Over 1.400 tilsette i fylkeskommunane tener meir enn éin million kroner

5 hours ago 2


NRK har gjort ei stor kartlegging av kor mange tilsette i Noregs 15 fylkeskommunar som tener meir enn éin million kroner.

Tala viser at det er over 1400 tilsette som har millionløn. På toppen er det to fylkeskommunedirektørar som tener over to millionar kroner.

– Det er ei ganske bra lønn til å vere i offentleg sektor, ja, seier Tron Bamrud, fylkeskommunedirektør i Innlandet fylkeskommune, om si eige lønn.

Saman med fylkesdirektør Rune Haugsdal i Vestland fylkeskommune er det dei to som tener mest i dei 15 fylkeskommunane i Noreg.

Haugsdal har ei årslønn på 2,16 millionar kroner, mens Bamrud har ei årslønn på 2,085 millionar kroner. Tala viser det dei tente i grunnlønn i fjor.

– Eg tenkjer den står i forhold til ansvaret eg har. Eg har ansvar for 6500 tilsette, og eit budsjett på 18 milliardar kroner, seier Rune Haugsdal.

Tron Bamrud, fylkeskommunedirektør (Innlandet fylkeskommune) utendørs foran fylkeshuset i Hamar

Tron Bamrud i Innlandet fylkeskommune seier han ikkje har noko problem med å forstå at folk er oppteke av millionlønningar. – For det fyrste er det noko med at ein ser at her er det nokon som tener ein god del meir enn seg sjølve. Og så tenker man at dette er offentlege byråkratar. Og dei finansierast av skattebetalarane.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

Tener meir enn statsministeren

Når Bamrud får justert si lønn seinare i år vil både han og Haugsdal tene meir enn statsminister Jonas Gahr Støre (Ap), som har ei årslønn på 2,13 millionar kroner.

I tillegg har fylkeskommunedirektørane frynsegode og anna godtgjersle.

Bamrud får inntil 9000 kroner kvar månad for å dekke kostnader til sin tenestebustad som han eig på Hamar. Dette gjeld til dømes straum og kommunale avgifter.

Han får i tillegg dekka pendlarkostnader frå sin bustad på Stabekk i Bærum kommune til Hamar der hovudkontoret til Innlandet fylkeskommune ligg.

– Det gjer at eg får ein veldig fleksibel arbeidskvardag. Eg tykkjer det fungerer fint.

Reagerer på NRK-tala

NRK har over lengre tid bedt om innsyn i kor mange som tener over éin million kroner i dei 15 fylkeskommunane som finst i Noreg.

Til saman er det over 1400 personar som tener over éin million kroner i fast årslønn i fylkeskommunane.

Sannsynleg er det fleire, men Oslo kommune har ikkje oversikt over kor mange som jobbar i kommunen og fylkeskommunen.

Politikarar frå fleire politiske parti reagerer kraftig på tala til NRK.

– Det er heilt sprøtt at ein fylkesbyråkrat skal tene meir enn statsministeren, seier Erlend Wiborg frå Framstegspartiet.

Erlend Wiborg stortingsrepresentant for Frp.

Erlend Wiborg frå Framstegspartiet reagerer kraftig på tala.

Foto: Kristoffer Steffensen Lenes

– Vi bør kanskje ha nokre statlege retningslinjer for å bremse denne lønnsspiralen, seier Hanne Stenvaag frå Raudt.

Les meir om dei politiske reaksjonane lenger ned i artikkelen.

Flest med millionlønn på Vestland

Det er aller flest som tener over ein million kroner i Vestland fylkeskommune. Der er det 156 personar som tener over ein million kroner.

en stor steinbygning

Ein stortingsrepresentant tener 1,21 millionar kroner.

Foto: Roar Andre Berntsen / NRK

Til samanlikning får statsministeren i Noreg, Jonas Gahr Støre, 2.134.434 kroner for statsministerjobben i 2025.

