Northug hardt ut mot Skiforbundet: – Kan vere vi går glipp av fantastiske karrierar

2 days ago 3


Skulle eg ha begynt å tenke på alt det der, så hadde eg jo berre blitt forbanna. Så det prøver eg ikkje å bruke så mykje energi på, seier Jan Thomas Jenssen.

Han har akkurat gjennomført ein fysisk test på rulleskimølla i Granåsen, og snakkar med NRK om landslagsvrakinga og konsekvensane av den.

28-åringen frå Hommelvika i Trøndelag fekk det etterlengta internasjonale gjennombrotet sitt som skiløpar for snart eit år sidan. Han kom inn som reserve på laget til verdscupopninga i Ruka – og gjekk heilt til topps i fellesstarten over 20 km fristil.

Helga etter steppa han inn som ankermann på det norske stafettlaget i Gällivare, og gjekk Noreg inn til siger. Under Tour de Ski hadde han beste etappetid då han gjekk inn til ein tredjeplass i jaktstarten i Toblach.

Men da Skiforbundet 24. april presenterte landslaga for 2024/25-sesongen, med VM på heimebane i Trondheim som det store høgdepunktet, var ikkje Jan Thomas Jenssen blant dei ti herrenamna på lista.

Jan Thomas Jenssen

VRAKA: Jan Thomas Jenssen stod øvst på pallen etter to verdscuprenn i fjor. Det var ikkje nok til landslagsplass.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

– Kunne øydelagt mykje rart

Eg var forbanna, ja. Eg kunne ha øydelagt mykje rart. Eg kjente eg hadde noko der å gjere.

Øydela du noko?

Nei, eg gjorde ikkje det.

Ein som forstår Jenssens reaksjon, er Petter Northug.

Eg kan kjenne meg veldig igjen i Jan Thomas, og det er frustrerande. Du føler at verda jobbar mot deg. Det kan vere demotiverande, seier Northug til NRK.

Han påpeikar at Jenssen ikkje var den einaste norske herreløparen som leverte på internasjonalt toppnivå sist vinter, utan å få landslagsplass som påskjønning.

Northug: – Kan knekke deg

Mattis Stenshagen, Henrik Dønnestad og Gjøran Tefre var alle på pallen i verdscuprenn, men utan å få tilbod om landslagsplass.

– Dei er der i karrieren at dei bør inn på landslaget. For snart er det for seint, og tida går veldig fort som toppidrettsutøvar. Og når du da ikkje har eit tilbod, så er jo det noko som kan knekke deg litt mentalt også, seier Northug.

Petter Northug i Livigno

VM-OUTSIDER: Petter Northug har sjølv eit ørlite håp om å få gå VM i Trondheim.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Burde dei fått eit betre tilbod frå Skiforbundet?

Dei burde absolutt ha fått eit betre tilbod.

Northug utdjupar:

Det kan jo vere at vi går glipp av nokre fantastiske karrierar, rett og slett. Dei kunne ha fått nokre fantastisk fine år som idrettsutøvarar, som dei går glipp av på grunn av at tilbodet til dei ikkje er godt nok, seier han.

Dette er ei bekymring som ikkje blir delt av leiaren i langrennskomiteen i Skiforbundet, Torbjørn Skogstad.

Eg er av den oppfatninga at desse løparane, så vidt eg kjenner til, har gode tilbod. Jan Thomas er på eit lag under paraplyen vår i organisasjonen vår. Så vidt eg kjenner til har dei tre andre valt å takke nei til Elon-lag og valt private satsingar, som dei meiner er betre, seier Skogstad.

Tefre er ein del av Team Aker Dæhlie, medan Stenshagen og Dønnestad er ein del av Team Swix.

Må betale eigendel

Så kva er fordelane med å vere på landslaget?

For det første får utøvarane oppfølging av trenarane og støtteapparata til landslaget. Dei får matche seg mot dei beste langrennsløparane i Noreg på samlingar som er dekt av Skiforbundet.

