Laurdag skal Hamas og Israel ha ei ny overlevering av gislar og fangar, som del av våpenkvileavtala.
Direktebilete frå staden laurdag morgon viser to gissel vert overleverte til Røde Kors.
Ifølge Reuters er det Tal Shoham og Avera Mengisto.
På bileta kan ein sjå at dei to vert tekne ut av ein bil, før dei vert følgde opp på ei scene. Deretter vert dei frakta inn i Røde Kors-bilar.
Der skal Hamas overlevera seks israelske gislar, som så skal fraktast vidare til Israel.
Hamas seier at dette er gislane som skal lauslatast:
- Eliya Cohen
- Omer Shem Tov
- Tal Shoham
- Omer Wenkert
- Hisham al-Sayed
- Avera Mengisto
Til gjengjeld skal Israel slippa fri 602 palestinarar, ifølge nyheitsbyrået AFP.
Planen er at Røde Kors skal henta to gislar i Rafah og fire andre sentralt på Gazastripa, skriv NTB.
Massivt oppbod
Direktebilete frå staden viser særs mange væpna Hamas-soldatar ved overleveringa i Rafah.
Der heng òg propagandaplakatar med mellom anna bilete av israelske soldatar.
Del av våpenkvileavtala
Dette er den siste utvekslinga av gislar og fangar i fyrste fase av våpenkvileavtala mellom Hamas og Israel.
Nøyaktig kva som står i avtala, er ikkje offentleg kjent. Fleire utanlandske medium har likevel kjeldeopplysingar på kva som står der.
I fyrste fase av avtala skal:
- 33 israelske gislar lauslatast
- 30 palestinske fangar skal lauslatast for kvar frigitte gissel. 50 palestinske fangar skal lauslatast for kvar kvinnelege israelske soldat som vert sett fri.
- Israel skal gradvis fjerna styrkane frå folkesette område i Gaza, men dei skal framleis ha kontroll på grensa mellom Gaza og Egypt.
- 600 lastebilar med naudhjelp skal sendast inn i Gaza dagleg.
Vil du lesa meir om våpenkvileavtala og dei neste fasane?
Sjuande utvekslinga
Dette er den sjuande utvekslinga av fanger og gissel mellom Israel og Hamas sidan 7. oktober 2023.
445 av desse er personar arresterte på Gazastripa etter denne datoen. 50 av dei sonar livstidsdomar, ifølge nyheitsbyrået.
Publisert 22.02.2025, kl. 08.51 Oppdatert 22.02.2025, kl. 08.53