Ein statsråd tener 1,73 millionar kroner, mens ein stortingsrepresentant tener 1,21 millionar kroner.

Ifølge Teknisk berekningsutval (TBU) var gjennomsnittslønna for toppleiarar i kommunar og fylkeskommunar, altså øvste administrative leiar (kommunedirektør), 1.392.800 kroner per desember 2024.

– Måtte til for at eg skulle ta jobben

Tron Bamrud har leia Innlandet sidan før Hedmark og Oppland blei slått saman i 2020.

– Da vart det slik at vi vart einige om eit lønnsnivå dei meinte var riktig, seier han, og legg til:

– Det var det som skulle til for at eg skulle ta denne jobben. Samanslåinga var ein krevjande sak, men det har gått bra.

At han òg får dekt utgifter til tenestebustad på Hamar, og pendlarkostnader frå Bærum til Hamar, seier han at det òg måtte til for å kompensere for ulempa å jobbe i Innlandet.

Han fortel om mange arbeidstimar og eit stort ansvar.

Tron Bamrud, fylkeskommunedirektør (Innlandet fylkeskommune) utendørs foran fylkeshuset i Hamar

Tron Bamrud eig tenestebustad på Hamar og får dekt fleire kostnader. Den samla variable utbetalinga i tillegg til fastlønna i 2024 var på 181.000 kroner.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

Vestland med flest millionlønningar

Også Rune Haugsdal i Vestland fylkeskommune, som sit på den nasjonale fylkeslønntoppa med 2,16 millionar i 2024, omtalar lønna som «god».

Haugsdal seier at når det gjeld Vestland, der dei har 156 på millionlista, er mange av dei tilsette innanfor skuleområdet.

– Og ein lektor hos oss tener ein stad mellom 700.000 og 800.000 i dag. Rektorar, som utgjer ein ganske stor andel av dei med millionlønn, ligg over millionen. Og så har du leiarnivået over der igjen, som gjer at vi kjem opp i det antalet. Det er ein marknadslønn ut frå der vi står.

Han peikar på at ein konkurransedyktig lønn er naudsynt når ein sett på folk i konkurranse med andre offentlege etatar og privat næringsliv.

Rune Haugsdal, fylkesdirektør Vestland fylkeskommune

Rune Haugsdal frå Vestland fylkeskommune tener mest i fylkeskommunane.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Dette svarer partia

NRK har spurt partia Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Raudt, Framstegspartiet og Sosialistisk Venstreparti kva dei meiner om millionlønningane i fylkeskommunane. Sjå reaksjonane ved å sveipe bortover her:

  • mann med dress og slips på et kontor

    Silje Rognsvåg / NRK

    Erlend Wiborg (Frp), fyrste nestleiar i Kommunal- og forvaltningskomiteen

    – Det er heilt sprøtt at ein fylkesbyråkrat skal tene meir enn statsministeren. Det høyrer ingen stand heime. At over 1400 tilsette tener over ein million kroner høyrast brutalt ut. Vi meiner fylkeskommunane er eit unødvendig forvaltningsnivå og bør leggjast ned. Oppgåvene kan flyttast til anten kommunane eller staten.

  • ei mann i dress

    Jøte Toftaker / NRK

    Emil Raaen (Ap), statssekretær frå Kommunal- og distriktsdepartementet

    – Kommunar og fylkeskommunar er sjølvstendige forvaltningsnivå og eigne rettssubjekt som tek avgjersle på eige initiativ og ansvar. Lønns- og vilkår for tilsette i fylkeskommunen ligg til fylkeskommunen som arbeidsgjevar sjølv å bestemme. Vi legg til grunn av våre kommunar og fylkeskommunar bruker offentlege middel på ein effektiv måte, slik at innbyggarane får best mogleg tenester.

