2024 blei nok eit kriseår for krona.
– For det første så er jo privatpersonar fattigare, og staten er rikare, seier økonomiprofessor Kjetil Storesletten ved University of Minnesota om konsekvensane av den svake krona.
Sjølv om fleire økonomar har argumentert med at ein stadig større skilnad mellom norske og utanlandske renter skulle tilseie at krona skulle styrke seg i år, har ho svekka seg gjennom året.
- Dollaren og pundet kostar nå 10 prosent meir enn ved årsskiftet.
- Euroen er 5 prosent dyrare enn ved starten av året.
Og sommarferien blei dyr for alle som drog til Syden. I juli bikka euroen 12 kroner.
Økonomiprofessoren meiner at viss Noregs Bank hadde ønskt seg ei sterkare krone, kunne dei sett opp renta.
– Viss dei hadde sett opp renta med eitt eller to prosentpoeng, trur eg det ville gjort underverk, seier han.
Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån
– Slapp pengepolitikk
Noregs Bank har ikkje noko mål for krona. Sentralbanken er likevel opptatt av krona, fordi ho har betydning for prisveksten og aktiviteten i norsk økonomi.
Når sentralbanken legg fram renteavgjerda torsdag formiddag, er det venta at styringsrenta blir liggande på 4,5 prosent.
Viss Storesletten fekk bestemme, hadde renta vore mykje høgare for å styrke kronekursen.
Høgare rente vil normalt sett gi ei sterkare krone, fordi det blir meir attraktivt å investere i norske kroner samanlikna med andre valutaar.
– Vi er i urolege tider, og da får små valutaar bank. Men det er au fordi vi fører ein ganske slapp pengepolitikk, meiner han.
Men sjeføkonom Torbjörn Hållö i LO i Sverige er skeptisk.
Svenskane har kutta renta fleire gonger, men sjølv om rentedifferansen har auka, har ikkje den norske krona styrka seg mot den svenske.
– Eg brukar å seie at valutakursen er ikkje ei likning, men eit narrativ. Det er ikkje slik at dersom du hevar eller kuttar renta, så får du ein automatisk effekt på valutakursen. Den rører seg litt «all over the place», seier han.
Sjekk hva det koster
Fra danske kroner
Til norske kroner
157,65Valutakurser fra Norges Bank.
Siste kurs fra 18.12.2024
Ein ny normal
Onsdag kveld rettar mange økonomar blikket mot USA. Då kjem renteavgjerda frå den amerikanske sentralbanken (FED). Det er venta at amerikanarane kuttar renta med 0,25 prosentpoeng til intervallet 4,25 til 4,50 prosent.
Det er første gong på fleire år at den amerikanske renta er lågare enn den norske.
Makro- og valutastrateg Sara Midtgaard i Nordea trur ikkje rentekuttet vil påverke krona på kort sikt.
Så mykje kostar ein dollar nå:
– Marknaden har allereie prisa inn at det kjem rentekutt. Viss det hadde kome som ei overrasking, kunne det fått effekt på kronekursen, seier ho.
Midtgaard trur kronekursen kjem til å vere svak lenge og peiker på at norsk økonomi har endra seg frå 2014 – då éin euro kosta 8 kroner.
– Før 2014 hadde vi ein vesentleg sterkare veksttak enn andre land. Nå er vi i ei anna tid, og oljeinvesteringane sin del i norsk økonomi har for eksempel falle. Vi skil oss ikkje ut på same måte som før, seier ho.
Sjeføkonom Kjersti Haugland i DNB trur vi må vende oss til at kronekursen vi har i dag er den nye normalen.
– Vi må bli vande med å betale rundt 12 kroner for éin euro, fordi norsk økonomi er annleis enn han var for eit tiår tilbake, seier ho.
Publisert 18.12.2024, kl. 17.43