«Nei til 85 milliardar til krig i Ukraina», står det på store raude banner på T-banen i Oslo.
Bak kampanjen står partiet Fred- og rettferd (FOR) som blei starta i 2023.
Eit parti som uttrykkjer motstand mot Nato, og som meiner at Noreg ikkje bør bidra med midlar til krigføringa i Ukraina.
Sporveien opplyser til NRK at kampanjen blir ståande på T-banen fram til komande fredag.
Kostar mykje
Ein slik omfattande reklamekampanje på T-banen kostar mykje pengar, men partiet nektar å opplyse om kva dei har betalt eller kven som har betalt.
Til VG opplyser partiet at kampanjen inkluderer 8600 plakatar og skal vare fram til 25. mai.
Sporveien, som driftar T-banen, har sett vekk arbeidet med reklame til byrået JCDecaux.
Ifølgje deira prislister kostar ein tilsvarande kampanje over 1,4 millionar kroner for ei veke.
Det er før eventuelle rabattar:
Dette er prislista for kva det kostar å ha reklame på offentleg transport i Oslo. Uthevinga gjort av NRK.
Foto: Skjermdump JCDeauxSjef for JCDecaux, Gisle Holst Roness, vil ikkje seie noko om kva partiet har betalt.
– Det er sjølvsagt konfidensielt, skriv han i ein SMS.
Sporveien stadfestar at det er framforhandla ein rabatt for det politiske partiet.
– Men endeleg pris er konfidensiell, skriv Sporveien til NRK.
Må melde frå
Partiet nektar å fortelje kven som har gitt dei pengane som skulle til for å setje i verk ein slik kampanje.
Dette trass i at regelverket for pengar til valkamp er krystallklar.
Det er lovpålagt å opplyse om alle bidrag på over 10.000 kroner til eit politisk parti i eit valår.
På Kommunaldepartementet si side valfinansiering.no, står det ordrett:
«I samband med valår har partia ein særleg plikt til å rapportere inn bidrag over 10.000 kroner som er motteke i perioden 1. januar og fram til fredag før valdagen.»
All slik støtte må registrerast på sida partifinansiering.no. Her skal alle kunne sjå kor mykje dei ulike partia får i støtte.
Det einaste økonomiske bidraget til partiet som er registrert i år er ei gåve på 50.000 kroner.
Marie Leraand er leiar for det nye partiet.
Foto: Pressefoto / partiet FOR.Nektar å svare
Partileiar Marielle Leraand vil ikkje svare på spørsmål om korleis dei har klart å finansiere ein så stor sum.
– Eg ønskjer ikkje å vere i nokon form for dialog med noko medium som berre vil ha teknisk info om finansiering, skriv Leraand til NRK.
Partiet sin toppkandidat i Akershus, Glenn Diesen, hevdar også hardnakka at han ikkje veit kven som har kome med pengane.
– Eg har ikkje oversikt over finansane eller kvifor denne informasjonen ikkje er delt. Eg har absolutt ingenting med dette å gjere, skriv Diesen til NRK.
Han har lenge vore kritisk til Nato og han har blant anna skrive fleire artiklar for den russiske nettstaden Russia Today.
Mathilde Tybring-Gjedde (H)
Foto: Emilie Holtet / NTBSterke reaksjonar
Innhaldet i kampanjen til partiet FOR har vekt sterke reaksjonar blant politikarar frå fleire parti.
Partiet FOR hevdar blant anna at krigen blei utløyst av Nato sitt mål om å ta Ukraina inn som medlem, og kan stansast ved å skrinlegge dette målet.
Stortingspolitikar Mathilde Tybring-Gjedde frå Høgre kallar det eit ekko av russisk propaganda.
– Om ein ikkje støttar Ukraina militært og sivilt, så blir det ikkje fredsforhandlingar og fred, seier Tybring-Gjedde til NRK.
Vil vite summen
Eivor Evenrud er fraksjonsleiar i bystyret for kultur og utdanning for Oslo Arbeidarparti.
Ho peikar på at det er lov å kjøpe seg politisk reklameplass og ho sjølvsagt ikkje er i mot ytringsfridom.
Men ho meiner at det er eit lovbrot at dei ikkje vil seie kven som har betalt.
– Dei følgjer ikkje lovverket om offentleg informasjon om partifinansiering, meiner Evenrud.
Sporveien, som driv T-banen i Oslo, vil heller ikkje gje ut opplysningar om kva det nye partiet har betalt for kampanjen.
– Kampanjen det blir vist til, har vore gjennom ei vurdering, og som det er konkludert med at ho er innanfor gjeldande regelverk, skriv Sporveien.
Publisert 18.05.2025, kl. 18.04