Olav Thon er død

2 hours ago 4


Olav Thon er død, 101 år gammal. Det melder Olav Thon Gruppen sjølv i ei pressemelding.

«Det er med stor sorg vi i dag har motteke bodskapen om at Olav Thon er gått bort. Han vart 101 år gammal», står det i meldinga.

Olav Thon hadde næringsinteresser i eit breitt spekter, og var i mange år ein av dei rikaste personane i Noreg.

Eitt av kjenneteikna hans det siste tiåret var ei raud strikkalue, som han begynte å gå med fordi han fraus på hovudet.

Han hadde blant anna næringsinteresser innan reiseliv, varehandel og eigedomsbransjen. Gjennom Olav Thon Gruppen gjorde han store investeringar. I 2013 blei alt samla i Olav Thon Stiftelsen, som er morselskapet i Olav Thon-konsernet.

Starta med skinnhandel

Thon blei fødd 29. juni 1923 i Ål i Hallingdal på familiegarden Søndre Thon. Planen var at han skulle studere medisin, men andre verdskrigen sette ein stoppar for studium i utlandet.

Han starta i staden oppdrett av pelsdyr på garden, og skinnhandel i Hallingdal. Han reiste etter kvart til hovudstaden, der han opna pelsbutikk då han var 18 år.

I 1950 gjorde Thon si første investering i eigedom i Oslo, som blei starten på karrieren som investor. Thon Eiendom leiger blant anna ut butikklokale, lagerplassar, leilegheiter og kontorlokale i Noreg og Sverige, men også fleire andre land.

Satsa på hotell

I 1974 kjøpt Thon Hotel Bristol i Oslo, som blei starten på investeringar i reiselivet. 15 år seinare etablerte han hotellkjeda Rainbow Hotels. Målet var å tilby rimeleg overnatting ved sentralt plasserte hotell.

Utover 1990- og 2000-talet kjøpte selskapet opp hotell i Noreg og fleire stader i Europa. I 2005 bytte kjeda namn til Thon Hotels.

I 2020 eigde kjeda over 70 hotell i Europa.

  • Olav Thon og Stein Erik Hagen før sentralbanksjefens årstale i 2018.

    Olav Thon var i fleire år ein av dei rikaste personane i Noreg. Her er han saman med forretningsmannen Stein Erik Hagen i samband med årstalen til sentralbanksjefen i 2018.

  • Olav Thon på hytta i 1970.

    Olav Thon var glad i friluftsliv, og støtta i fleire år Den Norske Turistforening med pengar. På bildet er han avbilda på hytta si på Sollihøgda i 1970.

  • Olav Thon med byste av seg selv

    I samband med 80-årsdagen i 2003 blei Olav Thon tildelt St. Olavsorden for innsatsen sin for norsk næringsliv. Dei tilsette gav han ei byste laga av kunstaren Per Ung.

  • Sissel Berdal og Olav Thon da de giftet seg i 2019

    I 2019 gifte Olav Thon seg med Sissel Berdal Haga på Bristol Hotel i Oslo. Han gav henne æra for den fargerike klesstilen Thon etter kvart blei kjent for.

Delte ut pengar

Olav Thon var glad i naturen, og i 1990 etablerte han ei stifting som hadde som mål å støtte Den Norske Turistforening og fremje turar i fjellet. Pengane frå stiftinga blei blant anna brukt til å bygge, innreie og halde ved like hytter, og til merking og vedlikehald av rutenett.

I 2013 samla Thon store delar av formuen si i Olav Thon Stiftelsen, som gir bort pengar til velgjerande og samfunnsnyttige formål. Kvart år deler dei ut fleire millionar kroner til forskingsprosjekt, institusjonar og personar.

Stiftinga er også morselskapet i konsernet, og forvaltar alle aksjeselskapa Thon var med å bygge opp.

Publisert 16.11.2024, kl. 13.44 Oppdatert 16.11.2024, kl. 13.48

Read Entire Article