Kjernen i avgjerda til nemnda er at Akademikerne og Unio får behalde sin eigen tariffavtale med staten. Men berre fram til 2026, etter det NRK kjenner til.
Avtalen Akademikerne har hatt med staten sidan 2016, gir kvar enkelt arbeidsplass moglegheita til å forhandle lønn lokalt. Unio slutta seg til avtalen i 2022.
I tillegg har Rikslønsnemnda bestemt at LO blir tvinga over på YS sin tariffavtale – noko LO-medlemmane har sagt nei til.
Men alt har ein sluttdato i 2026. Rikslønsnemnda sender partane tilbake til forhandlingsbordet med mål om at dei skal bli samde om ein avtale frå 2026, etter det NRK erfarer. Akkurat slik staten har ønskt.
Avgjerda kjem etter at Akademikerne og Unio tok ut fleire statstilsette i streik i vår. Streiken skapte blant anna trøbbel med å få seg pass, som følgje av at fleire politifolk var ute i streik.
Regjeringa greip etter kvart inn og avbraut streiken med tvungen lønnsnemnd.
Ein eller fleire avtalar
Det sentrale stridspunktet mellom arbeidstakarorganisasjonane og staten har altså ikkje vore sjølve innhaldet i dei reviderte hovudtariffavtalane, men kva slags avtalestruktur dei tilsette i staten skal vere underlagde.
Akademikerne og Unio meiner avtalen deira gjer at lønn kan brukast aktivt som verkemiddel for å lokke til seg den kompetansen ein treng lokalt. I tillegg har dei meint at ein felles avtale vil gi dårlegare lønnsutvikling for dei med høgare utdanning.
Akademikerne meinte på førehand det ville vere eit direkte angrep på organisasjonsfridommen og forhandlingsretten om organisasjonen ikkje fekk medhald i Rikslønsnemnda.
Akademikerne og Unio representerer blant anna politifolk, forskarar, legar, juristar, tannlegar og arkitektar.
Men Rikslønsnemnda si avgjerd skaper ikkje berre jubel i den leiren, etter det NRK kjenner til: dei gjer at Akademikerne og Unio sit at med ein pott på 2,7 prosent som dei kan forhandle om lokalt, og ikkje 2,9 prosent, som var utgangspunktet.
Streika for eigen avtale
Denne avgjerda frå Rikslønsnemnda har ei lang forhistorie.
Akademikerne og Unio braut tidlegare i år meklinga i statsoppgjeret, fordi tilbodet frå staten innebar at dei i praksis ville blitt fråtatt tariffavtalen Akademikerne fekk mens Erna Solberg (H) var statsminister, ifølge NTB.
Staten som arbeidsgjevar ønskjer å gå tilbake til ordninga frå før 2016, då det var ein hovudtariffavtale for alle organiserte.
Årsaka er eit ønske om kollektive avtalar som ikkje opnar for meir individuell lønnsutbetaling og auka lønnsforskjellar.
I tilbodet som LO og YS først aksepterte, blir det vidareført ein vesentleg del av hovudgrepet i Akademikerne og Unio sin avtale – 75 prosent av lønna skal fordelast lokalt.
LO-medlemmar sa nei
Men sjølv om LO Stat sitt forhandlingsutval godtok tilbodet frå staten, blei det nedstemt i uravstemminga før sommaren.
LO sine medlemmar vil nemleg ikkje ha ein tariffavtale som liknar for mykje på den Unio og Akademikerne har i dag, og som LO-medlemmene meiner overlèt for mykje av lønnsmidlane til lokal fordeling.
LO meiner resultatet av at det no finst fleire ulike avtalar med staten, har bidrege til «ulikelønnutvikling», der skeiv fordeling av lønnspotten skaper større ulikskapar og undergrev frontfagsmodellen.
Frivillig lønnsnemnd
Men i staden for å erklære konflikt og streik i sommar, valde LO Stat å be om frivillig lønnsnemnd.
I vår gjekk Akademikerne og Unio til streik i staten. Men regjeringa valde å gå inn med tvungen lønnsnemnd etter høvesvis ei og halvanna veke. Bakgrunnen for streiken var at staten kravde at ein skulle gå tilbake til ein enkelt tariffavtale for statstilsette.
Sidan 2016 har det nemleg vore to avtalar – éin for tilsette organiserte i YS og LO Stat, og ein annan for Akademikerne- og Unio-medlemmar.
LO Stat og YS ønsker også å gå tilbake til ein avtale, medan Akademikerne og Unio vil behalde avtalen sin.
Rikslønsnemnda har vore kopla på saka, sidan staten brukte tvungen lønnsnemnd for å avslutte streiken i Akademikerne og Unio.
I ein prosess som kan minne om ei rettssak, har nemnda nå køyrt tre ulike saker, nemleg ei sak mellom LO stat og staten, ei andre sak mellom Unio og staten og ei tredje sak mellom Akademikerne og staten.
Publisert 19.11.2024, kl. 21.21