DENNE ARTIKKELEN ER PRODUSERT OG FINANSIERT AV STAMI - LES MER.
Ein metode som kartlegg belastningar kan sikre at helsearbeidarar får den støtta dei treng.
Dersom risikofaktorar i arbeidsmiljøet er godt kartlagt, er det lettare å sette inn gode tiltak som kan støtte helsepersonell i ein krisesituasjon. (Illustrasjonsfoto: STAMI)
Under kriser som koronapandemien, står helsearbeidarar overfor store yrkesrelaterte risikoar.
Dei har høgare risiko for smittesame sjukdomar, høgt arbeidspress, psykososiale belastningar og utilstrekkelege ressursar.
Men det er ikkje lett å få oversikt over risikofaktorane. Når dei ikkje blir oppdaga tidleg, er det heller ikkje lett å vite kva tiltak ein bør setje inn. Helsepersonell treng støtte for å arbeide både under og etter helsekriser.
Verktøy som måler risiko
Forskarar ved STAMI har undersøkt kor nyttig og påliteleg FORCE-indeksen er. Dette er eit verktøy som er utvikla av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress.
Indeksen skal måle desse risikofaktorane i arbeidsmiljøet til helsearbeidarar i krisesituasjonar.
FORCE står for «Frontline health workers’ Occupational Risk and Characteristics in Emergencies».
Med verktøyet kan ein evaluere tilhøve som gjev både risiko og vern i arbeidet. Slik kan ein sjå kva som påverkar evna helsearbeidarane har til å handtere krisesituasjonar.
Ni viktige faktorar
STAMI-studien byggjer på ei spørjeundersøking med svar frå nesten 2.500 helsearbeidarar. Dei delte erfaringane sine frå dei fire første bølgjene av pandemien, frå 2020 til 2022.
- Kompetanse
- Stressmeistring
- Tryggleik i jobben
- Handterleg arbeidsbelastning
- Arbeidsprestasjon
- Smittetryggleik
- Tilgang på verneutstyr
- Sosial tryggleik
- Støtte frå kollegaar.
Ni faktorar var spesielt viktige:
Studien viser at indeksen er eit robust og påliteleg verktøy for å måle både risikoar og motstandsevne hos helsearbeidarar under kriser.
Fangar opp sentrale arbeidsforhold
– Indeksen fangar opp sentrale arbeidsforhold. Den er eit viktig steg mot ein meir systematisk og vitskapleg tilnærming til temaet, seier STAMI-forskar Dagfinn Matre.
– Resultata kan vere nyttige å bruke for helsestyresmakter og arbeidsgivarar til å betre forstå og forbetre arbeidsforholda for helsepersonell i krevjande situasjonar, legg han til.
Studien konkluderer med at indeksen kan brukast i framtidige kriser for å betre forstå kva faktorar som påverkar helsearbeidarar sin evne til å handtere arbeidsbelastninga.
Studien er ein del av eit større prosjekt organisert av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress, kalla Stress og helseplager hos sykehuspersonell i løpet av Covid-19-pandemien.
Referanse:
Synne Øien Stensland, Dagfinn Matre mfl.: Development and psychometric validation of the frontline health workers’ occupational risk and characteristics in emergencies index (FORCE-index) – The covid Hospital cohort study. Public Health in Practice, 2025. Doi.org/10.1016/j.puhip.2025.100582
forskning.no vil gjerne høre fra deg!
Har du en tilbakemelding, spørsmål, ros eller kritikk? TA KONTAKT HER