Over halvparten av kleda vi kastar er fullt brukbare

5 hours ago 1


– Den ser heil og fin ut. Det er ingen hol, seier masterstudent i nanoteknologi, Oda Natalia Brunstad.

Saman med medstudentar har ho gått gjennom over eit tonn med klede som folk har kasta i avfallsdunken for tekstil på Forus i Sandnes.

Analyseprosjektet er ein del av eit større forskingsprosjektet ved NTNU.

Og Brunstad trur nesten ikkje det ho ser.

Studentar viser fram klede

Oda Natalia Brunstad viser fram ei heilt fin poloskjorte som ho meiner kunne hengt på eit stativ i ein bruktbutikk.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Vi er overraska over å finne så mykje som faktisk er fint, og som kunne gått til gjenbruk, men så har det blitt sortert som avfall og øydelagde tekstil.

Mykje er eigentleg brukbart

18 andre studentar gjer same analysejobben i Stavanger, Trondheim, Kristiansand, Oslo og Ålesund.

For kor mykje av det som folk meiner er øydelagt, er eigentleg heilt brukbart?

Anitar Austgård viser fram klede

Anita Austigard, overingeniør hos IVAR, seier at hovuddelen av kleda som kastast er heilt fine.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Ein heil del, ifølge driftssjef Anita Austigard i IVAR.

– Hovuddelen av tekstila er brukbare og kunne vore selde i ein butikk. Rundt 60 prosent, seier ho.

Studentane har samarbeida med vann-, avløps- og renovasjonsselskapet.

– Skadeleg og unødvendig

Resultatet får miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender til å reagere.

– Dette er heilt vanvitig. Når vi kastar så mykje som er brukbart så betyr det at vi kjøper altfor mykje vi ikkje treng. Dette overforbruket er ikkje berre skadeleg, men også heilt unødvendig, seier fagsjef for Framtiden i våre hender, Ingrid Næss-Holm.

Ingrid Næss-Holm, klimarådgiver Kirkens Nødhjelp

Ingrid Næss-Holm er fagleiar for Framtiden i våre hender. Ein norsk miljøorganisasjon som arbeider for rettferd for menneske, natur og klima.

Foto: Roald, Berit

Produksjon av tekstilar og sko står for 8 prosent av det globale klimagassutsleppet

Industrien har eit høgt forbruk av vatn og kjemikaliar og opp til 35 prosent av mikroplasten i havet kjem frå plast i klesplagg.

– Dei plagga vi kjøper påverkar miljøet når dei blir produserte, frakta og når dei til slutt blir kasta, seier Næss-Holm.

Ber folk om å gjere jobben

På Fretex i Sandnes sentrum får dei inn dei kleda som ikkje går i søppelet.

– I dag er det for mykje ting som kan seljast som hamnar på dynga, seier dagleg leiar ved Fretex i Sandnes, Marit Øyre.

– Og så er det for mykje som det ikkje er mogleg å selje, som blir levert til Fretex, held ho fram.

Øyre meiner det må vera råd å hindre at folk kastar brukbare klede som avfall.

Ein tilsett på Fretex står framfor rekker med klede

Marit Øyre oppmodar folk til å skilje mellom boss og brukbare klede.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Forbrukarane må vera nøyare når dei sorterer gamle plagg, er oppmodinga frå Øyre.

Men når skal eit klesplagg kastast?

– Det er berre når klede er fullstendig øydelagde og ikkje lenger kan reparerast at dei bør kastast, påpeikar fagsjefen Næss-Holm.

Kva gjer du med gamle klede?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Ho har eit råd til kva ein kan gjere med gamle klede, i staden for å kaste dei.

– Eg har vakse opp med at vi pussa sko eller vaska overflater med klutar klipt ut av øydelagde sengetøy eller t-skjorter. Dette bør vi gjere sjølv om vi har råd til å kjøpe nytt, seier Næss-Holm.

Publisert 20.08.2025, kl. 11.01

Read Entire Article