Fristen for å lande ein langtidsplan er torsdag. Utanriks- og forsvarskomitéen har jobba på spreng for å komme i mål innan fristen.
Etter det NRK kjenner til, skal alle partia ha gitt tommel opp for forslaget som ligg på bordet.
No skal dei ulike stortingsgruppene behandle saka, og alt tyder på at planen går gjennom.
Det er kalla inn til pressekonferanse om saka klokka 14.20 onsdag.
VG og NTB har også omtalt at dei har opplysningar om at det er politisk semje om planen.
– Historisk løft
For to år sidan blei alle partia på Stortinget samde om den nye langtidsplanen for perioden 2025–2036.
– Dette er historisk, sa dåverande leiar i Utanriks- og forsvarskomiteen, Ine Eriksen Søreide (H).
Planen blei omtalt som det største forsvarsløftet på 30 år.
Blant hovudpunkta var ei sterkare satsing på langtrekkjande luftvern i austlandsområdet.
I tillegg blei det vedteke å skaffe seks seks nye ubåtar, og ikkje fem, slik regjeringa foreslo tidlegare i 2024.
Vanskelege forhandlingar
I mars i år la Regjeringa fram ein revidert versjon av langtidsplanen.
Forsvarssektoren fekk 115 milliardar kroner meir, totalt 1848 milliardar, fram til 2036.
No har altså alle partia på Stortinget forhandla seg fram til semje.
Forhandlingsleiar Peter Frølich (H) under presentasjonen av ny Leopard-stridsvogn tidlegare i år.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTBMen i slutten av mai såg det mørkt ut. Fristen var sett til 28. mai.
– Det er framleis uklart om vi kjem i hamn. Det er ulike krav. Det er ulik vilje frå partia til å leggje ekstra milliardar på bordet, sa forhandlingsleiar Peter Frølich (H) til NRK.
Som saksordførar er det han som leier Stortinget sitt arbeid med den oppdaterte langtidsplanen for Forsvaret.
Onsdag kan ikkje han stadfeste til NRK at det går mot semje.
Publisert 03.06.2026, kl. 13.17 Oppdatert 03.06.2026, kl. 13.37














English (US)