Fleire strender i området er stengd etter angrepet. Det opplyser australsk politi.
– Me hadde ein forferdeleg tragedie nede ved Dee Why-stranda i dag tidleg. Ein 57 år gammal mann frå Dee Why vart funnet i sjøen med dødelege skadar, etter det me trur var eit haiangrep, seier politiinspektør John Duncan ifølgje nyheitsbyrået Reuters.
Mannen hadde gått ut for å surfe laurdag morgon lokal tid med nokre venner. Etter det politiet forstår var mannen ein erfaren surfar.
Vennene kom seg tilbake til land trygt, men mannen vart seinare funnet død i vatnet.
– Det kan sjå ut som om dette var ein stor hai. Han har mista fleire kroppsdelar.
Fleire strender i området er stengd etter angrepet.
Foto: Mark Baker / AP / NTBForsøkte å gi han førstehjelp
Det vart utført fleire forsøk på livreddande førstehjelp.
– Diverre lykkast det ikkje å redde han, seier Duncan.
Politiet har snakka med ein rekke vitnar etter hendinga. Dei vil no undersøkja surfebrettet og den avdøde mannen.
– Eg har surfa over heile verda, og det er ein risiko me alle aksepterer. Og dette er berre heilt tragisk. Det finst eigentleg ikkje noko anna å seia – det er berre tilfeldig uflaks, trur eg, seier surfar Bill Sukala til nyheitsbyrået.
Første dødsfall på tre år
Det er sjeldsynt at folk drepne av hai i Sydney. Sist gong vart i 2022, og gongen før da var heilt tilbake i 1963.
Det er ikkje kjent kva slags hai det er som står bak angrepet på den 57 år gamle mannen.
I 2022 vart det ein kvithai som sto bak angrepet på ein britisk dykkar vart drepen.
Den australske skodespelaren Marcia Hathaway vart drepen av ein ukjend haitype i 1963.
Haiangrep på menneske skjer sjeldan, med kring 100 rapporterte tilfelle kvart år over heile verda. Under 15 prosent av dei har eit dødeleg utfal, ifølgje Norsk institutt for naturforskning.
Publisert 06.09.2025, kl. 08.47