Eit halvt liv i fengsel skal bli til eit heilt liv i friheit.
– Det eg har lyst til å fortelje, er kor gale det kan gå. Eg er ingen helt, men det er håp.
Patrick Ije Langseth (44) sveittar så det siler. Han beveger dei tunge taua raskt og fritt.
Dette er kvardagen hans no.
No er historia hans om eit liv i kriminalitet og til saman 18 år i fengsel blitt til TV-serien «Flus» som har kome med to sesongar.
I serien heiter hovudpersonen Kelechi, spelt av Tobias Haile Furunes.
– Kelechi er jo basert på meg og mi reise, seier Patrick.
Det er han som er den ekte hovudpersonen i serien. Men no har han også blitt hovudpersonen i sitt eige, nye liv.
Ei open dør ut mot verda, slik var det ikkje før.
Foto: Kjetil Solhøi / NRKOg no fortel han om kor bra det faktisk kan gå – til slutt.
Takka vere vener som held ut og som gir deg nye sjansar.
No er han også straks klar med ein ny podkast kalla Null CAP.
– Det er ein podkast for unge menn der eg snakkar om kjensler og vanskelege ting og eg har gjestar med gode og ekte historier der vi deler kunnskap og erfaringar.
– Fall utanfor
For å forstå korleis Patrick har kome dit han er no, må vi tilbake til drabantbyen og oppveksten.
For det er langt frå jobb på moderne treningssenter og TV-suksess til ein oppvekst utan den nødvendige tryggheita.
– Eg forstod ikkje systemet og fall utanfor. Men eg er eit offer for mi eiga oppvekst og mine eigne feil.
– Det var ingen som stilte nokon krav til meg.
I drabantbyen blei Patrick kjend som den som var god i idrett.
Men freistingane blei etter kvart for store.
Han ville ha dei nyaste Jordan-skoa. Han ville ikkje spørje mora om pengar til det.
– Mor mi slapp kanskje å tenke på ei utgift, så ho lét det gå, seier Patrick.
Han drakk ikkje, han kom heim tidleg, han tok aldri noko ulovleg med heim.
– No snakkar jo folk om rekruttering til kriminelle miljø. Men det var ingen som rekrutterte meg.
For Patrick glei etter kvart inn i eit miljø der alvorleg kriminalitet blei kvardagen.
Jakta på eit fritt liv med mykje flus blei kvardagen.
Dei var unge og udødelege.
Raske pengar og raske bilar, kundar som ville ha varene dei kunne skaffe.
Patrick blir ein sentral del av ein underverd i Oslo som turistane aldri ser.
Alt slik det blir skildra i TV-serien «Flus».
Fengselet venta
Tobias Haile Furunes som Kelechi i Flus.
Foto: NRKJon Øigarden i rollen som Wilhelmsen viser fram sine nye gulltenner i denne sesongen.
Flus skildrar eit miljø dei færraste av oss kjenner til.
Men som i TV-serien kjem det ofte ein brå slutt. Brått står politiet der og tar deg. Og dommarane i retten dømmer deg.
Første gongen i 2003, så i 2004 og til slutt i 2009.
Det er alvorlege forbrytelsar, det er frakt og oppbevaring av større mengder narkotika og påverknad av vitne.
I den siste rettssaka tilstår Patrick alt, men dommen frå lagmannsretten er tydeleg: 12 nye år i fengsel.
Patrick blir alvorleg når han snakkar om denne tida.
For det å bli fråteken friheita er ingen dans på roser. Og Patrick sin kritikk er hard.
– Eg lyst til å vere såpass tydeleg og ærleg at eg meiner at samfunnet og fengselet svik den innsette, seier Patrick.
Patrick Ije Langseth er i dag ein fri mann.
Foto: Kjetil Solhøi / NRKMeiner det er for lite hjelp
For når du kjem ut etter mange år er du ikkje klar for samfunnet. Det er ikkje god nok oppfølging, meiner han.
– Og om ikkje du er sterk i deg sjølv, eller har eit nettverk av vener, så blir det jævlig vanskeleg for deg.
I serien «Flus» blir det skildra korleis han meiner at systemet ikkje fungerer. Det har Patrick kjend på kroppen.
– Eg kunne ønskje at eg kunne seie at kriminalomsorga har hjelpt meg, men dei har ikkje gjort noko som helst for meg.
Han fortel om korleis det var å kome ut og oppleve korleis samfunnet hadde utvikla seg, utan at nokon i fengselet hadde førebudd han på det.
– Eg fekk beskjed om at det var «noko til meg i Altinn», eg ante jo ikkje kva det var, seier Patrick.
