Ny Unge Venstre-leiar: – Nokon bygder må ein la døy

2 weeks ago 13


Unge Venstre har fått ny leiar.

Omar Svendsen-Yagci (V) startar leiarvervet med eit tydeleg syn på dei små bygdene.

– Uavhengig av kor mykje pengar vi brukar på å halde kvar bygd og grend i live, kan vi sjå at folk flyttar vekk der ifrå, seier Svendsen-Yagci.

  • Omar Svendsen-Yagci

    Stig Jaarvik / NRK

    Kvem er Omar Svendsen-Yagci?

    Omar Svendsen-Yagci er 20 år frå Gjøvik.

    Han var nestleiar i Unge Venstre og tok over som leiar etter Ane Brevig i oktober.

    Han har óg vore fylkesleiar i Innlandet Unge Venstre.

  • Omar Svendsen-Yagci, Unge Venstre

    NRK

    Omar Svendsen-Yagci

    Samstundes med å vere leiar for Unge Venstre, er Svendsen-Yagci gruppeleiar og kommunestyrerepresentant for Gjøvik Venstre.

    Han var 3. kandidat til stortingsvalet for Innlandet Venstre.

  • Omar Svendsen-Yagci, Unge Venstre

    NRK

    Omar Svendsen-Yagci

    Han val Unge Venstre fordi han meinar at dei har løysingane på dei store utfordringane verda står opp mot nå.

    Hjartesakane hans er klima, ein friare skule og at Ukraina vinn krigen mot Russland. Han vil óg at Norge skal melde seg inn i EU.

    Han er utdanna innan statsvitskap.

I skulestruktur-saka, der Innlandet fylkeskommune vedtok å legge ned to vidaregåande skular og fire skulestader, seier Svendsen-Yagci at fylkestinget gjorde ei klok avgjerd.

– Det er ingen enkel debatt, eg forstår at folk vil ha skulen sin. Dei har vore modig i avgjerda. Det var eit riktig val, sjølv om eg ikkje er einige med dei om mykje anna, seier Svendsen-Yagci.

Vi forklarer skolesaka i Innlandet.

Sterkare regionar, ikkje bygder

Den nye ungdomspartileiaren seier at politikarane ikkje tørr å tenke nytt om bygdene, inkludert fylkespolitikarane frå hans eiget moderparti.

Han trur at ein må «slutte å jage etter fortida» når ein snakkar om løysningar for bygdene. Sterkare regionar med urbane trekk trur han trekk folk tilbake, medan bygdene ikkje er politikaranes ansvar.

– Nokon bygder og grender må ein la døy. Det er ikkje eit politisk ansvar å halde dei i live.

Omar Svendsen-Yagci, Unge Venstre

REGIONALISERING: Omar Svendsen-Yagci i Unge Venstre vil ha sterkare regionhovudstader, framfor å bevare bygdene.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

– Er ikkje det litt fiendtleg mot mange i Innlandet?

– Eg meiner ikkje at bygdene skal døy. Men vi kan ikkje bruke den feilslegne politikken vi har brukt i dag, der vi kastar pengar og politiske ressursar på dei, utan at det hjelper og når dei måla vi ønsker, seier Unge Venstre-leiaren.

– Feil medisin

Nestleiar i Senterungdommen, Erik Lillebakken, seier at Unge Venstre visar sitt sanne ansikt og kva som er i vente, om det blir ei ny regjering neste år.

– Da blir det ei massiv sentralisering av tenester, særleg i distrikta, og ein massiv bygdedød, spår Lillebakken.

94DA1EE3-3AC4-4F70-A150-607D6D81C19B

SENTRALISERING: Erik Lillebakken i Senterungdommen ser ingen skilnad på regionalisering og sentralisering.

Foto: Frode Meskau / NRK

Lillebakken ser liten forskjell på regionalisering og sentralisering. Han trur desentralisering er løysinga for å få sterkare bygdesamfunn og at ein indirekte får sterkare regionar.

Han meiner difor at nedlegging av vidaregåande skular verker mot si hensikt.

– Ved å legge ned skular, hiv du meir bensin på det sentraliseringsbålet. Eg meiner det er heilt feil medisin i møte med dei utfordringane vi ser, seier Lillebakken.

Lurar du på korleis skulane som leggast ned stemte førre val?

Ville behalde skule i gruppemøte

Venstre si fylkestingsgruppe i Innlandet stemte mot skulenedlegging.

Stig Vaagan (V) seier at kunnskapsgrunnlaget ikkje var godt nok for å gjere vedtaket om å legge ned skular. Venstre blei heller ikkje spurt om å vere med på eit kompromiss med Høgre, Ap og MDG.

– Det er for mange spørsmål vi ikkje får svar på i utgreiinga. I ei så alvorleg og viktig sak, så er vi for så vidt villig til å gjere grep. Men da må det vere fullstendig kunnskapsbasert, grunngir Vaagan.

3EEC9FB3-3179-46D6-8C3C-9793453C8714

Stig Vaagan er representant for Venstre i Innlandet fylkesting.

Foto: Anne Kari Løberg / NRK

Unge Venstre var for å behalde Skarnes vgs. og legge ned Gausdal vgs., da Venstre hadde gruppemøte om saka, ifølge Vaagan.

– I gruppemøtet så støtta dei ikkje å legge ned Skarnes. Vi fekk ikkje noko godt svar på kvifor, seier Vaagan.

Redd for framtida til Innlandet

Etter møtet med Unge Venstre-leiaren tek NRK kontakt igjen for å spørje om dei kjempa for å behalde Skarnes vgs. i dette gruppemøtet.

Omar Svendsen-Yagci svarar på tekstmelding at «Unge Venstre har ikkje vedtak på enkeltskuler». Han står fast med at «vi må ha politikarar som tørr å gjere tøffe val (...), sjølv om dei ikkje alltid er populære».

– Men eg personleg meiner det var fornuftig å legge ned Skarnes, skriv Svendsen Yagci.

Unge Venstre-leiaren trur er redd for framtida til Innlandet, om ein ikkje vel velannarleannleistriktspolitikken.

– Eg elskar Innlandet, og eg er opptatt av at alle dei regionane vi har her skal vokse. Da trur eg at det verste vi kan gjere er å alltid jakte etter fortida. Ellers fryktar eg at Innlandet blir ein stad der ingen ønsker å bu lenger når eg blir vaksen.

– Eg ønsker eit sterkt Innlandet med sterke regioner, seier den ferske Unge Venste-Venstren frå Gjøvik.

Publisert 06.11.2024, kl. 20.07

Read Entire Article