  • ei person som smiler til kameraet

    Roar Andre Berntsen / NRK

    Anne Lise Fredlund (SV), medlem av Kommunal- og forvaltningskomiteen

    – Dette er eit høgt tal. Det kan ikkje vere så stort gap mellom den som tener dårlegast og den som tener best. Ein reinhaldar er like verdifull som ein fylkeskommunedirektør. Ingen kan rettferdiggjere ei lønn høgare enn statsministeren. Eg forventar at lønsnivået i fylkeskommunane følgas opp. Vi treng tre forvaltningsnivå i Noreg, men vi må sjå på korleis oppgåvene skal løysast.

  • ei kvinne som bruker briller

    Roar Andre Berntsen / NRK

    Hanne Beate Stenvaag (Raudt), leiar av Kommunal- og forvaltningskomiteen

    – Høgt tal og stort apropos til økonomisk krise landet rundt. Er ikkje OK at nokon tener meir enn statsministeren. Kanskje bør vi ha statlege retningslinjer for å bremse lønsspiralen.  Vi har mange kompetente folk som kan gjere ein god jobb utan så høge lønningar. Folk skal ha lønn som kompenserer for ansvaret, men innafor rimelegheitas grenser. Fylkeskommunen er eit politisk nivå som vi treng.

  • ei mann i dress

    Roar Andre Berntsen / NRK

    Bengt Fasteraune (Sp), medlem av Kommunal- og forvaltningskomiteen

    – Generelt meiner eg at det ikkje høyrer heime noko stad at toppleiarar i fylkeskommunane skal tene meir enn statsministeren. Eg meiner at avbyråkratisering er absolutt naudsynt. Når det gjeld fylkeskommunen må vi sjå på kva den skal vere i framtida. Vi meiner dei bør få fleire oppgåver.

– Må kjempe om arbeidskraft

Tron Bamrud seier han ikkje er overraska over at meir enn 1400 personar tener over éin million i fylkeskommunane i Noreg.

– Det er mange høgkvalifiserte folk som jobbar med veldig spesialiserte tema, då må man kjempe om arbeidskrafta også, vi som alle andre, seier Bamrud, og legg til:

– Og det er mange leiarar i fylkeskommunen også, som har eit veldig stort ansvar. Så eg synst ikkje det er urimeleg at ein lønnar på gjengs nivå i samfunnet. Om ikkje, så klarer vi korkje å få tak i eller holda på dei som er ordentleg gode.

Bamrud trur også at lønnsutvikling, prisstigning og kamp om arbeidskraft framover vil gjere at fleire vil bikke millionlønn i framtida.

Tron Bamrud, fylkeskommunedirektør (Innlandet fylkeskommune) utendørs foran fylkeshuset i Hamar

Tron Bamrud er fylkeskommunedirektør i Innlandet.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

Statsvitar: – Skattepengane skal ikkje sløsast

Tord Willumsen, fyrstelektor ved fakultet for økonomi og samfunnsvitskap frå Universitet i Innlandet, meiner tala til NRK bør bli sett på med interesse frå fleire hald.

– Eg trur vi kjem til å venne oss til eit høgare lønnsnivå etter kvart, men det er spesielt leiarlønningane her som er problematisk.

Statsvitaren peiker på at oppfatninga er at ingen bør tene meir enn sjefen i Noreg, som er statsministeren.

– Dei har vist moderasjon i det siste, men vi ser lønnsvekst i privat næringsliv der dei konkurrerer om mange av dei same. Det kan vere vanskeleg å halde tilbake i alle sektorar i stat og kommune trass i at dei viser moderasjon på toppen.

Valforskar Tord Willumsen ser i kamera med raudburgunder skjorte på. Han smiler.

Tord Willumsen, statsvitar frå Universitetet i Innlandet.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

At millionlønningar i det offentlege vekker engasjement er heilt naturleg, meiner han.

– Dette er skattepengane våre og dei skal ikkje sløsast bort. I kommunal- og fylkeskommunal sektor blir det spart ganske kraftig, og da reagens det kraftig om toppleiarar har høge lønningar.

Han trur det er vanskeleg å reversere ein lønnsgalopp.

