Avgifta vil gjere Noregsferien dyrare – også for nordmenn. Dette er fleire skeptiske til.
Tysdag la regjeringa fram eit forslag der dei opna opp for at turistar må betale skatt i kommunar dei overnattar i.
Det er opp til kvar enkelt kommune om de vil innføre ordninga, som sikter på å dekke prisen lokalsamfunn betaler for turiststrøymane under høgsesongar.
Forslaget har skapt debatt blant landets kommunar og reiselivsaktørar.
- NHO Reiseliv er ikkje begeistra for den nye ordninga: – Vil gjere det dyrare å feriere i Noreg - også for nordmenn
Tommelen ned
Noregs største hyttekommune, Ringsaker kor Sjusjøen ligg, seier nei takk.
– Vi ønsker fleire besøkande. Eg trur ikkje ein slik avgift vil vere aktuell med det fyste, seier ordførar Kai Ove Berg (H).
Som Noregs største hyttekommune betyr reiselivet mykje for dei, seier han.
– Besøkande er ikkje opptatt av skattar og avgifter, men at ting er godt tilrettelagt for dei når dei besøker vår kommune.
– Vil ikkje ein turistskatt bidra til tilrettelegging?
– Mogleg, men før ein eventuelt vurderer å innføre turistavgift, vil det vere viktig at kommunen saman med våre proffe reiselivsaktørar vurderer korleis ein slik avgift vil bli oppfatta.
Bo Lindblad / BO LINDBLAD
Anne Marie Sveipe (H), Øyer
Ho seier ho i utgangspunktet er positiv til ein turistskatt. Samstundes er ho skeptisk til forslaget som ligg ute, og seier dei først må vurdere korleis ordninga vil slå ut for Øyer.
Sveip ➡️
Reidar Gregersen / NRK
Turid Backe-Viken (Ap), Trysil
Turid Backe-Viken seier at kommunen har vedtak om å greie ut eit besøksbidrag. Sidan ho ikkje har sett forslaget frå regjeringa, har ho førebels ingen kommentarar.
Sveip ➡️
NRK
Arne Fossmo (Ap), Ringebu
Det er for tidleg å gje nokre kommentarar.
Sveip ➡️
Aleksandr Nedbaev / NRK
Hans Olav Sundfør (H), Lillehammer
Sundfør seier han kan vurdere ein turistskatt, men at det er avgjerande at han ikkje får turistane til å reise andre plassar, og at inntektene blir brukte på fellesgode som kjem turistane til gode.
Sveip ➡️
NRK
Truls Gihlemoen (Frp), fungerande ordførar i Stange
– Eg er heilt klart negativ til ein slik ekstraskattlegging. Turisme er ein god inntektskjelde som man bør sjå på som ein fordel, og sørge for å hente inntektene frå turismen på andre måtar, seier Truls Ghilemoen (Frp).
Sveip ➡️
Bjørnar Morønning / NRK
Rune Støstad (Ap), næringspolitisk talsperson
– Fleire kommunar med høgt besøkstrykk har lenge etterspurt ein slik ordning, seier næringspolitisk talsperson Rune Støstad (Ap).
Han meiner turistskatten kan bidra til tillit mellom turistar og lokalbefolkning.
Høgre-ordførar er open
Men det finst Høgre-ordførarar som er meir positive til skatten.
Birgitte Gulla Løkken (H), som er ordførar i Larvik kommune, seier at det kan bli aktuelt å starte med ein turistskatt.
– Dersom turistskatten innrettast på ein balansert og fornuftig måte, som gjør at vi kan få dekket nokre av desse utgiftene, kan Høgre i Larvik vere innstilt på å vurdere innføring av ein turistskatt, seier Løkken.
Onsdag skal Larvik kommune sjå på eit munnleg forslag om turistskatt som kom under budsjettbehandlinga i fjor.
Løkken seier at det òg kan vere negative sider med å innføre ein slik skatt.
– Desse må vurderast opp mot fordelane når innretninga på ein slik skatt blir kjent.
Fleire ordførarar treng tid
I Sigdal kommune har ikkje ordførar Vebjørn Aasand Seljord (Sp) vurdert skatten, men han er open for at den har gode og dårlege sider.
– Ein kan satse meir på reiselivet og få lagt meir til rette for turisme. Vi må klare å handtere det på ein god måte. Ulempene vil jo vere at det blir ein økt skattleggingsbelastning på både overnattingsstader og turistane, seier Seljord.
– Det kan jo føre til at det blir skilnader kommunane imellom, all den tid det er frivillig for kommunane å innføre det.
Bør kommunane seie ja til å innføre turistskatt?
Ein ekstra avgift
Marknadssjef Espen Stensvold Rønning i Alpinco, som held til i Hafjell og Kvitfjell, er førebels ikkje positiv.
– I praksis er dette eigentleg ein ekstra moms som kjem på toppen av eit allereie høgt momsnivå for reiselivet. Så det blir eit lite treffande tiltak, slik me ser det.
Han tek atterhald om at han ikkje har fått lese alt, og difor ikkje sett seg grundig i konsekvensane for Alpinco.
Rønning seier han er spent på kva som skjer vidare, og at det er naturleg å ha ein god dialog med kommunane dei held til i om turistavgifta.
Atle Hovi i Beitostølen Resort seier han er positiv, så lenge pengane går til ein pott som kjem turistane til gode.
Dette kan til dømes vere vedlikehald av skiløyper eller liknande.
Publisert 20.11.2024, kl. 16.03