altså der det stoppar seg for ei potensiell VM-deltaking. Petter Northug innser at mange norske løparar per i dag er atskilleg betre kvalifiserte enn han til å gå saman med Johannes Høsflot Klæbo på det norske lagsprint-laget i VM.

Han innser også at moglegheita for å snike seg forbi alle før VM-uttaket i praksis ikkje er til stades.

Northug har gitt seg sjølv éin prosent sjanse, og står framleis for den vurderinga.

Det er mange soldatar som skal falle framfor meg før eg står i rekka der. Derfor blir det feil av meg å drøyme om noko som verkar så umogleg, seier mannen som frå før har 13 VM-gull i samlinga.

Han er samtidig ikkje meir beskjeden enn at han garanterer at det blir 14 viss han mot alle odds skulle få sjansen.

Petter Northug i Livigno

DET STØRSTE NAMNET: Northug-merket skil seg ut langs løypa i Livigno.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Garanterer gull

Eg kan garantere at det hadde blitt VM-gull viss eg hadde gått førsteetappe, saman med Johannes. Eg kunne også gått andreetappe, seier han, og gliser igjen.

Han har trena veksling med Klæbo under høgdeopphaldet i Italia. Og sjølv om han avskriv seg sjølv i VM-samanheng, og hevdar at det er Vasaloppet han drøymer om, så legg han ikkje skjul på at første del av sesongen blir lagt opp for å gi VM-hypotesen ein sjanse.

Han går den nasjonale sesongopninga på Beitostølen, skandinavisk cup på Lillehammer – og legg inn eit nytt høgdeopphald før NM, der det siste VM-toget går.

Kjenner du at du gir 100 prosent for å gi den eine prosenten ein sjanse?

Ja, viss ikkje hadde eg gått langløp før jul. Eg vil vise til folket, og med hjartet på handa seie, at eg prøver på den eine prosenten. Derfor går eg allround til NM, ikkje noko anna. Derfor er eg i høgda no. Eg lovar ingenting, men eg håper eg er i bra form i midten av januar og kan gå fort på ski, seier Petter Northug.

Publisert 07.11.2024, kl. 07.02

Read Entire Article