– Det er vanskeleg å tilsette nye leiarar som skal ha lågare løn enn sin forgjengar. Når ein fyrst har kome dit er det vanskeleg å snu.

NRK Innlandet opplyser om at Willumsen vart brukt som valekspert under stortingsvalet 2025.

Debatten om millionlønningar rasar

Debatten om lønningar i det offentlege har rast etter artiklane om millionlønningane i Helse Nord.

Nyleg vart det kjent at det er over 600 direktørar i helseføretaka. Der vart det også kjent at ein kommunikasjonsdirektør tener meir enn helseministeren.

Sidan har debatten rast om millionlønningane. Debatten har vakt sterke reaksjonar landet rundt og eit av dei mest engasjerande innlegga kom frå lege Hanna Edøy Lossius.

Sjekk gjennomsnittslønna i ditt yrke her:

Det er rett nok ikkje berre Helse Nord eller fylkeskommunane som har tilsette med millionlønningar.

Også i NRK er det mange som tener over ein million kroner. Ifølge tal som Medier 24 har fått er det 244 tilsette i NRK som tener over ein million kroner.

Kringkastingssjef Vibeke Fürst Haugen tener aller mest med ei grunnlønn på 3,98 millionar kroner.

1357 tilsette i Oslo med millionlønn

Sannsynlegvis er det fleire i fylkeskommunane som tener over ein million kroner sidan Oslo ikkje er med i totaltalet. Grunnen er at Oslo er både kommune og fylkeskommune.

NRK har bedt om dei same tala frå Oslo som frå dei andre fylkeskommunane, men ifølgje seksjonssjef Harald Nævdal er det ikkje mogleg å skilje mellom tilsette i fylkeskommunen og kommunen.

Oslo kommune kutter i budsjettet

I Oslo kommune og fylkeskommune er det 1357 tilsette som tener over ein million kroner.

Foto: NRK / NRK

Dei opplyser uansett at til saman 1357 tilsette i Oslo har ei årslønn på over éin million kroner. Kor mange av desse som høyrer til fylkeskommunen er usikkert.

– I fleire tilfelle vil nok tilsette ha ein kombinasjon av ansvarsoppgåver som inngår i ein kommune og fylkeskommune, seier Nævdal.

Sjå fylkesoversikta her:

Fylkesoversikta

Totalt tener 1400 tilsette over éin million kroner. Det er 49.474 tilsette i fylkeskommunane og så kjem Oslo i tillegg.

Agder:

100 tilsette i Agder fylkeskommune har ein grunnlønn på over éin million kroner. Personen med høgast årslønn er fylkesdirektør Tine Sundtoft. Ho fekk 1.700.000 kroner i 2024.

Blant yrkesgruppene her finn vi tannlegar, direktørar, seksjons- og avdelingsleiarar, rektorar og rådgivarar.

Agder fylkeskommune har 3844 tilsette ifølge Bizweb.

Akershus:

180 får over éin million kroner utbetalt i årslønn.

Fylkesdirektør Ellen Christine Christiansen tener mest, med 1.903.515 i årslønn. Ho er fylkesdirektør ved fylkesrådsleiarens kontor, og tener cirka 300.000 kroner meir enn de andre fylkesdirektørane i fylkeskommunen.

Det er elles fire fylkesdirektørar og ein avdelingsleiar som tener over 1,5 millionar i Akershus.

Akershus fylkeskommune har 7823 tilsette ifølge Bizweb.

Buskerud:

89 tilsette i Buskerud fylkeskommune tente over éin million kroner i 2024. Fylkeskommunedirektør Jan Sivert Jøssendahl tente mest med 1.883.428 kroner i årslønn.

Fire avdelingsleiarar tener òg over 1,5 millionar kroner. Blant yrka finn vi fleire leiare, tannlegar, rådgivarar og rektorar.

Buskerud fylkeskommune har 2783 tilsette ifølge Bizweb.

Finnmark:

35 i Finnmark fylkeskommune hadde over ein million kroner i grunnlønn i 2024. Fylkeskommunedirektør Øystein Ruud, som i februar varsla han gjekk av, tente mest med 1.482.620 kroner.

