Ny rekord for Bitcoin: Kostar éin million kroner

1 week ago 7


Prisen for Bitcoin har aldri vore høgare. No kostar ein bitcoin over 90.000 dollar, melder AFP.

Ein bitcoin er dermed verdt meir enn éin million norske kroner.

Då Donald Trump vann valet i USA steig verdien på kryptovalutaen med 9 prosent.

Prisrekord etter valet

Det blei ny prisrekord på bitcoin i dollar etter at valresultatet var kjent. Det er venta at den kommande presidenten gjer det enklare å handla kryptovaluta når han tiltrer i januar.

I valkampen har Donald Trump vore positiv til kryptovaluta, trass i at han for nokre år sidan var ein motstandar. Han omtala seg sjølv som «kryptopresidenten» på ein konferanse i juni.

Det førte til store donasjonar frå teknologiselskap med interesser i kryptovaluta.

Publisert 13.11.2024, kl. 16.31 Oppdatert 13.11.2024, kl. 16.35

Read Entire Article