Ny forsking: Stressnivået i skulen har aldri vore høgare

1 day ago 3


– Eg stressar med alt. Skole og fotball og fritid og sånt, seier Sofie Isabell Lizana Åsebø, som går i 10. klasse på Kleppestø ungdomsskule på Askøy i Vestland.

Ho er slett ikkje aleine, visar ny forsking frå Universitetet i Bergen.

– På dei 40 åra vi har gjort målingar har vi aldri målt høgare stressnivå og lågare trivsel enn det vi gjer no.

Oddrun Samdal meiner resultata er dramatiske. Professoren i helsepsykologi har no teke over hovudansvaret for den store internasjonale undersøkinga som måler korleis ungdom har det.

Nedgåande tred forsterka

I Noreg peiker pilane nedover.

Stress går opp, trivsel går ned. Ungdom opplever dårlegare helse enn tidlegare og et mindre sunt. Vi er langt frå å nå måla når det gjeld mobbing.

Rapporten frå UiB viser at den nedgåande trenden som starta i 2014 har blitt forsterka dei siste åra.

Og jentene trivst betydeleg dårlegare på skulen enn gutane.

Oddrun Samdal, professor i helsepsykologi, UiB.

Professor Oddrun Samdal på HEMIL-instituttet på UiB.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– 37 prosent av alle jenter på vidaregåande opplever høgt stressnivå på skulen. I 15-årsalderen er det 32 prosent som rapporterer om dette, seier Samdal.

– Dobbelt så mange jenter som gutar stressar. Det samsvarer dårleg med det biletet vi har av at skulen er tilrettelagd for jentene.

Ungdomen ikkje overraska

NRK spurde klasse 10F på Kleppestø ungdomsskole på Askøy om dei stressar på skulen.

Dei fleste hendene går opp.

Handsopprekking for hvem som er stresset.

Dei fleste jentene i 10F svarer at dei stressar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Sofie Isabell Lizana Åsebø er ein av mange som fortel om ein stressande kvardag.

– Det er ubehageleg, men det går fint. Eg har blitt vant til det, seier ho.

15-åringane er etter statistikken inne i ein vanskeleg periode, der det vert sett høge krav til dei.

– Det er ganske stressande å få gode nok karakterar til å komme inn på ein god vidaregåande skule. Og så skal ein få tid til alt anna enn skulearbeid og, seier Sol Cornelia Leurelle.

På spørsmål om elevane på Kleppestø trivest på skulen reiser om lag halvparten ei hand.

Ifølge forskingsrapporten trivst berre 19 prosent av dei 15 år gamle jentene i Noreg godt på skulen.

For gutane er andelen 32 prosent.

Den gode nyheita for dei er at andelen som opplyser å vere tilfredse med livet sitt har vore stabilt dei siste åra.

10. klassingar på Kleppestø u. skole.

Sofie Isabell Lizana Åsebø (i midten) seier ho stressar for å få tid til alt ho skal.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Kvifor er det slik?

Skuleelevane i 10. klasse er ikkje i tvil om kva som skaper press og stress.

Dei peiker på det som skjer på mobiltelefonen.

– Det handlar mykje om sosiale medium. Det er mykje nettmobbing og folk skal alltid vere perfekte, seier Matheo Gangstø Steinseide.

Han får støtte frå forskarane.

– Det er nærliggande å tru at ein opplever høgare krav på grunn av det ein ser digitalt. Det har blitt meir fokus på enkeltindividet, seier Oddrun Samdal.

– Må tenke nytt

Men dei ser fleire mogelege forklaringar. Desse ungdommane har vore gjennom ein pandemi.

Resultata frå norsk ungdom avvik ikkje mykje frå det normale i dei femti andre landa undersøkinga vert gjort i.

Likevel meiner professoren at ein må sjå på endringar som er gjort i det norske skulesystemet.

– Det har blitt meir fokus på prestasjonar og karakterar. Kanskje må vi tenke litt nytt her.

Skole-eleven Matheo Gangstø Steinseide på Kleppestø U. skole.

Matheo Gangstø Steinseide meiner sosiale medium må ta mykje av skulda for at 15-åringar stressar.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Publisert 12.11.2024, kl. 20.52

Read Entire Article