Den største trusselen mot demokratiet kjem ikkje frå arbeidsfolk som krev meir rettferd. Ho kjem frå rike elitar som brukar formuane sine til å kjøpe seg makt.
Medlem av AUF sitt sentralsstyre. Leiar av Skule arbeid og boligutvalet // Leiar av faglegpolitisk utval.
Dette er en kronikk
Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning.
Michael R. Strain meiner det er farleg å politisk kritisere milliardærar. Eg meiner det motsette. Det farlege er å late vere.
Les også
Krigen mot milliardærene er farlig og meningsløs
«Makt korrumperer, og absolutt makt korrumperer absolutt» blei allereie formulert av John Acton i 1887. Advarselen om korleis ukontrellert makt vil bli misbrukt er viktigare enn nokon gong å lytte til. Milliardærar eig medieplattformer, finansierer valkampar, pressar politiske parti og brukar pengar på å flytte samfunnet til ytterkanten av høgresida, er det ikkje berre eit problem for venstresida. Det er eit problem for demokratiet.
For demokratiet byggjer på den enkle ideen om ei stemme per menneske, ikke hva du har i formue.
Penger er makt. Verdens finanseliter bruker den makten til å kjøpe merksemd, tilgang og innverknad. Dei finansierer renspikket propaganda for å fremme skattekutt til seg selv og kutt i velferdstjenester.
Det er ikkje tilfeldig. Det er klassekamp frå toppen.
I dag eier verdens 1 prosent rikeste omtrent 47 prosent av all formue i verden, mens 40 prosent av befolkningen eier kun 1 prosent av verdens formue. Kaken som bakes større, spises opp av dem som eier bakeriet. Dette er ikkje berre retorikk. Ein ny Oxfam-rapport åtvarar om at ekstrem ulikskap kveler demokratiet. Når nokre få eig enorme delar av rikdommen, får dei også meir politisk makt enn andre.
I USA har vi sett korleis milliardærar nærmest dominerer politikken. Dei finansierer kandidatar, eig digitale plattformer, nyhetskanaler, aviser og sit tett på makta. Då Donald Trump kom tilbake til Det kvite huset, var det ikkje vanlege arbeidarar som fylte dei fremste rekkjene. Det var verdas rikaste menn.
Menn som Musk, som bruker rikdommen sin på å påvirke valg i Tyskland, Ungarn, UK og Frankrike. Dette er ikke ytringsfrihet, det er maktskjevhet i praksis.
Når pengemakta flyttar inn i politikken, blir demokratiet svekka.
Det er ikkje milliardærar som skaper verdiane i samfunnet. Det er arbeidstakarane, fellesskapet som bygger infrastruktur og staten som utdanner kompetanse. Det er helsefagarbeidaren, læraren, industriarbeidaren, reinhaldaren, sjukepleiaren, butikktilsette, elektrikaren, barnehageassistenten og bussjåføren.
Utan dei stoppar Noreg.
Likevel er det ofte dei med mest pengar som blir lytta mest til. Når dei rikaste klagar over skatt, får dei spalteplass, møte med makta og millionkampanjar i ryggen.
Det er eit sjukdomstegn, og diagnosen er at forskjellene er for store. Pengemakten er for konsentrert.
Det er denne ubalansen sosialdemokratiet finst for å rette opp.
Ingen nektar for at fleire av verdas rikaste har bidrege med gode idear og store verdiar. Men økonomien er ikkje ei naturlov. Han er eit system skapt av menneske.
Når dette systemet let mange i verda mangle det dei treng for å overleve, medan nokre få sit på verdiar så store at vi knapt klarer å fatte det, då er det sjølvsagt på sin plass å endre systemet.
For rikdom er ikkje berre pengar. Rikdom er makt.
Michael R. Strain meiner krigen mot milliardærane er farleg og meiningslaus. Eg meiner det farlege er å late milliardærmakta vekse fritt. Eit samfunn med små forskjellar er ikkje berre meir rettferdig. Det er meir demokratisk.

4 hours ago
4











English (US)