– Me kjem til å tene masse pengar på dette, seier Tom Greni og ler.
Han er dagleg leiar på Zachariasbryggen i Bergen, og skal ha ope, med skjenkeløyve, til klokka 06.00 under fotball-VM.
Med fire etasjar, eit makstak på 2800 personar, og rundt 35 skjermar har han også førebudd seg til VM med litt ekstra. Ein million er investert i blant anna to uteskjermar, som skal vise fotball både i sol og regn.
– Eg reknar med me kjem til å tene rundt 10 millionar kroner, seier Greni.
Han er ikkje redd for tomme lokale.
– Eg forventar det blir «smikkfullt».
Fleirtal for ja
Etter at Stortinget opna for at utestader kan skjenke alkohol gjennom heile døgeret, så lenge det blir vist VM på skjermane, har kommunane fått jobbe:
Skulle ein opne for skjenking også etter klokka 03:00 på natta?
I ei undersøking gjort av NRK kjem det fram at det kan bli opne kraner i 137 kommunar lenger enn normalt. 90 seier nei, og ein del har ikkje avgjort saka enno.
Det er heller ikkje alle kommunar som har svart NRK.
Fleire kommunar har vedteke ulike premiss, som til dømes at det berre gjeld for kveldane Noreg spelar kamp.
Sjå oversikt over kven som seier ja og nei.
Forskjellig frå kommune til kommune
269 kommunar har svart på undersøkinga NRK har sendt ut. Sjølv om 137 kommunar har sagt ja, må skjenkestadene søke om å få utvida tider.
42 kommunar svarte til NRK at spørsmålet enno ikkje var avgjort.
Nokre av dei 90 «Nei»-kommunane svarer at det ikkje blir, anten fordi det ikkje er serveringsstader i området, eller at det ikkje at det ikkje er stader med lisens til å vise kampar. Nokre skriv også at ingen har søkt.
Utvida skjenketider gjeld for gruppe 1 (2,5-4,7 volumprosent alkohol) og gruppe 2 (4,7-22 volumprosent alkohol).
Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRKMange opnar frå skjenking heilt til klokka 06.00 på morgonen, og andre skriv at det kan skjenkast så lenge kampen varer.
Er du for utvida skjenketider under VM?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Nokre har opna for utvida skjenketider berre når Noreg spelar. Eit døme er Vennesla, der løyvet gjeld berre for Noreg sine kampar, og i praksis berre kampen mot Senegal i innleiande runde.
I til dømes Kvam gjeld løyvet berre innandørs. I Risør opnar dei ikkje for utvida skjenking, men for utvida opningstid.
Eskil Byrkjeland / NRK
Odin Fagervold
– Eg synest det er eit flott tilbod. I alle fall når Noreg er med i VM for første gong på mange år, så synest eg det er greitt at det blir gjort litt stas på.
Kjem du til å vere ute og sjå fotballkampar heile natta?
– Me får sjå. Eg skal jobbe litt i sommar, men om dei kjem vidare frå gruppa, så skal du ikkje sjå vekk ifrå at eg blir ute på natta.
– Eg skal sjå alt av Noreg, og elles storkampar.
Eskil Byrkjeland / NRK
Trude Drevland
– Prinsipielt forstår eg det, fordi ein har masa om det frå regjeringshald. Personleg vil eg helst vere edru når eg ser fotballkamp, for det er engasjement deluxe! Då har eg ingen behov for å drikke til klokka seks om morgonen.
Skal du sjå fotballkampar under VM?
– Om eg skal! Heile natta! Kvar natt, så lenge Noreg er med!
Eskil Byrkjeland / NRK
Olav Terum
– Det synest eg heilt unødvendig. Viss folk vil skjenke seg, tenker eg folk lyt gjere det heime. Eg tenker det kan bli litt konsekvensar av den skjenkinga.
Skal du sjå nokon fotballkampar?
– Ikkje på direkten, men eg kjem til å følge med på Noreg. Det blir spanande!
Eskil Byrkjeland / NRK
Lisa-Mari Anderson
– Eg synest det er greitt så lenge me held det til fotball-VM, og eg kjem sikkert til å ta meg ein øl etter klokka tre og vere glad for det.
Skal du sjå mange kampar under VM?
– Ja, eg har tenkt til det. Eg må jo støtte Noreg. Eg kan ikkje så mykje om fotball, men eg stiller for det sosiale.
Eskil Byrkjeland / NRK
Knut Storetvedt
– Eg veit ikkje, men eg trur det kjem til å bli mykje fyll, diverre. Eg er redd for det. Det er mange som synest at det blir gøy, men eg trur det kan bli litt mykje av det.
Skal du sjølv sjå fotball på nettene under VM?
– Nei. Eg er blitt så gamal, så eg har fått nok av det der. Eg har sett så mykje fotball, og har blitt litt tammare på det. Eg sit ikkje pal lenger, den tida er forbi.
Vil ikkje ha det
Stryn er ein nei-kommune. Då kommunestyret stemte 12 mot 12, enda ordførar Per Atle Kjøllesdal frå Senterpartiet opp med å bruke dobbeltstemma si imot.
– Skjenking til 06.00 på morgonen ønska me ikkje å innføre. Det kan blir for mykje av det gode, for langt ut på morgonen. Det vil ein ikkje ha, seier han.
Ein av desse røysta nei til alkoholservering utover normale skjenketider.
Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRKVaraordførar Sonja Merethe Øvre-Flo frå Høgre er for utvida skjenketider.
– Eg har lyst på ein folkefest der me kan samlast på tvers av nasjonar.
– Denne saka handlar ikkje mest om å sitte drikke og fyll og fest, men å kunne møtast på ein sosial arena. Og det er puben. Det er no sånn med fotball at det er fotballstemning stemning, og pub og øl høyrer saman.
Det blei nei til utvida skjenking i Stryn.
Foto: Håkon Vatnar Olsen / NRKTips gjerne!
Hei!
Har du innspel eller tips etter å ha lese denne saka?
Ikkje nøl med å ta kontakt.
Publisert 08.06.2026, kl. 06.49















English (US)