NRKs prognose: 19 år gamle Frøya (MDG) blir tidenes yngste stortingsrepresentant

3 days ago 2


I år har ho vore både førstegongsveljar og førstekandidat i Hordaland.

No viser NRKs prognose at bergensaren blir den yngste stortingsrepresentanten nokosinne.

– Det kjennest veldig stort, seier ho frå valvaka på Landmark i Bergen.

Men me har ikkje klart dette med meg åleine. Me er eit sterkt lag som har jobba med valkamp i over eit år.

19-åringen er svært opptatt av å skryta av dei frivillige som har bidrege i valkampen.

– Det aller beste med valkampen har vore å sjå kor mange me har vore og kor enorm kraft dei frivillige har hatt lenge før det også begynte å gå bra på meiningsmålingane.

– Enormt stas

Valvaka på Landmark i Bergen er pynta i grønt: Ballongar, flagg og lys la eit grønskjer over dei ekstatiske frammøtte.

mange folk jublar i grønt lys

Jubel på valvaka til MDG i Bergen.

Foto: Christel Higraff / NRK

Sjølv såg Sjursæther veldig roleg ut før dei første tala var klare, men ho kunne avsløra at ho ikkje var like roleg som ho såg ut.

NRK sin prognose viser også at MDG har klart sperregrensa for første gang i eit stortingsval.

Det kjennest enormt stort at Miljøpartiet Dei Grøne no for første gong bryt sperregrensa i eit stortingsval, seier Sjursæther.

Ho understrekar likevel at dei ikkje kjenner seg trygge før alle stemmene er talde opp.

– MDG over sperregrensa betyr at me kan vera ein maktfaktor i norsk politikk og kan dra Jonas Gahr Støre i ei grøn retning.

Heather Bambrick iført briller

Ein entusiastisk MDG-ar på valvake på Vulkan i Oslo.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Svært jamt mellom Sp og MDG

Då tala frå førehandsrøystene vart presenterte klokka 21, vart det stor jubel på valvaka på Landmark i Bergen.

Men lenge var det svært spanande om Sjursæther kom til å kapra mandatet.

Sp og MDG har i heile kveld vore svært jamne både i dei opptalde stemmene og i NRKs prognose.

Eg trur einkvar politikar som får moglegheit til å representera ein heil valkrins på Stortinget burde ta det på djupt alvor.

Oppslutning i Hordaland

PartioppslutningPartiOppslutningEndring

Viser endring fra forrige stortingsvalg.

Slår rekord frå 2021

I 2021 kom Senterpartiets Maren Grøthe frå Hølonda (20) i Trøndelag inn som den dåverande yngste representanten.

Då Ola Borten Moe vart statsråd, rykte ho inn og tok hans plass.

Men no blir rekorden slått. Sjursæther er fødd i 2006 og blir dermed ikkje 20 før neste år.

Stortingsvalet 2025 var første gong ho fekk stemma – og NRK var med då ho stemte på seg sjølv.

Ho er politisk nestleiar i Grønn Ungdom, har vore fylkesleiar i Grøn Ungdom Vestland i perioden 2021-2023, og blei i 2024 stemd fram som MDGs førstekandidat til valet i Hordaland.

Publisert 08.09.2025, kl. 22.12 Oppdatert 08.09.2025, kl. 22.58

Read Entire Article