Warning: session_start(): open(/home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions/sess_7b9eef8bb5a7ae3737888fc1bcd41eac, O_RDWR) failed: No space left on device (28) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59

Warning: session_start(): Failed to read session data: files (path: /home/nortodco/public_html/rss4/src/var/sessions) in /home/nortodco/public_html/rss4/src/bootstrap.php on line 59
Nye tal: Turgåaren på Hardangervidda var teknisk død i over 20 timar - NorwayToday

Nye tal: Turgåaren på Hardangervidda var teknisk død i over 20 timar

12 hours ago 1


I ein fullsett konferansesal under Luftambulansedagane i Oslo sit erfarne redningsfolk.

Men historia dei skal få høyra, overgår likevel det meste.

– Sommaren 2025 går den unge mannen frå hytte til hytte. Han blir overraska av vêret og får ein hypoterm hjartestans, seier overlege André Roslin i Redningshelikoptertenesta frå scena.

Overlege André Roslin, Redningshelikoptertjenesten

Overlege André Roslin ved Redningshelikoptertenesta skriv på ein vitskapleg artikkel etter den unike redningsaksjonen.

Foto: Tale Hauso / NRK

NRK fortalde nyleg historia om den britiske turgåaren som overlevde etter å ha vore teknisk død i 8 timar og 48 minutt.

Det skjedde etter at han fekk hjarte- og lungeredning i fleire timar på ei hytte på Hardangervidda før redninga kom.

Men gjennom arbeidet med ein vitskapelege artikkel viser no Roslin tal på at dramaet varte mykje lenger.

– Dette er så langt utanfor det ein trudde var mogleg.

Hjarte-lunge-redning av turisten ved Torehytten

Tilfeldige turgåarar fann den britiske mannen ved stien og gjennomførte hjarte og lungeredning i fleire timar inne på Torehytten.

Foto: Privat

Verdsrekord i gjenoppliving

Historia starta då tilfeldige turgåarar fann den unge mannen sterkt nedkjølt liggande ved stien ikkje langt frå Torehytten midt på Hardangervidda tidleg i august i fjor.

I forsøket på å få mannen til hytta mista han bevisstheita.

Den unge briten var teknisk død i 64 minutt utan hjartelungeredning, medan han vart boren mot Torehytten.

Inni hytta blei det utført hjarte – og lungeredning i nesten tre timar, før redningshelikopteret frå Rygge klarte å fly under uvêret frå aust.

Om bord var overlege Roslin.

– Vi gjorde eit forsøk, og merkeleg nok så gjekk det.

André Roslin presenterer på Luftambulansedagane i Oslo

Roslin på scena under Luftambulansedagane.

Foto: Tale Hauso / NRK

Deretter starta legane langsam oppvarming med hjarte- og lungemaskin på sjukehuset.

– Oppvarminga tar lengre tid enn det ein gjorde berre for nokre år sidan. Då varma ein opp raskare. Det kan ha vore avgjerande for at dette har gått bra.

Så byrja hjartet å slå etter 8 timar og 48 minutt. Men det er kortvarig.

– Kort tid etter ser vi i data frå operasjonsstua at hjartet feidar ut igjen. Det sluttar å slå. Pasienten er og framleis kraftig nedkjølt, seier Roslin.

Historia spreier seg

Det tek heile 12 timar og 40 minutt før pasienten når normal kroppstemperatur.

No kan det sjå ut som at først etter 20 timar og 29 minutt slo hjarta stabilt av seg sjølv, utan støtte frå maskinen.

– Vi har ikkje vore i nærleiken av nokon tilsvarande lengder der det har gått bra, seier Roslin.

Etter åtte dagar vaknar den unge mannen, utan hjerneskade.

– Sjølv om den britiske mannen framleis er på rehabilitering, så er han no den personen som har verdsrekorden i overleving av hypoterm hjartestans, seier Roslin.

Hendinga og alle detaljane frå redningsaksjonen er ein vekkar i fagmiljøet:

  • Ståle Jamtli

    Tale Hauso / NRK

    Ståle Jamtli, redningsleiar Hovudredningssentralen Sør-Noreg

    Det er ei heilt utruleg hending at ein skal klare å koma i mål med en pasient det står så dårleg til med, over så lang tid.

  • Fridtjof Heyerdahl

    Tale Hauso / NRK

    Fridtjof Heyerdahl, anestesilege og avdelingsleiar ved Luftambulanseavdelinga ved OUS

    – Det er ei sterk historie som fortel at om ein er nedkjølt, så skal ein ikkje gje seg. Dette er ein kjempestor operasjon som har gått veldig bra, mot alle odds.

  • Gunnar Farstad

    Tale Hauso / NRK

    Gunnar Farstad, overlege i Luftambulansen ved OUS

    – Når dei vel å gjera noko som eigentleg er langt utanfor boksen, og når det får denne typen konsekvensar, så er det jo så håra strittar på armane.

No spreier historia og kunnskapen seg også utanfor fagmiljøet.

Mellom anna til fjellvaktene som passar på langs stien til Trolltunga.

– Eg tenkjer det er viktig at fjellvaktene har denne saka i bakhovudet, i tilfelle dei skulle kome over ein liknande situasjon, seier Åse Marie Evjen i Trolltunga AS, eigd av Ullensvang kommune.

Åse Marie Evjen, Trolltunga AS

Åse Marie Evjen er dagleg leiar i Trolltunga AS.

Foto: Tale Hauso

– Takk til dykk alle

NRK har vore i kontakt med den unge britiske mannen, som ikkje har ønskja å kommentere saka.

Men mannen sende melding til overlege Roslin knytt til foredraget han skulle halde, der han uttrykka si takksemd:

«For augneblinken fokuserer eg framleis på å bli frisk. Arbeidet er hardt, og eg må ta det dag for dag, men utsiktene er positive, og eg gjer jamne framskritt.

Takk til dykk alle for den store innsatsen. Eg forstår at det var fleire forsøk den kvelden som dessverre var mislykka, med usedvanleg dårlege forhold.

Utan redningstenesta si ståpåvilje ville historia mi ha blitt avslutta den kvelden, og eg ville ikkje ha vore i stand til å skrive til dykk i dag. At eg er i stand til det, er takka vere dykk og at de heldt fram innsatsen, noko som gjer pasientar som meg til overlevande».

Les heile historia frå den dramatiske redningsaksjonen her:

Hei!

Takk for at du las saka!

Har du innspel eller forslag til andre saker eg burde sjå på?

Ta gjerne kontakt med meg!

Publisert 13.04.2026, kl. 10.10

Read Entire Article