Landslagsløparane får også lønn, medan Jan Thomas Jenssen må betale eigendel for å få vere ein del av regionlaget Team Elon Midt-Norge. Han må også betale utgifter knytt til konkurransar.

Landslagsløparane er dessutan prioriterte i uttaka til dei første verdscuphelgane, som er viktige kvalifiseringsrenn til VM. Dette er det Jenssen likar minst.

Han meiner den nasjonale sesongopninga på Beitostølen kommande helg burde vore eit amerikansk uttak til verdscupopninga i Ruka. Altså at dei som går fortast på Beitostølen bør få verdscupbillett.

Sjølv om du er på landslaget, så kan du ikkje berre spasere inn på Beitostølen og tru du har ein friplass. Eg håpar ikkje dei tenker sånn, dei som skal ta ut laget heller. For eg meiner at nivået i Noreg er så stort at dei beste må få gå skirenn uansett, seier Jenssen.

Skogstad påpeikar at det trass i dette er mange løparar utanfor landslaget som får sjansen i verdscupen, som Jenssen for eit år sidan.

Grunngivinga: Økonomi og kvotar

Samtidig understrekar Skogstad at landslagsløparane er utvalde av ein grunn, nemleg at det er dei løparane landslagsleiinga har størst tru på at kan prestere i meisterskap.

Torbjørn Skogstad

FORSVARAR VRAKING: Leiaren i langrennskomiteen, Torbjørn Skogstad, meiner det er rett å berre ha ti herreløparar på landslaget.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Då må dei trenarane som vi legg eit stort ansvar på få lov å gjere prioriteringane sine med tanke på korleis dei trur den beste vegen til å bli gode og vere på topp når du kjem til Trondheim er, seier Skogstad.

– Men kvifor er det 10 og ikkje 14 løparar på landslaget?

Det har noko med økonomi og dei økonomiske rammene å gjere. Vi har veldig store forventningar til dei løparane vi tar ut på landslag i Noreg, både vi og folk flest. Da må vi vere trygge på at dei har gode rammevilkår rundt seg for å nå dei måla og forventningane som vi stiller til dei, seier Skogstad.

Komitéleiaren påpeikar at det også handlar om at Noregs grunnkvote i verdscupen ikkje er på meir enn seks løparar per konkurranse.

Jan Thomas Jenssen på rulleskimølla i Granåsen, høsten 2024

JOBBAR PÅ: Under oppsyn av trenar Kristian Skrødal (bak) gjer Jan Thomas Jenssen alt for å bevise at landslagsvrakinga var feil – og at han bør gå VM på heimebane i Trondheim.

Foto: Anders Skjerdingstad / NRK

Vil ha «faenskap»

Jan Thomas Jenssen har ikkje tenkt å la seg knekke av landslagsvrakinga. I staden har han bestemt seg for å bruke det som motivasjon – og å snu det til noko positivt.

Og det positive er at han har fått moglegheit til å fortsette samarbeidet med sin trenar Kristian Skrødal, i kjente omgivnader rundt VM-anlegget i Granåsen.

Eg har jo eit lag som betyr mykje for meg, og ein trenar som betyr ufatteleg mykje for meg. Å begynne å rokere om på det før ein VM-sesong er kanskje dumt. Så kanskje er det greitt at eg er her eg er akkurat no, seier mannen som drøymer om store ting i månadsskiftet februar/mars.

Draumen min er jo å ta medalje, seier Jan Thomas Jenssen.

Det er ein draum Petter Northug håper går i oppfylling.

Det er ikkje noko anna ønske enn at Jan Thomas nå slår tilbake, blir verdsmeister, og heile Hommelvika kjem med traktorane sine og lagar faenskap i Granåsen. Og at ein sånn type løpar viser vegen inn mot eit VM på heimebane, seier Northug.

Publisert 19.11.2024, kl. 21.46

Read Entire Article