Oline (1) blei angripen – mora tok kvelartak på ørnen

1 month ago 9


Laurdag hadde 20 månader gamle Oline vore på låven og lekt saman med mora, Tonje Jakobsen.

På veg over gardstunet kom plutseleg ein ørn ut av det blå og gjekk til angrep på den vesle jenta.

– Mora kasta seg fram og heiv seg over ørnen, fortel far til Oline, Ole Marius Vormedal.

Han fortel at kona hamna i basketak med ørnen som klora seg fast til Oline.

Klørne gjekk berre lenger inn i bakhovudet jo meir ho kjempa.

Til slutt tok mora kvelartak på ørnen heilt til han slapp grepet i dottera.

– Da sprang dei inn i tryggleik.

Ørnangrep Svorkmo

Ole Marius var på jobb da dottera blei angripen. Han trudde nesten han høyrde feil da kona ringde og fortalde kva som hadde skjedd.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Slo ørnen med planke

Naboen Jon Roald Sandvik merka oppstyret like ved.

Da han og kona kom løpande opp til gardsplassen sat ørnen der enno.

– Eg fann meg ein planke og forsøkte å skremme han vekk, fortel han.

Ørnen lét seg ikkje skremme og fortsette å opptre aggressivt. Sjølv om han slo etter ørnen med planken så det ikkje ut til at ørnen blei skremt.

– Du blir redd, sint og får adrenalin. Eg tenkte berre at ørnen skal vekk frå gardsplassen så fort som mogleg.

– Det blei litt brutal behandling, eg må innrømme det.

Ørnangrep Svorkmo

Naboen Jon Roald Sandvik kom raskt løpande da han høyrde rop frå nabogarden.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Likevel så det ikkje ut som om fuglen blei skada og han flaug ikkje sin veg, fortel Sandvik.

– Eg fekk til slutt jaga han oppi steinrøysa like ved.

Der sat ørnen heilt til Ole Marius kom heim. Da gjekk ørnen nok ein gong til angrep

– Ørnen kom og sneia meg før han gjekk til angrep på Ole Marius. Da så eg kor stort dyret faktisk var.

Dei to kom seg inn og ørnen blei igjen sittande på tunet.

Kort tid etter kom viltnemnda og avliva ørnen.

Ørnangrep Svorkmo

Jon Roald Sandvik fortel at han måtte skremme ørnen med ein planke.

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

Lagt i narkose

I tillegg til eit djupt sår i bakhovudet hadde også Oline sår på kinnet, i ansiktet og under haka.

Jenta blei køyrd med ambulanse til legevakta og seinare til St. Olavs hospital i Trondheim.

– Der blei ho lagt i narkose for å undersøke skadane.

Spesielt såret i bakhovudet etter at ørnen klorte seg fast var djupt.

Det har resultert i to-tre sting i bakhovudet, fortel faren.

Sjølv om jenta kom frå det utan alvorlege skader, har hendinga sett ein støkk.

No er ho i fin form fysisk, men er prega av opplevinga. Ho slit med å sove.

Også mora og Oline sine to storesøsken opplevde hendinga som svært ubehageleg.

Dei kjenner seg utrygge. No er fokuset på at det skal vere trygt å vere ute og leike.

– Det er i aller høgaste grad traumatisk, seier faren.

Ørn

Ørnen lét seg ikkje skremme vekk og blei avliva kort tid etter angrepet.

Foto: Per Kåre Vinterdal

Sjokkerande

Også Jon Roald Sandvik seier opplevinga har vore sjokkerande.

– Vi hadde jo aldri trudd at barna som leiker i nabolaget skulle bli angripen av ørn.

Han skjønner ikkje kvifor ørnen gjekk til angrep på nabojenta.

– Her er det kaninar, høner og katter som går på tunet også går ørnen til angrep på ei lita jente?

– Eg skjønner godt at det var ei tøff oppleving for dei som blei angripen.

Ørnangrep Svorkmo

Det var på gardsplassen ørnen plutseleg gjekk til angrep

Foto: Sunniva Skurtveit / NRK

– Usannsynleg at det er fleire ørnar

Etter den dramatiske hendinga blei ørnen raskt avliva.

Den siste veka har det vore fire kjente tilfelle av at ein kongeørn har gått til angrep på menneske.

Jo Anders Auran, seniorrådgjevar i viltseksjonen hos Miljødirektoratet, seier hendinga er svært spesielt.

– Det har ikkje skjedd før at ørn har angripe menneske også skjer det fire gongar i løpet av ei veke.

Han trur det kan vere den same ørnen som har gått til angrep fire gongar.

– Dette er så spesielt at det er høgst usannsynleg at det er fleire ørnar som har gjort dette.

Auran fortel at den daude kongeørnen vil bli undersøka av Norsk institutt for naturforsking og Veterinærinstituttet på tysdag.

Publisert 09.09.2024, kl. 20.47

Read Entire Article