Kriminalomsorga er samd i at det særleg den teknologiske utviklinga kan vere vanskeleg.
– Den teknologiske utviklinga går raskt, og det kan vere vanskeleg for innsette å halde seg oppdatert, innrømmer direktoratet.
Marianne Endresen, som jobbar med kommunikasjon i Kriminalomsorga, seier at dei jobbar med å forbetre dette.
– Blant anna gjennom den digitale tenesta Kompass, som gir innsette tilgang til offentlege nettsider, bankar og digital post, skriv ho til NRK.
Patrick Ije Langseth og Yosef Wolde-Mariam har vore nære vener i mange år.
Foto: PrivatBestekompisar
For der han meiner at det offentlege svikta, var det andre som var der då det nærma seg slutten på soningstida.
Éin av dei var Yosef Wolde-Mariam, best kjend for folk flest frå duoen Madcon og frå «The Voice».
Patrick sin bestekompis gjennom mange, mange år.
Traileren til sesong 2 av «Flus».
I 2021 blei han kontakta i fengselet av Yosef og Mikael Samuelsen som ville lage TV-serie om livet til Patrick.
Ei rå fortelling om kriminaliteten dei færraste av oss kjenner.
– Dei ville snakke om vårt liv og korleis det var, og eg ville hjelpe dei.
Men Patrick hadde ingen planar om å bli verande i Noreg då han slapp ut av fengsel.
Han ville vekk frå alt, helst flytte til Spania.
Men Yosef og Mikael ville det annleis.
– Hald ut, du kan heller begynne å jobbe med oss, sa dei.
Yosef Wolde-Mariam er glad for at Patrick blei med dei for å skape «Flus» og på den måten skapte seg eit nytt liv.
For sjølv om Yosef blei musikk-kjendis og Patrick blei kriminell, låg alltid venskapen i botnen av alt.
– I verda hans så representerte eg kanskje noko som var ein del av det barnlege, uskuldige og positive. I verda mi så representerte han noko som var lojalitet, tryggleik og støtte.
– Usedvanleg flink
Når domstolane dømde Patrick, så blei han aldri dømd av kameraten frå barndomen.
– Vi var liksom berre vener som delte tankar og reflekterte. Vi tilhøyrde ikkje den same verda, så då vi møttest skapte vi vår eiga verd, seier Yosef.
Han skildrar Patrick som varm, støttande og flink til det han gjer.
– Eg vil seie han er usedvanleg flink til å sjå menneske og behova deira.
Trening har alltid vore viktig for Patrick. No jobbar han som PT og i TV-bransjen.
Foto: Kjetil Solhøi / NRKPå treningssenteret i Nydalen i Oslo får NRK vere med når han gir treningsråd til ein kollega.
– Kom igjen. Du klarar ein til!
Stemma til Patrick er mild, men bestemt.
Han er ein av dei som ser deg inn i augene og meiner det han seier.
Frå eit liv som yrkeskriminell har han no vore med og skapt ein TV-serie, han jobbar som personleg trenar og han vil nyte friheita.
Saman med sambuaren Tonje Jenssen skapar han også nytt liv.
Ei hand, ein fot, eit nytt liv. Det skapar håp for framtida.
Foto: PrivatHan veit altfor godt kor lett det er å bli stempla som tidlegare kriminell.
Men han håpar at hans historie kan opne augene på dei som bestemmer.
Og ikkje minst gi håp til mange unge som står på kanten av eit liv der kriminalitet er ein av vegane.
– Det er ikkje meir ungdomskriminalitet no enn det var før, meiner Patrick.
Han vil at samfunnet skal vere der for «kidsa» og bruke pengar frå det rike Noreg til å bygge opp miljøet rundt dei unge.
Det er nye tider, også for Patrick.
Foto: Kjetil Solhøi / NRKAlt i staden for å fotfølge verstingane må samfunnet tenke på framtida, meiner Patrick.
– Spør dei kva dei likar, kanskje nokon likar musikk, kanskje nokon likar teater. Skap samhald i staden for kløft.
Sjølv om han har vore eit halvt liv i fengsel vil han no leve eit heilt liv skapt på gode verdiar.
Han veit betre enn dei fleste korleis det er å vere ung og lovlaus.
Men det er håp, meiner Patrick Ije Langseth.
– Eg kan ikkje seie til folk kva dei skal gjere. Men eg har veldig lyst til at folk skal sjå kva eg har fått til. Og eg er stolt av kvar eg er i dag.
Publisert 01.04.2025, kl. 21.04