Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_f7c8cadb517e7cc874502dd0fd3296fb, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Øl på puben starta eventyret – nå er «landsbylaget» éin kamp unna ellevill bragd - NorwayToday

Øl på puben starta eventyret – nå er «landsbylaget» éin kamp unna ellevill bragd

3 weeks ago 16


Snakk om banebrytande pubsamtale.

I løpet av tre år har den knøttvesle tyske klubben rykka opp frå nivå fire til 2. Bundesliga.

Denne sesongen hamna dei på ein råsterk tredjeplass, berre slått av gigant-klubbane FC Köln og Hamburg.

Difor spelar dei måndag kveld opprykksfinale til Bundesliga mot Heidenheim.

– Det er heilt latterleg, men ein av styrkane med tysk fotball, seier ekspert på tysk fotball, Eivind Bisgaard Sundet, og kommentator hos Viaplay.

Elversberg fans

FOTBALLEVENTYR: Elversberg-fans har opplevd at klubben har rykka opp tre divisjonar på tre år.

Foto: Reuters

– Fornuftig planlegging

Elversberg er ein landsby i kommunen Spiesen-Elversberg, ein kommune med usle 13.000 innbyggarar, der det som regel var dørgande stille og roleg.

Byen ligg heilt vest i Tyskland, om lag ein halvtime frå grensa til Frankrike.

Ein kunne høyre den berømte knappenåla falle.

Men for rundt ti år sidan sat far og son på puben i den vesle byen i distriktet Saarland og ønska å skape ei godt fotballag.

– Vi sat saman over ein øl og vurderte om det ville vere mogleg å gjere SV Elversberg om til eit andredisjonslag gjennom seriøs og fornuftig planlegging, seier president Dominik Holzer (43) ifølgje storavisa Bild.

Pappa er Frank Holzer (72) og styreleiar klubben. Saman driv dei farmasøytselskapet Ursapharm Arzneimittel.

Farmasøytane skreiv ut ei familieintern oppskrift på suksess.

Horst Steffen

SÅKALLA SUKSESSTRENAR: Horst Steffen har ført vesle Elversberg frå nivå 4 til 2. Bundesliga i tysk fotball. Nå kan han igjen rykke opp med klubben.

Foto: Reuters

Ekspert på lån

I 2018 blei trenar Horst Steffen tilsett, og det viste seg at han var ekspert på å signere lånespelarar, gjerne frå lågare divisjonar.

– Vi henta inn spelarar frå distrikts- og regionale ligaer, som vi klarte å gjere til ein suksess på banen. Det var då eg innsåg kva veg som var verdt å ta.

– Vi satsa på spelarar som allereie var avskrive på grunn av skader. Å vedgå at det er meir potensial i spelarane er ein av kvalitetane mine, sa Steffen til avisa RedaktionsNetzwerk Deutscland i 2024.

Oppskrifta er blitt til eit overraskande og forbløffande fotballeventyr i ein elles kynisk fotballindustri.

For det er nettopp også evna til å vise empati og «sjå spelarane» som har ført til ein sensasjonell klatring i divisjonssystemet, meiner hovudtrenar Horst Steffen.

– Det er slik eg blei oppdregen. Spelarar er menneske. Ingen ønsker å vere nummer 7, 11, eller 17. Men eit individ med eit namn. Eg veit korleis det er å trene, jobbe hardt og likevel ikkje få speletid.

– Då blir det ein samtale, og å bygge og muntre opp. Eg bryr meg om gutane i gruppa, seier Steffen.

Elversberg

AVGJORDE: Elversberg sin Maurice Neubauer feirar 2-1-scoringen mot Schalke som sikra tredjeplassen i 2. Bundesliga.

Foto: AP

– Lettare i små klubbar

– Det er veldig imponerande, seier Eivind Bisgaard Sundet om fotballeventyret.

Han kjem med ein analyse om korleis ei slik fotballreise er mogleg, der det elles er storklubbane som dominerer.

– Slik eg ser tysk fotball no så er det lettare å få ting til å skje dersom klubben er litt mindre. Dei store klubbane er ofte prega av kaos og stort press, med mange personar som har lyst til å vere med å bestemme.

– Det skapar berre endå meir kaos, seier Bisgaard Sundet og viser til klubbar som til dømes Schalke og Nürnberg som er langt frå opprykk.

– I ein liten klubb er det god styring og orden, og enkelte gongar lettare å oppnå suksess, seier han.

Elversberg 3

FEIRING: Elversberg sin Muhammed Damar er fornøgd etter at kvalifiseringsplassen er sikra.

Foto: Reuters

– Fantastisk historie

Elversberg har ein stadion som rommar 10.000. Den blir utvida til 15.000 uavhengig om det blir opprykk.

– Det er ei fantastisk historie. Og difor vi likar fotball. Det er vel slik vi har følt det med Bodø/Glimt i Europa. At alt er mogleg. Og at det ikkje berre er dei store pengane som styrer, seier Bisgaard Sundet.

Den første opprykksfinalen enda 2–2. Returoppgjeret går heime på Waldstadion måndag kveld.

Også før kampane har trenar Steffen sin eigen spesielle filosofi, spesielt rundt laguttaket.

– Ordet konkurranse plagar meg også. Spelarane skal ikkje slåst mot kvarandre og vere sinte på kvarandre når andre spelar i staden for dei. Men skal jobbe for felles suksess, seier trenaren, som har fått kallenamnet «Far» i klubben.

– Det viser stor takksemd og gjensidig tillit. Men fedrar kan nokre gongar også strenge, seier trenar Horst Steffen.

Publisert 26.05.2025, kl. 10.17

Read Entire Article