Finnmark fylkeskommune har 1389 tilsette ifølge Bizweb.

Innlandet:

90 tilsette i Innlandet hadde over éin million kroner i årslønn i 2024. Her finn vi både rektorar, tannlegar, sjefar og leiarar.

Fylkeskommunedirektør Tron Ole Bamrud toppa årslønn-lista med 2.085.500 kroner i årslønn.

Innlandet fylkeskommune har 4559 tilsette ifølge Bizweb.

Møre og Romsdal:

94 tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune tener over éin million kroner. Blant stillingsnemningane finn vi ein rekke kommunalsjefar, leiare, rektorar og tannlegar.

Den som tener aller mest er fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak, med 1.649.484 kroner.

Fylkeskommunen har 2772 tilsette, ifølge Bizweb.

Nordland:

87 tilsette i Nordland fylkeskommune tener over éin million kroner. Her finn vi leiare, tannlegar, rektorar, advokatar og rådgivarar.

Nordland har seks fylkesdirektørar. Fem av dei er på lønnstoppen med 1.355.790 kroner kvar.

Ifølge Bizweb er 3543 tilsett i fylkeskommunen.

Rogaland:

I Rogaland finn vi 78 som har fått utbetalt over ein million kroner i årslønn i 2024. Blant dei fleire rektorar, avdelings- og seksjonssjefar, rågivarar og direktørar.

Fylkesdirektør Gunn Claire Westad fekk mest i årslønn, ho hadde ein årslønn på 1.732.000 kroner.

Merk: I fleire andre fylkeskommunar finn vi og tannlegar på millionlista. I Rogaland har dei organisert tannlegane i det fylkeskommunale føretaket Tannhelse Rogaland. Dei er difor ikkje med i denne oversikta.

4763 er tilsett i Rogaland ifølge Bizweb.

Telemark:

58 i Telemark tente over éin million i 2024. Her finn vi leiare, rektorar, advokatar og fylkessjefar.

Fylkesdirektør Ketil Reed Aasgaard tente mest, med 1.734.150 kroner i årslønn.

Ifølge Bizweb har Telemark 1934 tilsette.

Troms:

I Troms er det 86 som hadde meir enn éin million i årslønn i 2024. Her finn vi leiarar, tannlegar og rektorar blant anna.

Øvst på lista ligg Camilla Heggeli Bjørn med 1.413.450 kroner.

Troms har 3020 tilsette ifølge Bizweb.

Trøndelag:

126 i Trøndelag fylkeskommune tener over éin million kroner i årslønn. Fylkesdirektør Carl-Jacob Midttun tente mest med 1.650.000 kroner i årslønn.

Vi finnar tannlegar, rektorar, seniorrådgjevarar, direktørar og leiare på lista her.

Trøndelag fylkeskommune har 4971 tilsette ifølge Bizweb.

Vestfold:

111 tilsette tener over éin million kroner i årslønn. Fylkesdirektør Toril Eeg toppar lista med 1.768.350 i årslønn.

Vestfold fylkeskommune har 2836 tilsette, ifølge Bizweb.

Vestland:

Vestland har 156 tilsette som har over éin million i årslønn. Høgast årslønn har fylkesdirektør Rune Haugsdal, med 2.160.000 i årslønn.

Vi finn også åtte direktørar, ein seksjonsleiar og ein seniorrådgjevar med over 1,5 millionar i årsløn her.

Vestland fylkeskommune har 6980 tilsette, ifølge Bizweb.

Østfold:

108 tilsette i Østfold har over ein million i grunnlønn. Fylkeskommunedirektør Solveig Helene Olsen får mest med 1.931.156 kroner. Tre avdelingsleiarar tener over 1,5 millionar.

Østfold fylkeskommune har 3020 tilsette, ifølge Bizweb.

Publisert 30.10.2025, kl. 09.54

Read Entire Article